JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Noregs mest utakknemlege verv?

Det kan nok vere utakknemleg å vere parkeringsvakt eller billettkontrollør. Men får dei meir kritikk enn ein lokalpolitikar?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5777
20221104
5777
20221104

Med ujamne mellomrom vert eg kalla inn til eit fredagspanel som oppsummerer og diskuterer saker frå veka på lokalradioen NRK Sogn og Fjordane. Temaa varierer frå store hendingar ute i verda til vêrmeldingar og lokale hendingar i helga, slik det skal vere på ein lokalradio.

Førre fredag var det min tur igjen. Av fire saker vi fekk på bordet, var to av dei slik: Fyrst ei sak frå Sogn Avis om at sjukeheimsbuarar ikkje lenger får ha sjokolade og kjeks ståande framme i fellesareala på kvardagar. Dei får framleis fire måltid med dessert til middag kvar dag. Likevel: «overgrep av verste sort», «tornar» lokal Frp-politikar i lokalnytt.

Sak to: Fjordenes Tidende har «avslørt» at toppolitikarar i Stad kommune reiste på tur til Hotel Union Øye for å få arbeidsro til å finne dei naudsynte budsjettkutta på over 76 millionar kroner. Det billegaste rommet på dette hotellet kostar over 2000 kroner natta.

I etterkant har eg vorte gåande og tenke på desse to sakene, og kor gode døme dei er på kvifor eg ser på det som lite freistande å sette namnet mitt på ei partiliste før kommunevalet neste år. For er det ikkje berre utakk å få, same kva ein gjer? Kva er det som får folk til å bruke tida si og sette namnet sitt under kuttforslag som garantert vil verte upopulære?

Politikarfaget

Der og då vart eg uvanleg taus kring hotellsaka. For kor hardt skal ein eigentleg ta politikarar som gjer dritkuttejobben? Sjølvsagt kunne dei ha valt eit billegare hotell, eller dei kunne halde seg heime, men kva veit eg eigentleg om det?

Ein annan som ikkje ville konkludere for hardt om det, var Jacob Nødseth, som òg sat i panelet. Han er nemleg mangeårig lokalpolitikar i tidlegare Flora og no Kinn, og veit – som han sa – kor frustrerande det er når folk frå andre kommunar har meiningar om korleis vi gjer ting i Kinn kommune, noko dei eigentleg ikkje har peiling på.

«Uansett kva ein gjer, så vert ein kritisert», fortalde Nødseth. Om ein vel å prioritere vekk møte utanfor kommunen til fordel for møte innanfor eller tvert om, så er det nokon som ser noko feil ved det ein vel å gjere eller ikkje gjere.

Og har ein sett foten innanfor den offentlege rolla eit politisk verv er, må ein jo tole kritikk. Og å verte motsagd. Og retta på. Det er jo difor vi har media – og sosiale medium, som gjev oss alle høve til å vere så kritiske som vi berre vil, heile tida.

Det som gjekk opp for meg medan eg høyrde lokalpolitikaren Jakob Nødseth prøve å uttale seg høveleg strengt mot andre lokalpolitikarar, var rett og slett at dette er eit fag. Å drive lokalpolitikk er eit fag, endåtil eit vanskeleg eitt. Og vi skal ta politikarar for alt det er verdt, på saker og politikk og pengebruk, men kan vi ikkje prøve å samstundes respektere dei for den kunnskapen dei har om å drive ein kommune?

Handlingsrom viktigast

52 prosent av lokalpolitikarar har opplevd hatytringar, trugslar eller plagsame førespurnader, ifylgje rapporten «Lokaldemokrati og lokalpolitikeres arbeidsvilkår», som Telemarksforsking presenterte på vegner av Kommunal- og distriktsdepartementet i mars i år. Éin av tjue lokalpolitikarar har opplevd at nokon har truga dei eller nokon av deira næraste. Det er for mange.

Likevel oppgjev fleire at manglande handlingsrom, innflytelse og arbeidsvilkår er større hinder for å halde fram i lokalpolitikken enn trugslar og hatytringar. Skal vi legge til rette for gode folk i lokalpolitikken, må vi kanskje legge vekk nokre twistbitar til fordel for dei store spørsmåla av og til: Vi kan godt diskutere hotellovernattingar og twistposar, men ikkje dersom det kjem i staden for diskusjonar om dei grunnleggande vala og kor dei store pengane vert av. Diverre trur eg ofte det er det som skjer.

I undersøkinga frå Telemarksforsking svarar om lag ein tredjedel av kommunestyrerepresentantane at dei brukar over 50 timar i månaden på vervet sitt. Dei to andre tredjedelane fordeler seg om lag likt på 0–24 og mellom 24 og 50 timar. Høgst timetal har – eg hadde nærast sagt heldigvis – dei politikarane som er frikjøpte til arbeidet. For om kommentarfelta renn over av sikkert velmeinte forslag om kutt i administrasjon og politikarløner, svarar berre ein tredjedel av politikarane sjølve at dei føler godtgjersla dei mottek, står i forhold til jobben dei gjer.

Heia, heia

Ja, det vert utført mykje gratisarbeid for at du og eg skal få vedtatt byggesøknaden går og definert kor lenge gatelysa skal stå på, og altså kva slags godteri kva slags eldre skal få til kva slags tider. Dersom du trur det ikkje er valår i år, er det truleg fordi du ikkje står – eller kan tenke deg å engasjere deg i kven som står og ikkje står – på ei partiliste til eit kommuneval. I partia er det mange mobiltelefonar som går raude no, når dei prøver å fylle opp listene med ikkje berre kvantitet, men gode, motiverte folk til kommune- og fylkestingsval neste haust. Folk som skjønar kva det inneber, som skjønar systemet, kva som må gjerast, og korleis ein skal få det til. Det er ikkje lite, det.

For meg synes det som ei umogleg oppgåve å skulle be folk stille seg midt i skotskiva.

Heldigvis syner Telemarksforsking at det ikkje er så svart som eg vil ha det til: Tvert om svarer 75 prosent av lokalpolitikarane dei har snakka med, at dei kjenner seg «meget eller svært motivert» til å halde fram det politiske arbeidet.

Det er jo bra. Lat oss snakke om det òg innimellom: Demokrati er det beste vi har, og aller, aller viktigast og tøffast og best er lokaldemokratiet. Heia alle dykk som står på lister – eg kjem berre til å røyste på nokre få, men eg støttar dykk alle.

Siri Helle er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis