Intervju

Med plikt til å vitne

Kvinnene som vitnar i Høiby-saka, har måtta finne seg i å lese intime opplysningar om seg sjølv i media. Treng vi å lese om saka i så stor detalj, spør jurist Anine Kierulf.

Fotografar og journalistar intervjuar forsvarar Petar Sekulic i rettssaka der Marius Borg Høiby er tiltalt for 38 hendingar overfor til saman sju fornærma. Høiby nektar straffskuld for dei alvorlegaste punkta i tiltalen.
Publisert

– Dei siste dagane har vi kunna lese mediereferat av forklaringane frå fleire av dei fornærma i rettssaka mot Marius Borg Høiby. Å forklare seg i ei rettssak med stor medieinteresse er openbert ei byrde. Berre éi av kvinnene har sjølv kontakta politiet. Fleire har gjeve uttrykk for sterkt ubehag ved å vitne. På generell basis: Har ei fornærma i ei rettssak rett til å la vere å stille opp i retten?

– Nei, det er vitneplikt i norsk rett. Eit vitne har ikkje plikt til å forklare seg for politiet. Men vert ein kalla inn som vitne i ei rettssak, har ein plikt til å møte opp, forklare seg og snakke sant. Det gjeld sjølv om ein ikkje sjølv ønskjer å melde eit straffbart forhold. I Noreg har vi det som vert kalla «ubetinga offentlig påtale»: Om det er utført ei straffbar handling, og om handlinga er av eit visst alvor, så er det ei samfunnsinteresse at ho vert straffeforfølgd. Dei fornærma har mykje å seie i ei sak, til dømes ved å opplyse saka. Men i vurderinga av om det skal vere opp til dei fornærma om ei sak skal verte straffeforfølgd, eller om det skal vere eit offentleg spørsmål, har ein landa på det siste. Det ligg eit allmennpreventivt formål bak. Det er ei offentleg interesse at det ikkje skal utførast straffbare handlingar, og det er viktig at dei som har gjort slike handlingar, vert handsama likt. I tillegg har vi omsynet til dei fornærma. Sjølv om det er tungt å måtte vitne i ei rettssak, ville den motsette løysinga leggje eit stort ansvar på dei fornærma sjølve. Særleg i saker der dei fornærma kjenner den tiltalte, ville dei kunne komme i ein utsett posisjon. Då ville det vere opp til dei å melde frå om eit straffbart forhold og bidra til ein eventuell strafferettsleg reaksjon.

– Kva er konsekvensen om ein fornærma skulle nekte å vitne?

– Om du ikkje møter som vitne, kan politiet hente deg. Og om du ikkje forklarar deg, kan du få bøter. Men ein viser skjønn. Reglane er til for å få opplyst saka og vil i praksis sjeldan verte sette på spissen. Dersom eit vitne ikkje medverkar til å opplyse ei sak under etterforskinga, vert dei kanskje ikkje kalla inn som vitne i retten heller. Men reglane er klare, fordi ein er oppteken av at ingen skal verte uskyldig dømd. Derfor har vi òg strenge krav til prova i straffesaker. Ting må vere beviste utover rimeleg tvil, og ein må kunne utelukke forklaringa frå tiltalte. For å kunne gjere det er ein avhengig av best mogleg vitnemål og best mogleg tekniske prov for å kunne avdekkje kva som faktisk har skjedd, og dermed kunne avgjere om det er straffbart eller ikkje.

I rettssaka mot Høiby er det lagt ned forbod mot identifisering av dei fornærma, med unntak for Nora Haukland, som har stått ope fram med saka si. Når dei fornærma forklarar seg, er dørene stengde for vanlege folk, medan eit mindretal journalistar får vere til stades. Dei har referatforbod om helse, familietilhøve og sensitive opplysningar. Men opplysningane om korleis dei påståtte overgrepa skjedde, har i seg sjølv ein privat og intim karakter. I lokalmiljø vil mange vite kven kvinnene er. Vert omsynet til dei fornærma ivareteke på ein god nok måte?

– Ja, det kan ein stille spørsmål om. Retten kan avgjere om eit vitne skal verte anonymisert. Men i den medieverda vi har i dag, vil identiteten ofte komme ut uansett. Av omsyn til rettstryggleiken er utgangspunktet at rettssaker er offentlege og opne for både vanlege folk og pressa. Vi skal ha høve til å sjå at ting går rett føre seg. Så er det visse unntak, der dørene kan verte lukka, og der ei innfører referatforbod. Domstolane vurderer slike saker kvar dag. I Høiby-saka har Oslo tingrett gjort ein framifrå jobb ved å ha eigne informasjonssider på heimesidene sine. Og ser ein på dei konkrete vurderingane som er gjorde, får ein eit godt bilete av korleis retten har prøvd å vege ulike omsyn mot kvarandre, der retten til offentleg innsyn står opp mot retten dei fornærma og tiltalte har til privatliv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement