Historie

Michelet avviser skuldingane

Marte Michelet kan ikkje sjå at «motboka» som no ligg føre, rokkar ved hovudkonklusjonane i boka hennar.

Marte Michelet held innlegg for historikarar etter presentasjonen av boka om Heimefronten i 2008.
Marte Michelet held innlegg for historikarar etter presentasjonen av boka om Heimefronten i 2008.
Publisert Sist oppdatert

Michelet meiner at mykje av dette blei teke opp i debatten for to år sidan, då Hva visste hjemmefronten? kom ut.

– Eg er sterkt undrande til at tre såpass kompetente historikarar har brukt to år av livet sitt på denne nærsynte jakta på feil i mi bok. Mitt prosjekt var å opne eit nytt felt for gransking, nemleg motstandsrørslas respons på jødeforfølgingane under krigen. Dei forsøker å lukke den døra, og det er merkeleg at den historiske nyfikna ikkje er større. Det finst så mange kunnskapshol om holocaust i Noreg som dei heller kunne ha brukt tid og krefter på.

– Dei tre historikarane påstår at du har sitert feil, kutta sitat slik at den rette meininga ikkje kjem fram, at kjeldevalet ditt er selektivt, at du har nytta kjeldene dine selektivt og at mange av premissane dine ikkje er støtta av det empiriske kjeldematerialet. Kva seier du til det?

– Det er det same som dei insisterte på for to år sidan, og eg ser ikkje at dei kjem med noko særleg nytt. Eg er ikkje samd i framstillinga deira. Og eg står på mitt: Det er norsk historieskriving på dette feltet som har vore selektiv, skeiv og uempirisk, og altfor mange historikarar har vore meir lojale mot Heimefronten enn mot offera for jødeforfølginga.

– Dei meiner også at mange av påstandane og konklusjonane dine er vanskelege å etterprøve.

– Dei fotnotefeila vi har funne, er for lengst blitt retta opp i dei nye utgåvene, så der kunne dei ha spart seg mykje arbeid.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement