Plasten som var borte
Havoverflata inneheld mykje mindre plast enn ein skulle tru. Men å senda han på havet er likevel ikkje lurt.
Ein fugl kviler seg på ein haug av plastleidningar i Chillion-elva i Callao i Peru. Slik vil vi sjølvsagt ikkje ha det.
Foto: Martin Mejia / AP / NTB
Lytt til artikkelen:
Plast
jon@dagogtid.no
Var det éin ting du ikkje burde snakka med Norman Mailer om, var det plast. Då stogga han aldri. Han snakka om plast, han skreiv om plast, han var på radio og fjernsyn om plast. Han hadde plast på hjernen. Han hata plast. «Av og til trur eg nokon har sleppt ut ei vond kraft i universet som gjer med samfunnet det kreft gjer med kroppen, og den vonde krafta er plast. Plasten kryp inn i alt. Plasten fører til metastase. Plasten sig inn i kvar ei pore av produksjonslivet. Snart kjem det ikkje til å vera noko som helst som ikkje er laga av plast. Dei kjem til dekkja fortaua med plast, og kroppen vår, beingrinda, kjem til å ha vorte bytt ut med plast.»
Mailer ville likt den moderne motstanden mot plast. Men det vert likevel berre meir av plasten. Plast utgjer ei av dei fire største søylene – saman med stål, sement og ammoniakk til kunstgjødsel– i verdas industri, og desse søylene berre veks og veks.
Den amerikanske forfattaren Michael Shellenberger er ein tidlegare amerikansk miljøvernaktivist som no meiner at særleg ungdomen er vorten altfor pessimistisk når det gjeld klima og miljø, og samstundes meiner han at verda må satsa på atomkraft. Shellenberger er ikkje heilt på lag med den rådande tidsånda. Dei som ikkje liker han, bør likevel sjekka fotnotane hans. Han legg ned mykje arbeid. Men ja, plast, særleg i havet, er eit problem, skriv han i den siste boka si, bestseljaren Apocalypse Never. Berre i USA har plastforbruket gått opp ti gong per hovud sidan 1960. Fire land – Kina, Indonesia, Vietnam og Filippinane – produserer eller er ansvarleg for halvparten av plasten som endar opp i havet, og problemet berre aukar på.
Praktisk
Slik er det av di plast er så utruleg praktisk. Plasten hindrar matsvinn, han er lett, han er i alt helseutstyr som tenkjast kan, og så underleg det enn høyrest ut, er han meir klimavenleg enn dei fleste alternativa. Papirposar slepper ut langt meir CO2 i produksjonen, og får du, som NRK Folkeopplysningen har peika på, ein økologisk bomullspose til handling når du vert konfirmant, må du nytta han til du er 70 år før du har sett att eit lægre miljøavtrykk enn om du nyttar ein ny plastpose til handling kvar dag. Plast er ein uunngåeleg del av eit moderne liv i velstand.
Så var det altså dette med havet. Ja, i vestlege og rike land kan vi brenna plasten og nytta han til fjernvarme eller i det minste resirkulera noko av han. Og vi bør sjølvsagt slutta heilt med å senda plast til den tredje verda i den trua at han vert resirkulert der. Det vert han stort sett ikkje. Dessutan verkar ikkje resirkulering så bra i alle høve. Aluminium og glas kan vi bruka opp att gong etter gong, men resirkulert plast vert svakare og svakare for kvar gong vi omdannar han, og får mindre og mindre energi. Til slutt endar han opp på ei søppelfylling i den tredje verda, eller i havet, eller i Vesten, der han i det minste av og til vert brend i ein omn eller graven ned.
Men ja, det er mogleg å hindra at plast hamnar i havet. Samlar vi han inn, resirkulerer han så lenge det går, grev han ned eller brenn han, hamnar han ikkje i havet. Og jau, vi kan sjølvsagt verta takksame for at McDonalds no nyttar papirsugerøyr som rett nok slepper ut mykje meir klimagassar i produksjon enn plastsugerøyr, og ikkje går til resirkulering, Men sugerøyr utgjer berre 0,03 prosent av ni millionar tonn med plast som kvart år hamnar i havet, fortel Shellenberger.
Vert berre meir
Det er berre å innsjå: Plast er komen for å verta, og produksjonen veks i ekstrem grad. Nei, den tredje verda har ikkje råd til å nytta resirkulert plast som er svært mykje dyrare enn ny, men vi må vona at dei etter kvart byggjer opp system som gjer at han ikkje hamnar i havet. Men forbrenningsanlegg er dyre, og eit lukka avfallsdeponi er ti gonger så dyrt å driva forsvarleg som eit ope. For å seia det slik: Er det ein stad den vestlege verda burde driva med utviklingshjelp, er det innanfor boshandtering.
Men sidan dette er eit jolenummer, skal vi koma med litt godt nytt. Og grunnen til at underskrivne trur at opplysningane kjem til verta oppfatta som godt nytt, er at dei var heilt ukjende for meg før eg las boka til Shellenberger, som trekkjer fram fleire forskingsartiklar om plast i havet. For om de lesarar er som meg, har de vore urolege for plast i havet av di vi meiner å vita at plast ikkje går i oppløysing på aldri så mange år, om i det heile. Plasttypen styrofoam, til dømes, har dei fleste vore borti fordi han vert nytta som isolasjon og emballasje; FNs miljøprogram har kome med estimat som syner at styrofoam, som er ein del av polystyren-«familien», nyttar tusenvis av år på å gå i oppløysing i havet. Dette er truleg ei sanning med modifikasjonar.
Fann ikkje plasten
I 2014 vart artikkelen «Plastic pollution in the world’s oceans: More than 5 trillion plastic pieces weighing over 250.000 tons afloat at sea» publisert i tidsskriftet Plos. Forskarane snakkar her om eit estimat for alle verdshava. Og 250.000 tonn høyrest mykje ut. Artikkelen er ein av verdas mest siterte på feltet; han er sitert over 2000 gonger. Men konklusjonen er totalt uventa. Som forfattarane skriv: «eit svært stort tap av mikroplast i havoverflata vart funne samanlikna med det vi trudde på førehand». For å seia det i klartekst: Dei fann ikkje den plasten dei trudde dei skulle finna. Plos er eit ope tidsskrift, og forskarane har gjeve omverda tilgang til absolutt alle dataa dei har samla inn i ein databank.
Studien var den fyrste i sitt slag som såg på absolutt alle typar plast, frå det minste fragment til store synlege element. Ni forskarar drog på 24 tokt og undersøkte havstraumane som tiltrekkjer seg plast. Dei laga til og med ein modell som syner korleis havstraumane fordeler plast vertikalt. 680 gonger drog dei nett etter båtane, nett som fanga opp alt. Så gjekk dei gjennom alt naturleg og unaturleg med mikroskop og vog ned til nærast 0,01 milligram. Dei gjekk saman med medarbeidarar gjennom det dei samla inn 891 gonger.
Heilt uventa
Dei kunne ikkje forstå eller tru det dei fann, men igjen og igjen slengte dei altså ut nett. Dei som les artikkelen, vil leggja merka til at forskarane nesten er skuffa. «Den globale vekta av plastureining på havoverflata, frå alle storleikar lagde saman, svarar berre til 0,1 prosent av verdas samla årlege produksjon (på 288 millionar tonn plast i 2012 red. merk.).»
I tillegg fann dei berre ein hundredel av den mikroplasten dei hadde venta å finna.
Kva er det som skjer? Forskarane vedgår at dei ikkje veit, men spekulerer i ulike forklaringar. Dei trur at når plast fyrst byrjar å gå i oppløysing, går det fortare og fortare. Partiklane vert så små at organismar då fortærer dei, og så vert dei til avføring som søkk ned. Nei, det er ikkje bra at fugl og delfinar eller fisk et plast, men når han er liten nok, vel, så forsvinn han gjennom systemet. Dette er kan henda ikkje så uventa. Det sig mykje olje ut frå havbotnar rundt omkring i verda. Denne vert stort sett òg fortært.
Forskarane understrekar sjølvsagt at plast ikkje bør hamna i havet, og at det kan vera at det er mykje dei ikkje har fått med seg. Men dei fann altså berre ein brøkdel av det dei trudde dei skulle finna, same kor mykje dei leita. Og: «’Spørsmålet om kvar all plasten er vorten av’, har vi ikkje gjeve svar på.»
Eit delsvar
Men andre har forska vidare. I 2019 publiserte National Sience Foundation (NSF) (det amerikanske forskingsrådet som finansierer forsking innanfor teknologi og naturvitskap som ikkje omhandlar medisin) ein artikkel om at eit prosjekt dei hadde delfinansiert. Tittelen var «Sunlight degrades polystyrene faster then expected». Polystyren eller styrenplast er i hovudsak kjend som isopor i Noreg, men vert nytta i ulike produkt, som til dømes styrofoam. Det vert rekna som den kanskje verste plasten, bakteriar kan «eta» og bryta ned ein del plast, men ikkje polystyren. Og det har ofte vorte hevda at han vert verande i havet i tusenvis av år. Ei gruppe forskarar frå mellom anna MIT fann ut at dei ville testa om sollys hadde ein effekt, for vi har alle sett at hardplast toler sollys dårleg. Som leiaren av forskargruppa, Collin Ward, sa i intervjuet med NSF: «Sjå berre på plastleiker på leikeplassar, parkbenkar eller plenstolar som vert raskt solbleikte.»
Forskarane tok fem typar polystyren, la dei i forsegla glas med saltvatn og utsette dei for solariumlys. Plasten vart til organisk karbon og CO2. Plasten vart altså borte. I visse tilfelle vil dette truleg taka tiår, men dei oppdaga at nokre tilsetjingsstoff som avgjorde farge, kor mjuk eller hard plasten var eller andre eigenskapar, førte til at somme typar gjekk langt raskare i oppløysing. Verda kan altså produsera plast som går endå raskare i oppløysing. Forskarane gjorde sitt beste for å spora kvar karbonatoma kom frå, vatnet eller plasten? «Vi nytta ei rekkje ulike metodar for å gjera dette», sa Ward, «og dei førte alle til det same resultatet: Sollys kan endra polystyren til CO2».
Ikkje i sjøen!
Nei, plast bør ikkje hamna i sjøen. Det er dokumentert at store plastbitar drep havskjelpadder, kvalar er funne med enorme mengder plast i seg, og fiskenett som flyt omkring, drep mykje sjøliv. Plast i havet, og plast som vert greven ned, er dessutan sløsing. Plast har enormt med energi og kan gje varme og straum.
Men det ser altså ut til at plast etter kvart vert til CO2 eller går i oppløysing og vert svært små partiklar. Ja, desse partiklane hamnar i fordøyingssystemet til små organismar, fisk, pattedyr og for den del menneske. Men i 2019 kom WHO med ein stor rapport om mikroplast i drikkevatn. Dei fann at basert på den informasjonen dei hadde, var ikkje mikroplast i drikkevatn farleg for menneske. Og også i sjøen går nok det meste av plasten i oppløysing og gjennom organismane som får dei i seg.
Nei og igjen, plast skal ikkje i havet. Men som Amy Lusher, som er forskar på mikroplast ved Norsk institutt for vassforsking, sa i eit intervju med Forskning.no i 2017: «Plast skal absolutt ikke være i miljøet, og vi må ikke legge skjul på at dette er alvorlig. Samtidig er det viktig å ha et nyansert forhold til de skremmende overskriftene vi blir utsatt for på nærmest daglig basis, sånn at vi kan holde hodet kaldt og finne fornuftige løsninger.»
Kan gå greitt
Og ja, som nemnt er det funne skjelpadder, kvalar og tunfiskar med altfor mykje plast i magen, men omfanget av slikt veit vi ikkje nok om, sa også Lusher: «Ofte blir plasten funnet mot slutten av innvollene, og det kan tyde på at fremmedlegemene var på vei til å forlate dyret via avføringen. For alt vi vet, kunne for eksempel torsken vi har undersøkt ha kvittet seg med plasten igjen og levd videre helt fint, om den ikke hadde blitt drept i vitenskapens navn.»
Men som forskarane av den store studien publisert i Plos peikar på, mykje av plasten dei ikkje fann, kan ha hamna i sediment på havbotnen. Det er nok ikkje greitt, det heller. Men sjøvatn har altså mykje mindre plast i seg enn vi hadde grunn til å tru, og han går etter mykje å døma i oppløysing.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Plasten vart til organisk karbon og CO2. Plasten vart altså borte.
Fleire artiklar
Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.
Foto: Thomas Fure / NTB
– Populisme er ikkje noko å vere redd for
Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.
Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.
Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB
Uviss lagnad for Syria
Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.
Andrea Bræin Hovig og Tayo Cittadella Jacobsen i rollene som Marianne og Tor, som møtest på Nesoddferja.
Foto: Arthaus
Leiken kjærleik
Alle gode ting er faktisk tre, om du lurte på om trilogien til Dag Johan Haugerud held heilt til mål.
Ein atomsopp lyser opp nattehimmelen under prøvesprenginga Badger i USA i 1953.
Foto via Wikimedia Commons
Eg er dauden
Samtidig som faren for ein tredje verdskrig er større enn på eit halvt hundreår, ser vi på russiske trugsmål om bruk av atomvåpen som tomme.
Foto: Edvard Thorup
Makta og den uavhengige forskinga
«Eg er fullt klar over at mange gjorde ein stor innsats i Sør-Sudan, og med gode intensjonar.»