EU

EU-aktivistar ser mot Island

Islands regjering planlegg folkerøysting om EU-forhandlingar. Ein fornuftig framgangsmåte også i Noreg, meiner Europarørsla. Ein taktisk manøver frå jasida, svarer Nei til EU.

Islands statsminister Kristrún Mjöll Frostadóttir planlegg folkerøysting om EU-forhandlingar. Her i lag med statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) i statsministerbustaden i Oslo.
Publisert Sist oppdatert

Både ja- og neifolk ser for tida mot Island. Sidan slutten av 2024 har Islands regjering styrt etter ei plattform som lovar å gjennomføre ei folkerøysting om å ta opp att forhandlingane om EU-medlemskap.

Det islandske Alltinget ventar no på at utanriksministeren skal ta det første steget i prosessen, som er å leggje fram eit forslag for parlamentet.

– Utan at eg sit på inn­si­de­in­for­ma­sjon, trur eg re­gje­rin­ga vil hal­de fol­ke­røys­tin­ga hel­ler før enn sei­na­re, sa alltingsrepresentant Pawel Bar­to­szek til Dag og Tid nyleg.

Dersom partia på Alltinget røystar slik dei har signalisert, og ikkje stikk kjeppar i hjula for regjeringa, kan folkerøystinga verte gjennomført alt i år, eventuelt neste år.

– Klok tilnærming

Leiar i Europarørsla Trine Lise Sundnes har sans for Islands planlagde totrinnsrakett – der dei ber folket røyste først om forhandlingar og sidan – eventuelt – om medlemskap.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement