Milliardane flyg av garde
Bodø er lova ny flyplass til seks milliardar kroner. Den samfunnsøkonomiske nytten er null. Alle pengane er bortkasta, viser kvalitetssikringa i regi av Finansdepartementet.
SAS-fly på vengjene over Bodø sentrum. Landegode i horisonten.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
Om samfunnsøkonomane hadde ein gud, og han gav dei ei steintavle med ti bod, ville det fyrste bodet ha vore dette: «Alle ressursar har alternativ nytte». Mest alternativ nytte finn vi i Nasjonal transportplan (NTP), som før vart oppfatta som eit seriøst dokument, men som etter at vi vart verkeleg rike, meir og meir står fram som ei ynskeliste til jol. Men heldigvis har vi Finansdepartementet, som rett nok ikkje greier å hindra prosjekt som Stortinget vil ha, men som i det minste gjev dei som er opptekne av alternativ nytte, ein innsikt i kor galne ting er.
«Kvalitetssikring av store offentlige prosjekter» heiter ei ordning som Finansdepartementet i si tid fekk vedteken. Ordninga seier at alle statlege prosjekt over 750 millionar, før dei vert endeleg vedtekne, skal gåast gjennom av samfunnsøkonomar. Eit prosjekt er godt om det gjev høgre velferd enn om pengane vert nytta andre stadar. Nei, det er ikkje ei vetoordning, vi veit alle at det finst ei rekkje statlege prosjekt og løyvingar som er rein sløsing. Stortingsgarasjen gjev nokre få menneske millionar i året for at dei skal få parkert elbilen sin i staden for å taka T-bane, men i det minste dokumenterer kvalitetssikringa til Finansdepartementet at det er mykje vi som samfunn ikkje burde ha gjort, men gjer. Det er ein slags innsikt det òg.
Holte Consulting
No har vi fått innsikt i endå eit prosjekt som ikkje bør gjennomførast om vi berre tenkjer samfunnsøkonomi, men som etter det meste å døma vert gjennomført. Eit av dei samfunnsøkonomiske analyseselskapa som har avtale med Finansdepartementet, er Holte analysefellesskap, som kallar seg Holte Consulting. Denne veka sende dei over til Finans- og Samferdselsdepartementet rapporten om flytting av flyplassen i Bodø, eit prosjekt har vorte vedteke medan Bodø etter 2013 har hatt tre statssekretærar på rad i nett Samferdselsdepartementet.
Prosjektet har vore på beddingen i mange år og er utløyst av at Bodø ikkje lenger vart jagarflyplass då Stortinget vedtok at berre Ørlandet permanent skal ha F-35. På det viset kan vi seia at ny flyplass er eit plaster på såret for dei tapte offentlege arbeidsplassane. Heilt sidan Bodø ikkje fekk jagarflya, har det vore ein intens lobbykamp frå Bodø kommune for å få ein kompensasjon, og det har eit stort fleirtal på Stortinget sagt ja til. No skal det koma ein heilt ny bydel i Bodø, og etter bileta å døme, ein svært ven bydel. Men ein slik bydel vil kosta mange titals milliardar å utvikla. Kven som har pengar til alt dette nye, er uklart.
Flyplassflyttinga er i regi av Avinor, eit selskap som, om det dreiv reint kommersielt, kunne ha vore skattlagt svært hardt etter dei kolossale veksten om Gardermoen har hatt i passasjerar og fly etter at flyplassen vart opna. Men Stortinget har valt å ikkje henta inn desse ekstrainntektene, dei har sagt at dei stadig aukande inntektene skal gå til flyplassar i distrikta. Dimed får folk over heile landet eit godt flytilbod, slik at landet vert knytt saman. Men no skal Avinor overføra store delar av pengane dei generer til éin by, Bodø, for å flytta rullebana 900 meter. Og det, syner rapporten til Holte, er heilt utan noka form for verdi for norsk økonomi, men direkte skadeleg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.