Nyhendeanalyse
Nye takter frå Berlin
Eigentleg er kanslar Friedrich Merz ein traust konservativ. Men i utanrikspolitikken er han i ferd med å gjere store endringar.
Europa rustar opp: 14. februar underteikna Noreg og Tyskland ein historisk forsvarsavtale. «Vår viktigaste allierte», kalla den tyske forsvarsministeren Noreg då. Men på heimebane er det sterk motstand mot opprustinga.
Foto: Michael Bihlmayer / Reuters / NTB
Om det var dette han såg for seg då han blei vald til tysk kanslar i fjor, er usikkert: Kristelegdemokraten Friedrich Merz er konservativ, USA-venleg og ein sterk støttespelar for Israel. Likevel kan han bli ståande i historia som kanslaren som på kort tid endra føresetnadene for tysk tryggingspolitikk, ved å trekke Tyskland lenger vekk frå USA, nærmare Israels konkurrentar i Midtausten.
– Verdsordninga, mangelfull som ho var også på sitt beste, finst ikkje lenger, erklærte han då han opna tryggingskonferansen i München førre helg.
Samstundes opna han for at Frankrike skulle ta større ansvar for å verne Tyskland i tilfelle atomkrig. I dag er det USA som har dette ansvaret. I den same talen kritiserte Merz ope den amerikanske haldninga til Europa.
Merz i Midtausten
Veka før hadde Merz reist til Midtausten. Målet var å sikre landet nye partnarar no når USA er mindre påliteleg. Kanslaren lova å gjere det enklare å eksportere våpen til land som Saudi-Arabia, som Tyskland i mange år ikkje ville eksportere våpen til.
Endringa blir sterkare om ein ser mot Israel: I fjor sommar stansa den tyske regjeringa eksporten av våpen som kunne nyttast på Gazastripa. Også dette var eit viktig signal frå Tyskland, som av historiske årsaker har vore ein sterk støttespelar for Israel. Avgjerda forsvarte han i ein podkast førre onsdag. Israel drog han ikkje innom i denne omgangen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.