Motstraums i hovudstraumen
– Eg ser etter det som ligg i skuggen, seier Anki Gerhardsen.
Anki Gerhardsen bur i Bodø.
Foto: Dan Mariner
Anki Gerhardsen er eit godt døme på at fråvik frå den rette lina i livet like gjerne skapar som skadar ein karriere. Dette veit vi gjeld for ein forfattar, som ho fyrst ville vere, og for ein samtidskommentator, som ho vart. Dei som fylgjer den rette lina gjennom livet, kjem kanskje snøggare og lenger fram, men veit mindre om kvar dei fór og kvar vi er.
For blikket til ålmenta kjem Anki frå ingenting, det vil seie frå livet utanfor medieflaumljoset. I vaksen alder og i løpet av kort tid som mediekritikar i Aftenposten vann ho det velfortente ryet sitt som ei sjølvstendig røyst i eit kulturelt og politisk liv som mange meiner syng for samstemt.
Kunsten for ein samtidskommentator er å stå på sitt og gå imot flokken, men med nok personleg tyngd og sunn fornuft til at ein ikkje vert frosen ut, trass i dei tabubrota ho må skrive på seg. Denne linedansen lærer ein ikkje så lett i dei sentrale politiske og kulturelle varmestovene, men lettare i utkantane av vektige miljø, fordi den som kjem utanfrå, ser det som er innanfor, med friskare blikk. Og frå utkantane i tida vår og landet vårt kjem Anki Gerhardsen.
Rett nok har ho trødd barneskoa sine i Bærum, men støtte på lagnaden sin i ein rockemusikar frå Mosjøen då ho var 19, og fekk det fyrste barnet då ho var 21. Høggravid henta ho vatn i bekken der ho budde saman med kjærasten i ei kårstove i Nittedal, før dei fann ut at Nittedal baud på for tronge kår for ein småbarnsfamilie. Dei flytta i staden til ei øy i Lofoten der det var nok vatn både i og utanfor huset.
Anki, som alt i tolvårsalderen var aktivist for å berge Altavassdraget, kunne no praktisere idealismen med å leve om ikkje i fortida, så som ein fredeleg protest mot samtida, med etter kvart tre born og utan fjernsynsapparat, og utan rockemusikaren medan han var på vinterfiske. Eit fotografi av den nye heimbygda hennar, Årstein på Årsteinøy, syner tre hus og eit høgt fjell, og kunne vel vurderast til NRK-serien om plassane der byfolk trur at ingen kan bu. Tettstaden på øya hadde tjuetre innbyggjarar.
GERHARDSEN: Det er sant, eg har gjort mykje i motsett rekkjefølgje av det vanlege. Det var eigenleg ikkje lagt opp til det, eg var skuleflink og hadde forfattarambisjonar. Nitten år gamal fekk eg ei novelle med i Aschehougs debutantantologi i 1986. Deretter vart det skrive mest i notatbøkene. Livet ville noko anna med meg, eg måtte gjere andre val. Då vi kom til ei lita øy i Lofoten med det fyrste barnet, var eg 22, utan fast jobb og utan utdanning, og visste ikkje kva eg skulle bli i verda. Ein stad i meg ber eg vel enno med meg den forfattaren eg ikkje vart. Det tredje og siste barnet fekk eg då eg var 34. Fyrst då eg var 41, vart eg heiltidsstudent og tok til slutt ein master i kunstkritikk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.