Nasjonen som lånte seg rik
Det er 15 år sidan inntektsveksten stogga for nordmenn. Kvifor kjenner vi oss då likevel rikare? Svaret er truleg gjeld.
Ingen av desse finansministrane, Siv Jensen (Frp), Kristin Halvorsen (SV) eller Sigbjørn Johnsen (Ap), har gjeve gjennomsnittsnordmannen velstandsvekst å tala om, og det sjølv om dei alle har nytta mykje oljepengar.
Foto: Terje Bendiksby og Fredrik Varfjell / NTB scanpix
Lytt til artikkelen:
No har Siv Jensen gått av som finansminister. Om ho skal dømast etter det vanlege målet, auka velstand for nordmenn flest, har ho feila. I 2018 var realinntekta for mediannordmannen framleis lægre enn i 2013, og det trass i at Jensen gjennom si tid som finansminister la fram statsbudsjett med ein samla oljepengebruk på 1600 milliardar, eller 733 millionar om dagen. Men det har Dag og Tid skrive om før. Det vi derimot ikkje har skrive, er at Jensen neppe ber skulda for den nokså miserable utviklinga åleine. For sanninga er at stagnasjonen i velstandsvekst byrja lenge før Jensen og Solberg tok over regjeringsansvaret.
I Økonomiske analyser 1/2015 såg Statistisk sentralbyrå (SSB) på realinntektsveksten for AS Noreg i åra 2006–2014, altså veksten i nasjonalinntekta: «Et interessant trekk ved de senere års utvikling, er den svake realinntektsveksten. I årene 2006–2014 var den i gjennomsnitt på 0,9 prosent per år. Målt per innbygger har utviklingen vært enda svakere; realdisponibel inntekt per innbygger var 0,3 prosent lavere i 2014 enn i 2006. Forskjellen mellom makro- og gjennomsnittsveksten skyldes selvsagt befolkningsveksten som akselererte etter EU-utvidelsen i 2004.»
Fleire om kaka
For det er no eingong slik at når vi må dela på fleire, stort sett innvandrarar som i gjennomsnitt har låg produktivitet og dimed låg lønsevne, vert vi alle fattigare i gjennomsnitt. Og dette er nok mykje av grunnen til at Jensen har gjeve oss null i velstandsvekst. For som vi veit, fekk Noreg ei svært stor asylinnvandring i 2015, som igjen har vorte fylgd av stor familieinnvandring. Desse som kom då, har etter det meste å døma i liten grad kome seg i arbeid, om vi tek utgangspunkt i tala frå Brochmann I og II. Dei har dimed vore meir uheldige for velstandsveksten enn austeuropearane, som sjølv om dei er lågproduktive, i nokså stor grad har kome seg i arbeid.
I Noreg har vi enno ikkje gode tal for korleis det har gått med asylinnvandrarane frå 2015, sjølv om vi veit at asylinnvandrarar tradisjonelt har låg arbeidsdeltaking, men nye tal frå Sverige viser at 95 prosent av dei som kom i 2015, er på ei eller anna form for offentleg stønad. Dimed går den samla velstanden for gjennomsnittssvensken ned, dersom produktiviteten ikkje går sterkt opp.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.