Økonomi

Nedsidene ved noregspris

Noregsprisordninga vil sparke bein under straumsparing og energieffektivisering og gjere prisen høgare for dei utan straumstøtte, seier økonomiprofessor Lars Sørgard.

Frå 1. oktober kan straumen koste 50 øre per kilowattime for hus- og hytteeigarar som vel straumstøtteordninga noregspris.
Publisert Sist oppdatert

Onsdag denne veka vart det mogleg å velje noregspris på straum. Noregspris er ei friviljug straumstøtteordning som gjev fastpris på 50 øre per kilowattime, inkludert moms, ut 2026. Ordninga gjeld for bustader og fritidsbustader og trer i kraft frå 1. oktober.

Det verkar som råda til forbrukarane er nokså samstemte: Etter straumprisane i fjor å døme vil noregspris vere klart lønsamt for husstandane på Austlandet, Sørvestlandet og Vestlandet, men ikkje i Nord-Noreg og kanskje ikkje i Midt-Noreg.

Men det finst også dei som er kritiske til heile ordninga. Økonomiprofessor Lars Sørgard ved Norges Handelshøyskole er ein av dei. Sørgard leidde Energikommisjonen, som la fram rapport i 2023.

– Kva er den fremste innvendinga di?

– Det er at ordninga sparkar bein under energieffektiviseringa, og det i ei tid då kraft er ein knapp ressurs. I tillegg skapar ho utfordringar for heile kraftsystemet. Vi har jo hatt episodar med pristoppar på 13 kroner per kilowattime, og no kan vi få fleire av dei ut til resten av marknaden. Timane med knappleik kan kome oftare fordi forbruket kjem til å auke, og fordi vi tek vekk insentivet til å flytte forbruk til andre tider på døgnet.

– Er det ikkje litt avgrensa kva private kan bruke av straum totalt?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement