Noreg har feil type rikingar

Vi vil ikkje at Noreg skal vert eit Putinstan dominert av rike oligarkar med urimelege fordelar, men det er kan henda det som skjer.

RETT RIKING: Trond Mohn, her t.h. med statsministeren på idrettslaget Gneists haustkonferanse 2018, er Noregs favorittkapitalist. Milliardar av fortenesta hans har gått til idrett, forsking og ålmennyttige føremål.
RETT RIKING: Trond Mohn, her t.h. med statsministeren på idrettslaget Gneists haustkonferanse 2018, er Noregs favorittkapitalist. Milliardar av fortenesta hans har gått til idrett, forsking og ålmennyttige føremål.RETT RIKING: Trond Mohn, her t.h. med statsministeren på idrettslaget Gneists haustkonferanse 2018, er Noregs favorittkapitalist. Milliardar av fortenesta hans har gått til idrett, forsking og ålmennyttige føremål.
Publisert

Fyrst ei åtvaring: Dette vert ein unyansert og altfor oppsummerande artikkel, men vi kan kanskje sjå ein slags tendens likevel. I alle høve: Skattelistene er her, og som alltid syner dei altfor låge formuar. Skattesystemet tryllar vekk mykje reell rikdom. Du treng berre sjå på likningsverdien av din eigen bustad for å forstå det.

Det er nok mange som ikkje liker at det finst verkeleg rike, dei opplever det som urettvist, men den utriveleg sanninga er at vi treng rikingar. For rikingar kan driva i stor skala, og det er dei verkeleg store verksemdene som er mest produktive. Hadde Ikea vorte delt opp i tusen uavhengige møbelsenter, ville prisane garantert vore mykje høgre, og vi som kjøper møblar der, fattigare. Stordrift gjev høve til god logistikk og høgt produksjonsvolum per tilsett, og god logistikk og effektive arbeidarar gjev mykje høgre produktivitet.

Men samstundes vil vi at det skal vera like høve til konkurranse. Når reglane er sams og fotballbana flat og jamn, er det spelaren med størst talent som når lengst. Det gjev betre underhaldning. Eit nøytralt skattesystem i kombinasjon med velfungerande innhenting av skatt, støtta opp av eit nøytralt og effektivt rettssystem, er ein garantist for lik konkurranse. I Noreg er vi av og til med rette stolte over at vi tilbyr ein økonomisk arena som gjev dei mest talentfulle og mest hardtarbeidande høve til å samla i hop kapital, ein kapital som i teorien vert investert i endå meir lønsame og høgproduktive verksemder.

Det er ikkje utan grunn Trond Mohn er Noregs favorittkapitalist. Verksemda far hans bygde opp, har vore verdsleiande på effektive røyr- og pumpesystem, ei verksemd sonen utvikla vidare med høg forteneste, ei forteneste som i stor grad har gått til ålmennyttige føremål. At han no har selt verksemda ut av landet, får så vera.

To ting

Det er særleg to ting vi prøver å oppnå med skattesystemet: risikovilje og nyskaping. Båe delar skal i teorien føra til at vi alle vert rikare og får meir velferd. Dei som investerte stort i lakseoppdrett i 1980-åra, skapte ei næring som no eksporterer for 70 milliardar i året, og dei som kjøpte opp konkursbua etter dei som satsa fyrst, investerte massivt i teknologi som gjorde arbeidarar overflødige, og desse arbeidarane har vi i ettertid hatt god nytte av andre stadar i samfunnet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement