Norsk dobbelmoralLista over selskap som Oljefondet boikottar, vert stadig lengre. Det kan få vonde konsekvensar.

Lista over selskap som Oljefondet boikottar, vert stadig lengre. Det kan få vonde konsekvensar.

Noreg og Natos forsvarsstrategi er bygd på atomparaplyen. Men Noreg nektar å finansiera atomvåpenindustrien.
Noreg og Natos forsvarsstrategi er bygd på atomparaplyen. Men Noreg nektar å finansiera atomvåpenindustrien.
Publisert

Kontrafaktiske spørsmål skal ein vera varsam med, men om ein spør kvifor det ikkje har vore krig i Vest-Europa etter 1945, er atombomba – «den store fredsskaparen» som Thatcher kalla ho – eit nærliggjande svar, vil mange hevda. Takk vera bomba har vi jamt og trutt kunne redusera forsvarsbudsjetta og halda grensene intakte med liten eller ingen våpeninnsats. Freden og fridomen har vorte noko sjølvsagt.

Så sjølvsagt er fridomen vorten at vi har byrja å moralisera overfor dei som garanterer denne fridomen. Ja, ikkje berre moraliserer vi overfor dei som lagar våpena vi er avhengige av, vi har òg byrja å straffa produsentane økonomisk. Ved å straffa våpenprodusentar straffar vi oss sjølve òg.

Noreg er ein militær dverg og ei økonomisk supermakt. Statens finansformue er no på over 11.000 milliardar kroner, og Oljefondet åleine er no på over åtte billionar. Men oljeformuen kunne ha vore endå større om vi i staden for å vera etiske, hadde investert i alle typar selskap. Om vi dei siste ti åra hadde investert i alt som var børsnotert rundt omkring i verda, ville verdistiginga i Oljefondet i 2016 ha vore 1,1 prosent høgre enn han var, skriv Oljefondet i årsrapporten.

Ut av ti selskap til

Førre veke kom det fram at Oljefondet skal trekkja seg ut av ti nye selskap. Mellom desse er Honeywell som produserer komponentar til atomstridshovud. Lista over alle selskapa som Noreg har trekt seg ut av, vert stadig lengre. Og det vert også lista over paradoksa i statens investeringsstrategi.

Tak Folketrygdfondet som er Noregs største aksjefond her heime. Fondet eig til dømes 10 prosent av Norwegian, ei investering som har vore særs lønsam for staten. Kven kjøper Norwegian flya frå? Boeing. Det er ikkje få norske ministrar som har vore med Bjørn Kjos på PR-turnear til flyfabrikken til Boeing i USA. Så seint som i november 2016 kunne ei gledesstrålande Ine Eriksen Søreide fortelja at staten hadde gått inn ein kontrakt med nett Boeing om å kjøpa fem nye Poseidon-fly som skulle erstatta dei gamle Orion-flya. Noreg har gjeve solide tilskot til veksten i verdien av Boeing-aksjen. Men har vi aksjar i Boeing? Nei. Det syner seg nemleg at Boeing også driv med forsvarsmateriell av ein type som Oljefondets etiske råd ikkje liker.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement