Når økonomar ikkje vil teljaDet er ikkje sikkert av vi bør lita på oppdragsforskinga og analysesektoren. Kan det til dømes vera slik at import er tapt verdiskaping?
Det er ikkje sikkert vi bør lita på oppdragsforskinga og analysesektoren. Kan det til dømes vera slik at import er tapt verdiskaping?
Nordmenn er svært glade i Nordby Shoppingssenter, som no har vorte Nordens største. Men taper vi velstand på å handla der?
Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB scanpix
Ein sektor som vert stadig større i takt med at stadig fleire tek ph.d., som det heiter no til dags, er ein sektor einskilde vil kalla lobbyverksemd, kledd i akademisk drakt. Når private institutt gjer slikt, vert det kalla «analyse». Når offentlege forskarar tek på seg slike oppdrag, vert det helst kalla «oppdragsforsking». Når så dei ulike byråa er ferdige med oppdraga og har levert rapportane, byrjar pressemeldingane å tikka inn i redaksjonane: «Goliat er ulønsam». «Regjeringa må gjera meir for å skapa lønsame arbeidsplassar i fiskeforedling i Noreg.» «Ny motorveg mellom Voss og Bergen vil berga verda og gjera landet rikare». OK, den siste fann vi berre på. I alle høve: Med ujamne mellomrom framover skal Dag og Tid sjå nærare på slike rapportar.
Men fyrst: Samfunnsøkonomien har robuste funn og teoriar og ikkje fullt så robuste funn og teoriar. Ein av dei mest robuste teoriane stod den klassiske økonomen og aksjemeklaren David Ricardo (1772–1823) bak. Teorien syner at alle vert rikare gjennom noko han kalla komparativ fordel i handel. I det mest vidgjetne dømet gjekk han ut ifrå at verdsøkonomien hadde to land, Portugal og England, som båe produserte to produkt med same nytte og kvalitet. Dei produserte båe vin og ty. I dømet var Portugal det mest effektive landet; det kunne laga båe varene med mindre arbeid enn England. Men, sa Ricardo, dei relative kostnadene ved å produsera vin og ty var ulike i dei to landa.
100 timar
Lat oss så seia at England nytta 100 timar på å laga éi eining med klede og 120 timar på å laga eitt fat med vin. Portugal på si side nytta 90 timar på laga ei eining med ty og 80 timar på eit fat med vin. Portugal er altså best på båe varene. Men som vi òg ser, er britane meir effektive i å produsera klede enn i å produsera vin, og Portugal er relativt sett meir effektive i å laga vin enn klede, sjølv om dei i absolutte tal er meir effektive enn britane i båe produksjonsmetodane. Men om Storbritannia spesialiserer seg i klede og ty og Portugal i vin, kan båe landa få meir vin og meir ty enn om dei båe held fram med å produsera klede og vin i ly av tollmurar. Ricardo tok langt på veg knekken på britisk merkantilisme og tollmurar. Import var ikkje eit tap av formue og verdiskaping.
Dette var den eine teorien. Den andre teorien, som eigentleg ikkje er ein teori, seier at samfunnsøkonomisk vinst er overskotet produsentar og konsumentar til saman sit att med etter eit tiltak eller ei investering. Produsentar kan vera både offentlege og private, og konsumentar kan vera både skattebetalarar og forbrukarar.
Grenseflater
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.