Noreg skal verta grønare

Venstresida har lagt Jens, Kåre og Gro i komposthaugen.

Gruppa frå Ap, Sp, SV og MDG som har laga notatet Grønn vekst for framtida, gjer det klart at målet er å halvera utsleppa av klimagassar i Noreg innan elleve år. Det svarar til dei samla utsleppa frå olje- og gassnæringa, heile industrien og landbruket.
Gruppa frå Ap, Sp, SV og MDG som har laga notatet Grønn vekst for framtida, gjer det klart at målet er å halvera utsleppa av klimagassar i Noreg innan elleve år. Det svarar til dei samla utsleppa frå olje- og gassnæringa, heile industrien og landbruket.
Publisert

Grønn vekst for framtida heiter eit nytt notat som alle opposisjonspartia på Stortinget utanom Raudt har fått laga i regi av tankesmia Agenda. Det er nokså langt vekk frå det Jens Stoltenberg stod for. Han har neppe godt av å lese notatet, for her er det stat opp og ned på kvar side. Den aktive næringspolitikken og subsidiane er attende. Det vi skal leva av i framtida, er eit subsidiert klimaskifte.

Stoltenberg var ein annan stad. «Oljen vår vil vare 50–100 år til, og jeg mener vi derfor kan si veldig lite om hva vi skal leve av da. Du kan spekulere og resonnere, men de menneskene som sier noe om dette i dag, de bør du egentlig ikke stole på. De får godt betalt for mye sludder», fortalde den dåverande statsministeren til ei gruppe studentar ved NTNU i 2012.

«Hadde noen sagt i 1990 at Televerket skulle bli noe av det mest profittgenererende vi kunne få i dette landet, ville de blitt sett på som idioter», sa han vidare. Og: «Jeg sier altså at jeg ikke vet hva vi skal leve av, men det er beroligende – ikke bli urolig.»

Barth Eide angrar

Det Stoltenberg ikkje visste, veit Espen Barth Eide, som har stått i spissen for arbeidet. Alt det andre avsnittet syner at venstresida på Stortinget har funne vegen: «Notatet tar til orde for en retningsgivende og bærekraftig nærings- og industripolitikk som støtter opp om tydelige klima- og miljømål, og som sikrer rettferdig omstilling, fordeling av gevinster, bærekraftig velferd og arbeidsplasser i hele landet.»

Gruppa gjer det klart frå starten at målet er å halvera utsleppa i Noreg innan elleve år: «Men det haster å gjøre norsk økonomi enda mer klima- og miljøvennlig. Som FNs klimapanel advarte om i 2018, har vi 11 år på oss til å halvere verdens utslipp av klimagasser.» Det svarar til dei samla utsleppa fra olje- og gassnæringa, heile industrien og landbruket. Altså det vi lever av og et. Det lyt vi seia er eit ambisiøst mål på elleve år.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement