No må vi kutta CO2 her heime

Frå 1. januar 2019 la EU om kvotesystemet. Dei har gjort det lønsamt å taka kutta heime i staden for ute. Stoltenberg-lina er død.

Di fleire slike Noreg byggjer ut, di mindre utslepp får EU i framtida. Her Midtfjellet vindpark i Fitjar kommune.
Di fleire slike Noreg byggjer ut, di mindre utslepp får EU i framtida. Her Midtfjellet vindpark i Fitjar kommune.
Publisert

EUs kvotesystem har vore enkle saker, så enkelt at til og med ein skarve journalist kunne forstå det. Men no er alt endra, og det heile verkar uforståeleg. Lat oss likevel gjera ein freistnad: Professor Peter Birch Sørensen ved Københavns universitet er kan henda Danmarks både beste og mektigaste samfunns-
økonom. Han har leidd det som finst av danske økonomiske råd og klimakommisjonar, han har òg vore medlem av den norske produktivitetskommisjonen etter fyrst å ha leidd den danske.

Sørensen har nær sagt sjølvsagt òg forska på EUs nye kvotesystem. Særskilt interesserte kan søkja opp artikkelen «National Climate Policies and the European Emissions Trading System». Dette vert vanskeleg, men for å taka konklusjonen med ein gong: Før var det slik at det var mest lønsamt å lata andre land, det vil seia Aust-Europa, taka kutta i EU. No er det mest lurt å taka kutta heime. Gjer dykk klare for fleire vindturbinar, fleire elektriske ferjer og meir elektrifisering på sokkelen. Stoltenberg-lina tapte, Bellona og MDG vann.

Pest eller kolera

Vi møter Sørensen på det gamle kommunale kolerasjukehuset i København. Sidan koleraen no er utrydda, har samfunnsøkonomane teke over. Eg bed han fyrst forklara det gamle kvotesystemet som vart laga i 2005.

– Opphavleg laga EU eit system for kor mange CO2-kvotar ein ville skriva ut kvart år. Den mengda skulle så systematisk verta nedjustert over tid. I startfasen overlèt ein til enkeltstatane å laga desse kvotane. Kvart einskilt land var uroleg for at det kunne verta for få kvotar til eigen industri. Difor vart det skrive ut altfor mange kvotar. Prisen gjekk difor rett til null, i mange land vart det gratis å sleppa ut CO2 i kvotepliktig sektor.

Slik kunne ein ikkje ha det, og EU-kommisjonen fekk makta.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement