Kommentar

Mellom EU og USA

Labour-regjeringa mislikar president Donald Trump, men det er realpolitikken som tel. Britane vil ikkje risikera å bli ein statist i verdspolitikken. 

U.S. President Donald Trump and UK Prime Minister Keir Starmer announce an agreement between the two countries as they hold a press conference conference at Chequers at the conclusion of a state visit on September 18, 2025 in Aylesbury, England. Leon Neal/Pool via REUTERS
USAs president Donald Trump og Storbritannias statsminister Keir Starmer signerer teknologi-avtalen «Prosperity Deal».
Publisert Sist oppdatert

Etter den storslegne vitjinga til president Trump i Storbritannia vart eg mint på det seigliva skjemtordet om tilhøvet mellom landet til gjesten og landet til vertskapet hans: Amerikanarar og britar er «two nations separated by the same language» – «to nasjonar skilde frå kvarandre i det same språket». 

Den sosialdemokratiske regjeringa til det britiske arbeidarpartiet har knapt noka som helst samkjensle med regimet til Trump. Under det amerikanske presidentvalet i fjor vona kvar einaste Labour-politikar av fullt hjarta at Trump skulle tapa. Den kjæraste venen til Trump i øyriket var høgrepopulisten Nigel Farage. Han var samstundes den argaste fienden til Labour-regjeringa og rivalen deira i kappestriden om røystene frå den britiske arbeidarklassa.

Dei legg lokk på mørke kjensler

Dei tok jamvel imot Trump med all den stasen dei kunne oppdriva, ikkje minst kongeleg stas, og alt dei kunne finna på for å setja presidenten i godlag. Utan omsyn til kor mykje statsminister Keir Starmer og hans folk privat mislikar Trump og alt han står for, så var realpolitikken det som talde. Det var no ein gong den mektigaste mannen i verda som kom, og avtalar skulle bringast i hamn med britisk næringsliv for fleire hundre milliardar pund sterling, med særleg vekt på datateknologi av det grensesprengjande slaget. 

Til og med skandalen som sprakk rett før statsbesøket, vart møtt med skuldertrekk: Kontaktmann nummer ein mellom London og Washington, den britiske USA-ambassadøren lord Peter Mandelson, måtte gå av i vanære på grunn av sin altfor nære kontakt med den dømte seksualbrotsmannen Jeffrey Epstein. Ein ugrei skandale i ei slik stund, ettersom Trump er skulda for kontakten sin med same mannen, og kongsbroren prins Andrew sameleis. 

«Eg kjente ikkje Mandelson», svara Trump på spørsmål frå pressa, for dei som ville tru. 

Særs ulike presidentar

Britane treng så sårt det nære tilhøvet til USA som grunnsteinen for utanrikspolitikken sin. I dette har dei ein føremon i den kulturelle og språklege nærleiken til USA som nasjonane på det europeiske fastlandet ikkje kan måla seg med. Sidan imperiet forsvann, har Storbritannia tvihalde på å vera den næraste venen til den sterkaste guten i klassa, og gjennom dette berga ein plass øvst ved bordet, enn så lenge. Attpåtil er den amerikanske presidenten med mor frå Hebridane halvt britisk av skotsk avbrigde i gena sine.

Det er noko litt anna enn forgjengaren Obama, som hadde arva ein motvilje mot det britiske frå ei slekt med bitre røynsler under det britiske koloniveldet, som hadde mishandla farfaren hans i Kenya. Og noko anna enn forgjengaren Joe Biden, med sine irske forfedrar, med det irske folkeminnet om britisk undertrykking.

Også dei keltiske forfedrane til Trump på Hebridane har hatt sine harde tider under det britiske storsamfunnet, men eg er i tvil om kor mykje Trump har fått med seg om det. 

Vaiande fjørbuskar gjer nytten

King Charles III and U.S. President Donald Trump sit in the Irish State Coach during the State visit by the President of the United States of America at Windsor Castle on September 17, 2025 in Windsor, England. Chris Jackson/Pool via REUTERS
Kong Charles III og USAs president Donald Trump kæyrer gullkaret.

Då britane drøfta utsiktene for ei handelsavtale med USA etter Brexit, gav Obama det iskalde svaret at Storbritannia «lyt stilla seg bak i køen». Trump derimot, han heia på Brexit, ytrar kvasse vondord om EU og let britane sleppa unna med lågare tollsatsar enn andre nasjonar og EU mellom dei.

Trump er kjent for å lata personkjemien mellom leiarar spela ei monaleg rolle i verdspolitikken. Då britane satsa på maksimal kongeleg prakt på Windsor-borga, med alt dei hadde av grenaderar og kavaleri på paradehestar, av vaiande fjørbuskar, blenkande hjelmar og Trump på det gildaste setet i gullkaret-ekvipasjen, då spela dei på eit mottakeleg, nærast barnleg punkt i sinnelaget hjå presidenten.

Ein kongetru republikanar

Trump har fortalt om den gongen han var knapt sju år gamal og sat i lag med den skotske mor si då ho fylgde kroninga av dronning Elizabeth på fjernsynet. Denne opplevinga så å seia på fanget til mor hadde sett spor i minnet hans for livet, minnest han. Det undrar meg ikkje, av di eg veit av eiga røynsle kor sterkt inntrykk i sjela synet av ei kroning i sitt fulle omfang kan setja hjå nokre av dei som er britiskfødde.

Eg skulle gjerne ha vore fluge på veggen då kong Charles vart sett i sving av Labour-regjeringa for å innby Trump til å drikka te i personleg samkome på Windsor. Enn om Charles hadde sagt til Donald: «Faktisk har eg framleis tittel som konge av samveldelandet Canada, og eg måtte opna det kanadiske parlamentet tidlegare i år – korleis har du tenkt å avsetja meg når du vil leggja Canada under USA?»

Eg gissar på at kongen fann det best å bita den merknaden i seg, som om ikkje regjeringa til Starmer hadde nok av suter frå før. 

Løyndomane er dei sams om

Det viktigaste var jamvel ikkje sentimentale og fåfengelege kjensler hjå president Trump. Aller viktigast for vertskapet i London var det å spela på banda mellom dei engelskspråklege nasjonane.

I realpolitikken gjeld dette på brei front i eit makelaust omfang, ikkje minst i militære saker, men også, i ei klasse for seg, «Five Eyes» («Fem augo»), det særs lågmælte, men tette og rotfesta samvirket i etterretning og gjensidige tryggingstiltak mellom USA, Storbritannia, Canada, Australia og New Zealand. «Five Eyes» er det mest omfattande mellomstatlege etterretningssamvirket som finst i vår tid. Dette samvirket i løynlege tenester mellom dei engelskspråklege frendenasjonane har stått ved lag i alle år sidan andre verdskrigen, medrekna all spionasje og kontraspionasje. Det er sjølvsagt understøtta av dei fremste høgteknologiske nyvinningane gjennom eit nettverk av etterretningssenter, til dømes det namngjetne GCHQ (Government Communications Headquarters) i Cheltenham i Vest-England, som har global rekkevidde.

Ein særskild føremon i dette samvirket, jamsides med teknologien, er at alle deltakarane kan snakka med kvarandre på eige morsmål. Dei har så mykje som er likt eller nært i den kulturelle bagasjen. Noko liknande er ikkje så lett å koma opp med for andre mellomstatlege etterretningsnettverk.

President Donald Trump and Britain's King Charles III review the Guard of Honour after the arrival at Windsor Castle in Windsor, England, Wednesday, Sept. 17, 2025. Kirsty Wigglesworth/Pool via REUTERS
President Donald Trump og Kong Charles III ved Windsor-slottet i England 17. september.

Nærskylde nasjonar

Dei sterke banda mellom dei i hovudsak etnisk nærskylde engelsktalande nasjonane gjeld på dei fleste felt i samfunnslivet, ikkje berre språkleg, men òg i forretningsliv og økonomi, i utdanning og akademisk formidling, i åndsliv og underhaldning, i nedarva institusjonar og rettsvesen. Britane møter lågare kulturelle tersklar i desse engelskspråklege landa enn dei gjer i geografisk mykje nærare land på det europeiske fastlandet.

Dette var bakgrunnen for at Storbritannia stod som den striaste bremseklossen i mest alle dei 47 åra øyriket var med i EU, – alltid på hogget for å hindra auka overnasjonal styring i unionen, noko som helst vart oppfatta av mange britar som innblanding i deira saker frå Frankrike og Tyskland. Brexit-tilhengarane såg på EU som ei tvangstrøye. Britane stod med éin fot i Europa og med éin fot utanfor, mykje i otte for at ein tettare union skulle undergrava banda deira til den engelskspråklege verda, der dei fann det næraste skyldfolket sitt.

Heile tida har plasseringa mellom EU og Amerika gjeve britane krevjande dilemma, ikkje berre i åra då dei var innanfor EU, men også no når dei på nytt er utanfor.

Den fyrste tida etter brotet med EU prøvde regjeringa leia av Boris Johnson å satsa på det nokre kalla «det globale Storbritannia», med vekt på oversjøiske nettverk, framfor alt til USA og til landa i Det britiske samveldet. Så snart Labour var attende ved makta, satsa dei på å forlika seg så langt som mogeleg med EU, samstundes som Starmer forsikra at han ikkje ville freista å melda nasjonen inn att i EU, av di forsøk på noko slikt ville riva opp for mange sår.

Det synte seg, truleg også for nokre av Brexit-tilhengarane, at livet utanfor EU hadde sine nye dilemma i tillegg.

Dei vart minte på at verda i dag har tre hovudmakter: USA, Kina og EU. I samanlikning med desse måtte Storbritannia streva for ikkje å bli ein statist i verdspolitikken, trass satsinga på venskapen med USA.

Ville samla kreftene

Ikkje minst kunne dei minnast kva som hadde vore den viktigaste drivkrafta bak starten på Fellesmarknaden, som vart EF og i dag EU: Etter den andre verdskrigen hadde dei gamle stormaktene på det europeiske fastlandet vest for Sovjet vorte avdanka og veikna, for ikkje å seia fallerte, skovne i skuggen av USA og den gongen også av Sovjet-imperiet. Gjennom EU kunne dei nedgraderte europeiske stormaktene bøta på si minska rolle i verda gjennom å spleisa saman kreftene sine, med litt ekstra støtte frå nokre av dei mindre europeiske statane som ville hengja seg på.

Det fagre siktemålet var at gjennom å fusjonerast i EU kunne dei framleis stå fram som ei verdsmakt om dei var sameina i unionen. Men desse planane stranda ofte på britane, av di Storbritannia var som ein stein i straumen mot integrering.

Brubyggjar med mjuk makt?

Utanfor EU, som frittståande aktør, møtte britane, med imperiet som eit stadig fjernare minne, det brysame spørsmålet: Hadde dei vorte ei makt av mindre vekt mellom dei tre store i verda, når dei ikkje lenger hadde del i ei av dei? Eller hadde dei tvert om endeleg fått fritt slag, i venskap med Amerika og dei engelsktalande nasjonane? 

Dertil rikt utrusta som aldri før med den mjuke makta, i kulturell innverknad og dess meir i populærkultur, med London som finansmetropolen, med engelsk rett som mønster for avtaleretten i internasjonale marknader, og med siger for det engelske språket på alle frontar.