Leiar
Nok ein OL-debatt
Sturla Holm Lægreid, vetle Sjåstad Christiansen og Quentin Fillon Maillet under 15 km fellesstart for menn i skiskyting under vinter-OL i Milano.
Foto: Heiko Junge / NTB
«Vi hører hjemme i toppen av de store mesterskapene. Da må vi ta debatten om å være vertskapsland for OL igjen», skreiv statsminister Jonas Gahr Støre på Facebook etter at Noreg hadde sett ny medaljerekord i eit vinter-OL.
No er han og kulturministeren «åpne for å sette seg ned med idretten i tiden som kommer». Regjeringa har late seg begeistra av alle medaljane under OL i Italia.
Idrettsleiinga er ikkje vanskeleg å be. Idrettspresident Zaineb Al-Samarai meiner det er naturleg at Noreg arrangerer OL. Meir uventa er det at SV er positive: «OL er en folkefest. Jeg er imponert over de norske utøverne og det hadde selvsagt vært artig å se dem på hjemmebane», seier Kirsti Bergstø til VG.
Ho får støtte av Venstres stortingsrepresentant Grunde Almeland, som synest det vil vera «kjempegøy» med eit OL om idretten tek initiativet. Arild Hermstad i MDG ønskjer at kvar generasjon bør få oppleva OL på heimebane, men vil ikkje at leikane skal sponsast av dei som øydelegg klimaet.
Ein etter ein stod dei altså fram og var positive, men sjølvsagt med ulike atterhald. Høgre òg, som for ti år sidan rosverdig takka nei til OL i Oslo. Brått er OL til Noreg tema att, sjølv om det aldri var tema i valkampen for eit halvt år sidan.
Dette er olympisk augneblinkspopulisme. Men tre parti har ikkje late seg riva med. Frp, KrF og Raudt. Frp kom med ei nøktern tilbakemelding: «Vi skal prioritere det viktigste først, ikke bruke milliarder på en 14 dagers idrettsfest», sa Sylvi Listhaug til VG. Det var fornuftig tale.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.