JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Nordmennene som forsvann

Det er mest sannsynleg at det var inuittane som utrydda den norrøne busetnaden på Grønland, hevdar historikar i ny bok.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
På Grønland var det norrøn busetnad frå 985 til 1420. Men så forsvann dei.

Foto: Christian Koch Madsen / AP Photo / NTB scanpix

2820
20190712
2820
20190712

Historie

ottar@dagogtid.no

Det er konklusjonen i mellomalderhistorikaren Arnved Nedkvitnes nye bok Norse Greenland: Viking Peasants in the Artic.

Han legg med andre ord større vekt på inuittane enn på klimaet.

Boka fekk fyldig omtale i danske Weekendavisen i juni, og meldaren refererer mest – utan særleg kritikk – av Nedkvitnes konklusjon. Men det vert slått fast at det som kjem fram i boka, er kontroversielt, for Nedkvitne er svært kritisk til Nationalmuseets danske arkeologar.

Tidlegare i år hadde han ein kronikk i danske Forskerzonen om lagnaden til den norrøne busetnaden. På Grønland var det norrøn busetnad i over 400 år, det vil seia frå år 985 til 1420. På det meste skal det ha budd 2500 personar der. Så forsvann dei, og i ettertid har forskarar undra seg på kva som skjedde med dei.

Det har vorte vist til at den norrøne busetnaden overlevde av di Grønland opplevde ein periode med oppvarming fram til 1250. Etter den tid vart klimaet kjøligare. Arkeologar har meint at matvareproduksjonen vart redusert så mykje at helsetilstanden vart vesentleg dårlegare.

Nedkvitne skriv at fram til 1260 hadde ikkje den norrøne busetnaden eksterne fiendar. Dei heldt til sør for Diskobukta fram til 1260 – i god avstand til jaktområda til inuittane. Men seinare trengde inuittane seg lenger sørover og inn på jakt- og buområdet til den norrøne busetnaden.

I meldinga av boka i Weekendavisen vert det vist til Hans Egede, som den dansk-norske kongen sende til Grønland i 1721. Der hadde han ei svak von om å finna nordmenn. I dagboka frå 5. mars 1722 fortel Egede om ein episode der han midt på natta vart vekt av ein åndemaningsseanse. Seinare, då han hadde lært seg språket, spurde han kva dette skulle tyda. Han fekk til svar at folk frykta at nordmennene var komne tilbake for å ta hemn etter at inuittane hadde drepe dei gamle norrøne busetjarane. Difor utførte inuittane angakok-ritual, som skulle påføra nordmennene uhell. Men dei torde ikkje gå til åtak.

Året etter, i 1723, spurde Egede nokre inuittar frå fjordane ved Nuuk om dei norrøne ruinane. Då fortalde grønlendarane at nordmennene vart overrumpla og drepne av forfedrane til inuittane.

Desse to historiene var med i Egedes dagbøker frå 1738, men ikkje i den utgåva som kom i 1925.

Det var det ein grunn til, nemleg striden om Grønland mellom Noreg og Danmark, meiner Nedkvitne.

«Det er i lys av det Nedkvitne ser sensuren av Egedes dagbøker», heiter det i Weekendavisen.

«Dersom klimaet skal ha øydelagt livsgrunnlaget på Sør-Grønland, kvifor skjedde ikkje det same i Vest-Noreg på same breiddegrad ved same hav og med den same næringskulturen?» spør Arnved Nedkvitne i den nye boka.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis