JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Når tankane er tomme

Dieselkrisa kjem nærare.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Skiltet ved ein britisk bensinstasjon fortel at det er tomt for diesel. Biletet vart teke under forsyningskrisa i Storbritannia i fjor haust. No er verda truga av ei langt verre dieselkrise.

Foto: Shutterstock / NTB

12314
20220513

Bakgrunn

Kostnaden ved å raffinera eit fat olje til diesel eller bensin var før vel 10 dollar.

No er marginen oljeraffineria tek, 165 dollar for eit fat flybensin, 65 for diesel og 45 for bensin.

USA har berre diesel på lager for tre dagar.

Energi

jon@dagogtid.no

Det går dårleg på børsane for tida. Den amerikanske teknologibørsen Nasdaq er ned 27 prosent så langt i år. S&P 500, som er ein indeks der dei 500 største amerikanske selskapa er med, har gjort det litt betre, men er likevel ned 17 prosent. Dei som har investert i Netflix, har tapt det meste av investeringa om dei kjøpte på toppen, som var 691 dollar. No står aksjen i 173 dollar.

Men USA har også ein raffineriindeks, som stort sett alle store fond og investorar har halda seg unna, sidan slikt ikkje vert rekna for etisk og klimavenleg. Den indeksen er opp 60 prosent i år. Det er ikkje eit godt teikn for dei fattige og ikkje fullt så fattige i verda. Den globale energimarknaden er i krise. I Noreg uroar vi oss for straumrasjonering. Resten av verda er mest oppteken av diesel.

Dinosaur

«Eg er ein dinosaur, men eg har aldri sett slikt», sa oljeministeren i Saudi-Arabia prins Abdulaziz bin Salman på ein oljekonferanse i Abu Dhabi tysdag. Bin Salman har vore på Opec-møte sidan 1980-talet. Han snakka om prisen på raffinerte produkt. «Verda lyt vakna opp og sjå realiteten i augo. Verda er i ferd med å gå tom for energi på alle nivå.»

No varslar EU boikott av russisk olje. Det er usikkert om EU-leiarane heilt forstår kva dei prøver på her. Før krigen og invasjonen av Ukraina eksporterte Russland nesten fem millionar fat råolje per dag. Det meste gjekk til EU. Men det som er minst like viktig, er at Russland eksporterte tre–fire millionar fat med raffinerte oljeprodukt i tillegg, for det meste diesel, som er verdas viktigaste vare ved sida av kunstgjødsel.

Crack

Crack-pris er eit omgrep dei fleste av oss ikkje kjenner, men som vi truleg vil høyra ofte dei komande månadene. Crack-margin er differansen mellom det oljeraffineri kjøper inn råolje for – som i skrivande stund er 105 dollar for eit fat nordsjøolje – og det oljeraffineria sel det raffinerte produktet vidare for. Ingen av oss vanlege forbrukarar kjøper råolje, vi kjøper bensin eller diesel.

Mellom 1985 og 2021 var den gjennomsnittlege crack-marginen på 10,50 dollar. Kosta eit fat olje 100 dollar, kjøpte bensinstasjonane inn bensin og diesel for 110,50 dollar per fat. No er alt endra. Hovudgrunnen er igjen etisk investering. Det er slikt som Storebrand held på med.

Nei til Equinor

Storbrand har NHO-avtalen om innskotspensjon og er dimed på veg til å verta Noregs kanskje største private investor. Storebrand seier nei til våpen, nei til kol og i stadig aukande grad nei til olje. Tysdag denne veka varsla dei at dei kom til å røysta nei til Equinors investeringsplan.

Storebrand vil at Equinor, som er Noregs suverent største på raffinering, skal taka ansvar ikkje berre for eigne utslepp, men også for dine og mine når vi flyg, tek buss eller køyrer fossilbil. Sagt i klartekst: Storebrand vil at Equinor i framtida skal produsera mykje mindre olje, gass, bensin og diesel.

Storebrand er på ingen måte åleine. Selskapet er ein del av ei rørsle som har vorte nesten altomfattande i Vesten. Dei vestlege oljeselskapa får ikkje nye pengar til å investera med, dei må derimot betala det meste av det dei tener attende til investorane, som ikkje lenger vil investera i olje og gass. Vi må attende til 1946 for å finna eit år då det vart funne mindre olje i verda enn i 2021, seier Rystad Energy.

250 dollar fatet

Attende til crack-prisen. Den meste kjende råvareanalytikaren i verda, Bloombergs Javier Blas, laga denne overskrifta på måndag: «Orsak, men for deg er oljeprisen 250 dollar fatet». Han sikta til flybensin. På austkysten av USA er no prisen på eit fat flybensin 275 dollar, eit fat diesel 175 dollar og eit fat bensin 155 dollar.

Flybensin kan vi kanskje greia oss utan, men stoda for diesel er katastrofal. Diesellagera i USA er no nede i tre dagar med forbruk, og utan diesel stoggar alt opp. I røynda burde det truleg ha vorte innført rasjonering verda over alt i dag. Den siste dieselen bør gå til bønder, og den siste naturgassen bør gå til kunstgjødsel.

Det er fleire ting som ligg bak dette, men ei av dei viktigaste årsakene er såkalla etiske klimainvesteringar. Det er Vesten som vektlegg etiske investeringar. Det har igjen gått ut over energieksporten av raffinerte oljeprodukt til Afrika, som no opplever ein sterk nedgang både i flyreiser internt på kontinentet og i internasjonale flyreiser. Til og med i det relativt rike Sør-Afrika er det no mangel på flybensin. Og om få månader kan delar av det afrikanske kontinentet oppleva ein svoltkatastrofe på grunn av diesel- og kunstgjødselprisane, skal vi tru FNs matevareprogram.

Kina er best

I røynda er det berre Kina som dei siste åra har bygd opp raffineringskapasitet. Men Kina er strategiske eller egoistiske, alt etter korleis ein ser det. Beijing har i røynda lagt ned forbod mot eksport av raffinert olje, kol og kunstgjødsel, pluss råvarer som vert nytta til kunstgjødsel.

Vesten på si side har derimot bygd ned raffineringskapasiteten. Ser ein vekk frå Kina og Midtausten, har verdas daglege raffineringskapasitet gått ned med 1,9 millionar fat sidan 2019, seier banken Morgan Stanley. Covid gjorde at oljeraffineria ei tid tapte pengar. Dei som ikkje hadde pengar på konto, fekk ikkje lån og investeringar og vart lagde ned. Men trenden starta før covid. Her har miljøreguleringar mykje å seia. Særleg produksjonen av diesel har vorte meir komplisert.

Gass til diesel

Her speler gass ei avgjerande rolle. Før var det mykje svovel i diesel nytta på land. Den er no langt på veg borte, fordi raffineria nyttar naturgass for å få ut svovelen. Men det stoggar ikkje der. I 2015 kom EU med ein ny standard kalla Euro 6, som skulle få ned partikkelutsleppa frå diesel endå meir. Svaret vart Adblue, ei væske som vert tømd på ein liten tank ved sida av drivstoffopninga.

Adblue er litt som spylevæske, det må fyllast på med jamne mellomrom. Adblue vert laga av urea, som vert nytta som nitrogengjødsel og til mykje anna innanfor kjemisk industri. Urea vert laga av naturgass. Stort sett alt av Adblue i Europa har fram til no vorte laga av russisk naturgass. Bilorganisasjonar Europa over varslar no at EU kan gå tomme for Adblue. Utan Adblue går bilar laga etter Euro 6-standaren i servicemodus. Dei av oss som har opplevd det, veit at det ikkje er kjekt.

Manglar lager

Både produksjon og bruk av diesel har altså vorte mykje meir komplisert og har kravd store investeringar i raffineriindustrien, som har mangla kapital på grunn av etiske krav. Men dieselproblema handlar også om manglande strategisk tenking. Verdas strategiske lager av olje, særleg USAs, har i hovudsak vore i råolje. President Biden har langt på veg tømt desse for å hindra at oljeprisen går opp. Det har hjelpt på råoljeprisen, men ikkje på drivstoffprisane. Det hjelper lite for til dømes militære køyretøy at USA har råoljelager, når stridsvognene går på diesel.

Også covid-tiltaka speler ei rolle. Sidan både EU og USA tømde covid-pengar over folk, gjekk bruken av fossile kjelder rett opp i 2021, og veksten har berre auka på i år. Bruken av både diesel og kol var på rekordnivå i fjor. I 2020 og i starten av 2021 gjekk sparinga opp på eit nivå vi ikkje har sett før. Desse pengane vil folk no nytta på reiser.

Friviljuge sanksjonar

Og så er det Russland. Verda, sett vekk frå Kina og Midtausten, har altså 1,9 millionar fat per dag lægre raffineringskapasitet. I tillegg kjem det at Russland, før EU innfører sanksjonar på olje, har redusert raffineringskapasiteten sin med rundt 1,5 millionar fat per dag. Det er eit resultat av friviljuge sanksjonar frå vestlege aktørar.

Slik stoda er no, kjem denne russiske raffineringskapasiteten ikkje attende på mange år, om nokon gong. I røynda er det Vesten som gjennom teknologi og serviceselskap har bygd opp det meste av russisk gass- og oljeproduksjon. Raffineria kan vanskeleg byggjast opp att utan vestleg teknologi og kunnskap.

EU seier nei

Er det noka von der ute? Det kjem heilt an på korleis ein ser det. Om EU meiner alvor med sine boikottplanar, må dei byggja mykje større raffineringskapasitet på eigen grunn. Men det same EU har laga ein grøn taksonomi som skal gjera det mykje dyrare å investera i alt som har med olje å gjera. Gass har fått unntak, og EU-landa seier dei vil byggja opp kapasitet til å taka mot flytande gass, LNG. Men det finst per no ikkje planar om å gjera det billigare å investera i raffineri.

Vi nordmenn treng truleg ikkje vera så urolege. Equinor har meir enn stor nok kapasitet til å laga det Noreg treng av diesel og bensin. Men det er spørsmål om kva planar regjeringa har. Dei burde kanskje kjøpa inn diesel til lagring. Men som vi òg veit, sidan den kalde krigen har ikkje Noreg nett prioritert å byggja opp lager med mat, kunstgjødsel eller olje. Dessutan vert det nok vanskeleg å gripa inn overfor Yara og Equinor når resten av Europa er så desperate etter produkta dei lager. Og som vi også veit, har ikkje regjeringa våga å gripa inn i eksporten til kraftbransjen.

Svaret er resesjon

Men sjølv om investeringane i olje og raffineringskapasitet ikkje kjem, kjem likevel marknaden til å ordna opp i den manglande energibalansen. Svaret er økonomiske nedgangstider. Bustadrenta på nye lån i USA er no komen opp i 5,7 prosent, og ho skal vidare opp for å få ned inflasjonen, som er rekordhøg på grunn av energiprisane og den store pengebruken til Joe Biden. Når amerikanarane har gått tom for sparepengar, går dieselbruken ned.

I Europa er drivstoffbruken også dømd til å koma ned. Direktøren av Scottish Power, den store skotske straumleverandøren, Keith Anderson, gjekk måndag ut og åtvara om at gass, som stort sett alle britiske hushald er avhengig av til oppvarming, til hausten ville verta så dyr at 10 millionar hushald ikkje lenger kjem til å ha råd til å betala rekninga. Og slik lønsoppgjera har utvikla seg i Europa, kjem kjøpekrafta i år til å gå ned med 4–5 prosent. Det tyske finansdepartementet fekk på si side på måndag overlevert ein rapport om kor mykje tysk økonomi kunne gå attende dersom russisk gass forsvann. Svaret var 12 prosent.

Kina stengjer ned

Dessutan har vi Kina, som rett nok ikkje eksporterer drivstoff, men som insisterer på å halda fram med covid-tiltak. No går den samla eksporten deira ned, som i sin tur fører til at vestlege fabrikkar er utan delar. I fjor var tysk bilproduksjon på det lægste sidan 1975, i år vert han endå lægre. I Noreg er det no lange ventetider på nye bilar.

Men Noreg er likevel den store vinnaren så langt. I år ligg Olje- og energidepartementet an til å seia ja til investeringsplanar på rundt 360 milliardar kroner på sokkelen, og den 17. mai opnar LNG-produksjonen på Melkøya att. På måndag la Statistisk sentralbyrå fram statistikken for omsetnad i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning i fyrste kvartal. Tala var hemningslause.

Samla omsetnad for mars vart 336 milliardar, ein oppgang på 27 prosent frå månaden før og ein oppgang frå mars i fjor på 103 prosent. Størst var auken i olje og gass og kraftforsyning, som gjekk opp høvesvis 189 prosent og 184 prosent frå mars i fjor. Men også i metallindustrien gjekk det ei kule varmt: Omsetnaden auka med 51 prosent frå i fjor. Medan EU går med rekordunderskot på handelsbalansen på grunn av manglande eigenproduksjon av energi, går Noreg frå eksportrekord til eksportrekord.

Dei fattige betaler

Verda skrik etter den fossile energien og dei raffinerte oljeprodukta som Russland produserer og produserte, ein produksjon som EU og Vesten seier dei ikkje lenger vil ha noko med å gjera. Vi i Noreg har det Russland har. Men det har ikkje verdas fattige. Det einaste som kan få verda ut av energikrisa, er at vi alle vert fattigare. Alle dei store vestlege private oljeselskapa gjer så godt dei kan for å få det til. Dei nektar å investera i ny oljeproduksjon av di eigarane nektar. Slik er etisk kapitalisme.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Om få månader kan delar av det afrikanske kontinentet oppleva ein svoltkatastrofe på grunn av diesel- og kunstgjødselprisane.

I røynda er det berre Kina som dei siste åra har bygd opp raffineringskapasitet.

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis