JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Milliardane flyg av garde

Bodø er lova ny flyplass til seks milliardar kroner. Den samfunnsøkonomiske nytten er null. Alle pengane er bortkasta, viser kvalitetssikringa i regi av Finansdepartementet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
SAS-fly på vengjene over Bodø sentrum. Landegode i horisonten.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

11052
20200619

Bakgrunn

Etter at Bodø tapte F-35-skvadronen, har Bodø kommune kravd kompensasjon frå staten.

Regjeringa har lova byen ein ny flyplass til seks milliardar kroner.

Holte Consulting seier at på grunn av elendig samfunnsøkonomi, vil alle pengane gå tapt.

Samferdsle

jon@dagogtid.no

Om samfunnsøkonomane hadde ein gud, og han gav dei ei steintavle med ti bod, ville det fyrste bodet ha vore dette: «Alle ressursar har alternativ nytte». Mest alternativ nytte finn vi i Nasjonal transportplan (NTP), som før vart oppfatta som eit seriøst dokument, men som etter at vi vart verkeleg rike, meir og meir står fram som ei ynskeliste til jol. Men heldigvis har vi Finansdepartementet, som rett nok ikkje greier å hindra prosjekt som Stortinget vil ha, men som i det minste gjev dei som er opptekne av alternativ nytte, ein innsikt i kor galne ting er.

«Kvalitetssikring av store offentlige prosjekter» heiter ei ordning som Finansdepartementet i si tid fekk vedteken. Ordninga seier at alle statlege prosjekt over 750 millionar, før dei vert endeleg vedtekne, skal gåast gjennom av samfunnsøkonomar. Eit prosjekt er godt om det gjev høgre velferd enn om pengane vert nytta andre stadar. Nei, det er ikkje ei vetoordning, vi veit alle at det finst ei rekkje statlege prosjekt og løyvingar som er rein sløsing. Stortingsgarasjen gjev nokre få menneske millionar i året for at dei skal få parkert elbilen sin i staden for å taka T-bane, men i det minste dokumenterer kvalitetssikringa til Finansdepartementet at det er mykje vi som samfunn ikkje burde ha gjort, men gjer. Det er ein slags innsikt det òg.

Holte Consulting

No har vi fått innsikt i endå eit prosjekt som ikkje bør gjennomførast om vi berre tenkjer samfunnsøkonomi, men som etter det meste å døma vert gjennomført. Eit av dei samfunnsøkonomiske analyseselskapa som har avtale med Finansdepartementet, er Holte analysefellesskap, som kallar seg Holte Consulting. Denne veka sende dei over til Finans- og Samferdselsdepartementet rapporten om flytting av flyplassen i Bodø, eit prosjekt har vorte vedteke medan Bodø etter 2013 har hatt tre statssekretærar på rad i nett Samferdselsdepartementet.

Prosjektet har vore på beddingen i mange år og er utløyst av at Bodø ikkje lenger vart jagarflyplass då Stortinget vedtok at berre Ørlandet permanent skal ha F-35. På det viset kan vi seia at ny flyplass er eit plaster på såret for dei tapte offentlege arbeidsplassane. Heilt sidan Bodø ikkje fekk jagarflya, har det vore ein intens lobbykamp frå Bodø kommune for å få ein kompensasjon, og det har eit stort fleirtal på Stortinget sagt ja til. No skal det koma ein heilt ny bydel i Bodø, og etter bileta å døme, ein svært ven bydel. Men ein slik bydel vil kosta mange titals milliardar å utvikla. Kven som har pengar til alt dette nye, er uklart.

Flyplassflyttinga er i regi av Avinor, eit selskap som, om det dreiv reint kommersielt, kunne ha vore skattlagt svært hardt etter dei kolossale veksten om Gardermoen har hatt i passasjerar og fly etter at flyplassen vart opna. Men Stortinget har valt å ikkje henta inn desse ekstrainntektene, dei har sagt at dei stadig aukande inntektene skal gå til flyplassar i distrikta. Dimed får folk over heile landet eit godt flytilbod, slik at landet vert knytt saman. Men no skal Avinor overføra store delar av pengane dei generer til éin by, Bodø, for å flytta rullebana 900 meter. Og det, syner rapporten til Holte, er heilt utan noka form for verdi for norsk økonomi, men direkte skadeleg.

Målet

Målet med flyttinga er denne: «Avinor skal ved utvikling og etablering av ny lufthavn Bodø legge til rette for å frigjøre arealer for Bodø kommunes behov for byutvikling og bidra til å styrke regionens mulighet for videre vekst. Lufthavnen skal være et regionalt knutepunkt for landsdelen og dekke de markedsmessige behov for flyruter, charter og frakt på en måte som bidrar til verdiskapning, næringsutvikling og bosetting.» Holte finn null av slikt.

Effekten av flyplassen skal vera at Bodø – og no bør dei som er urolege for klimaendringar halda seg fast – frå starten av kan taka mot 2,5 millionar passasjerar per år, og at dei om 50 år skal kunna taka mot 4 millionar passasjerar, eller 11.000 passasjerar per dag. Til samanlikning tek Flesland mot 6 millionar passasjerar per år, eller 13.400 per dag. Bodø har 52.000 innbyggjarar, Bergen 280.000 og eit langt meir folkerikt omland enn Bodø. Det manglande passasjergrunnlaget har Holte fått med seg, for å seia det slik.

Det finst fire alternative investeringsplanar for den nye flyplassen. Om vi inkluderer MVA, og det må vi, varierer investeringskostnadene for å flytta flyplassen mellom 5,6 og 6,7 milliardar kroner. Så har Holte rekna på den positive verdien av dei ulike investeringsalternativa. Dei finn ikkje ein positiv verdi, dei finn berre negative verdiar. Alle dei fire alternativa har over 40 år ein langt større kostnad enn det investeringa eventuelt vert.

Det er som å setja pengar i banken sjølv om banken gjev deg ei høg minusrente. Det «beste» alternativet kostar 5,6 milliardar. Over 40 år er den negative noverdien, som det heiter, 5,4 milliardar. Det dyraste alternativet er på er på 6,665 milliardar, med ein negativ verdi på 6,673. Det er som om du skulle setje pengar i banken, for så å måtte ut med pengar når du vil taka dei ut. Men for alle prosjekta er det slik at stort sett alle pengane går tapt.

Åtte milliardar

Kvifor er det slik? Fordi Bodø alt har ein flyplass og dessutan jarnbane. Ingen har i dag problem med å koma seg til Bodø. Men kvifor vil Avinor nytta alle desse pengane, som vil føra til at andre flyplassar anten må leggjast ned eller får reduserte tilbod? Det hjelper kanskje at direktøren i Avinor, jagarflygaren Dag Falk-Pettersen, er frå Bodø, og at han sa til avisa Norland før han vart Avinor-sjef, at Bodø måtte få ny rullebane. Til Dag og Tid seier Falk-Pettersen at han ikkje har tid til eit intervju denne veka, men at han kan stilla neste veke. Han seier per SMS at Avinor ikkje i utgangspunktet vil kommentera rapporten til Holte, men leggja fram sitt eige syn på saka.

Kva med alt det gode som ein flyplass kan gje? Holte har teke omsyn til dette: «Vi identifiserer også ikke-prissatte virkninger knyttet til frigjøring av arealer til byutvikling, opsjonsgevinster, attraktiv og effektiv flyplass for passasjerer, samt klimavirkninger.» Holte vedgår at dei sjølvsagt ikkje er sikre på at planane vert gjennomførte innanfor dei kostnadsrammene som er lagde til grunn, difor har dei laga ein analyse av kva ei utbygging kan koma til å kosta dersom ting ikkje går som planlagt. Då kjem dei opp i over 8 milliardar kroner i det verste alternativet og 7 milliardar for det beste.

Dette er neppe urealistisk, for som vi veit: Overskridingar er norma i store offentlege prosjekt. Follobanen skulle kosta 10 milliardar, no nærmar det seg 40 milliardar. Stortinget vedtok prosjektet sjølv om det hadde stor negativ verdi, til og med då planen var på 10 milliardar.

Auka folketal?

Kvifor har Bodø kommune vore ein pådrivar for dette prosjektet? Jau, dei seier dei er ein vekstkommune og treng ein moderne flyplass, men òg at folketalsutviklinga gjer at dei treng å frigjera tomteareal. Den gamle flyplassen skal verta bustadar, ja, nærast eit sentrum i Bodø by. Bodø kommune har lagt til grunn at folketalet vil vere 90.000 i 2065, og det sjølv om Noreg har ein sterkt negativ fødselsrate og Nordland er eit fråflyttingsfylke.

Men ja, Bodø er ei tilflyttingskommune som får folk frå omlandet. Difor seier Statistisk sentralbyrå at dei trur Bodø vil ha 60.000 innbyggjarar i 2040 og 71.000 i 2065. Bodø, derimot, insisterer på at dei vert 67.000 i 2040 og 90.000 i 2065. Dei trur altså på ein vekst i folketalet på 80 prosent over 45 år. Det er ein vekst ingen andre byar i Noreg reknar med å gå gjennom. Nordland er, saman med Finnmark, det fylket som har hatt dårlegast utvikling i fødselstala dei siste 25 åra. Nedgangen i Nordland er på 35 prosent.

Bodø kommune peikar på at dei ligg på ei halvøy og at dei har liten plass. Dimed vil flyttinga av flyplassen på 900 meter frigjera heilt naudsynte areal. Holte er ikkje samde; dei seier at Bodø har plass til nye bustadar dei neste 30 åra.

Men er det slik at Bodø i alle høve treng ny flyplass, og at det ikkje finst noko alternativ, som Bodø kommune hevdar? Avinor har delt dette synet, men det verkar som dei no har endra litt på det. «Etter presentasjon av hovedkonklusjoner 19.12.2019 og møte med Avinor 20.1.2020, informerte Avinor om at de mener det må legges til grunn at ny kunnskap om rullebanen ved Bodø lufthavn tilsier at det mest sannsynlig vil være mulig å rehabilitere denne. Avinor fremhevet at dette vil redusere investeringsbehovet betydelig», skriv Holte.

Negativ verdi

Avinor legg til grunn at dei kan rehabilitera flyplassen til ein kostnad på mellom 0,9 og 1,1 milliardar kroner. Holte har derimot hatt som oppdrag berre å vurdera ulike planar for flytting på 900 meter versus ei flytting på 80 meter. Kostnadene ved ny flyplass er altså vurdert mot eit flytting på berre 80 meter, ikkje rehabilitering, som er mykje billigare enn flytting på 80 meter. Som Holte skriv: «Hvis vi benytter nytt nullalternativ med rehabilitering av dagens rullebane som sammenligningsgrunnlag, blir utbygging enda mindre lønnsomt.»

Konklusjonen vert då at alle dei alternative forslaga som Holte har vurdert, er – for ein samfunnsøkonom – det same som å tøma milliardar i havet.

Kva skjer no? Er det ei von for dei som er opptekne av økonomi, at vi i staden for å nytta mellom 5 og 8 milliardar kroner, får ei oppgradering til ein milliard? Erna Solberg var alt i 2018 krystallklar og drog til Bodø og heldt pressekonferanse på flyplassen: «Dette er en milepæl for Bodø. Regjeringen, Venstre og KrF er enige om å sette i gang by- og flyplassprosjektet i Bodø i den første perioden av planperioden, og den nye flyplassen skal stå ferdig i 2025, sier statsminister Erna Solberg.»

Vil koma

No er det rett nok ikkje løyvd konkrete pengar til å flytta flyplassen, men når statsministeren har vore så krystallklar på at prosjektet skal gjennomførst, er det lite truleg at det vert endra. Ja, offentlege prosjekt går ofte gale, men grunnen til at det har gått særleg gale denne gongen, er at faginstansen, som har vore Avinor, om vi skal tru Holte, heile tida har hevda at rehabilitering har vore umogleg.

Då Avinor i januar vedgjekk at det likevel var mogleg, hadde bordet fanga. Prosessen er komen for langt, slik stoda er. Det som kan hindra prosjektet, er om regjeringa i haust seier at koronakrisa har ført til så høge løyvingar at dei neste år må skjera i løyvingane. Men mest truleg vert det motsett, at koronakrisa fører til ekstraløyvingar. Bodø er lova å få pengar til utbygging neste år. Det får dei nok.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det er som å setja pengar i banken sjølv om banken gjev deg ei høg minusrente.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Etter valet i 2016 blei det vanleg å seie at Trump vann fordi folk hadde oversett kjenslene til den kvite arbeiderklassa. Er biletet eit anna i denne omgangen?

Foto: Dustin Chambers / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Overkorrigeringa

NEW YORK: Mark Lilla fekk enorm merksemd for sin diagnose av presidentvalet i USA i 2016. Eg oppsøker han for å få oppdaterte psykologiseringar av den amerikanske folkesjela anno 2024.

Ida Lødemel Tvedt

Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Eit spørsmål om kontroll

I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?

Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.

Foto: Samlaget

BokMeldingar
ArildBye

Ein av oss

Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.

Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.

Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB

IntervjuSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nato-toppen som sa det han tenkte

Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.

Feature

Greske byggjeklossar

Eg dreg til Kreta og lærer om skilnaden på tyske og britiske turistar.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis