Helse
Mørke skuggar over vaksineproduksjonen
Vona om rask vaksinering og flokkimmunitet for EU og Noreg svinn. Og verda veit framleis ikkje om AstraZeneca-vaksinen verkar godt på eldre.
Både AstraZeneca og EU-kommisjonen trudde at Oxford-vaksinen skulle berga Europa. Biletet er frå 11. januar, då alle var optimistar. No er stoda ei heilt anna.
Foto: Dado Ruvic / Reuters / NTB
Vaksinestoda endrar seg dag for dag, og ein artikkel skriven midt i veka kan vera uaktuell når fredagen kjem. Det er likevel ikkje til å koma forbi: Onsdag denne veka var vaksinestoda utan positive sider. Om noko ser vaksineringsstrategien til EU, og dimed Noreg, å gå frå vondt til verre. I byrjinga av denne veka tok Israel til å vaksinera dei mellom 16 og 18 år. Det gjorde dei samstundes som alle passasjerfly inn og ut av Israel vart sette på bakken. Israel er åt å fullvaksinera folkesetnaden med Pfizer-vaksinen. Dei ynskjer ikkje å få mutasjonar inn frå omverda. Ikkje eingong israelske statsborgarar får no koma heim.
Situasjonen i EØS-området er ein heilt annan. Ja, også der vert stadig fleire grenser stengde, også der har det utvikla seg vaksinenasjonalisme, men berre vel 2 prosent av EU-borgarane har så langt fått fyrste dose av covid-19-vaksinane. Måndag denne veka utvikla det seg til full krise. Då sa EU-kommisjonen at om vaksineprodusentar i EU-blokka hadde planar om å eksportera vaksinar ut av EU, måtte dei gje melding om dette. I praksis kan dette føra til eit eksportforbod. «Dette handlar ikkje om ’Europa fyrst’. Det handlar om Europas rettferdige del», sa den tyske helseministeren Jens Spahn tysdag.
Det handlar også om lovnader og pengar. EU har nytta lite pengar på å utvikla vaksinar. Om vi skal tru Financial Times, har USA og Storbritannia nytta sju gonger så mykje per innbyggjar som EU på å sponsa utvikling av covid-19-vaksinar. Dei to landa har i tillegg lagt inn langt større førehandsordrar frå ulike vaksineprodusentar enn EU. EU har i stor grad satsa på éin hest og éin teknologi, AstraZeneca, som nyttar den tradisjonelle og særs billige vaksineteknologien, i staden for den nye og dyre mRNA-teknologien, som har gjeve verda Pfizer- og Moderna-vaksinane. Dei er heldigvis 95 prosent effektive mot dei mutasjonane dei er fullskalatesta mot.
Berre 4 milliardar
Fyrst i august i fjor la EU inn ein stor førehandsordre: Dei nytta knapt 4 milliardar kroner på å kjøpa 300 millionar vaksinar frå AstraZeneca, utvikla ved universitetet i Oxford etter mykje sponsing frå den britiske staten, som kjøpte vaksinen tre månader før EU. Seinare la EU inn tingingar på 100 millionar til. AstraZeneca-vaksinen er no godkjend i Storbritannia. Dei 300 millionar vaksinane skulle, om mogleg, leverast til EU i fyrste halvår i 2021. Det er denne vaksinen den norske regjeringa har satsa på skal føra til at koronatiltaka vert oppheva til sumaren, ei von dei har delt med heile EU. Mange av EU-medlemene har i tillegg sagt at dei vil syta for at spesielt AstraZeneca-vaksinen skal verta tilgjengeleg for heile verda og ikkje berre EU.
«Vi har heile tida sagt at koronavaksinen må verta tilgjengeleg for alle globalt», sa Heiko Maas, den tyske utanriksministeren, veslejulaftan i fjor. Ein av grunnane til at EU har satsa mykje på AstraZeneca, er at den vaksinen ikkje treng den nye logistikken som mRNA-vaksinane er avhengig av; mRNA må fraktast under særs låge temperaturar og er lite eigna i fattige område av verda. AstraZeneca-vaksinen har i testane som selskapet har gjennomført i fullskala, synt seg å vera 62 prosent effektiv. Men selskapet har samstundes sagt følgjande: Dersom forsøkspersonane fyrst får ein halv dose, og så seinare ein heil dose, kan 90 prosent verta verna mot covid-19. Det siste funnet er rett nok ikkje testa i full skala.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.