Mektig fattigdom

Italia har teke kontroll over euroen og Den europeiske sentralbanken. Ryk Italia, ryk euroen. Slikt gjev makt.

Giuseppe Conte talar i sitt fyrste møte som statsminister til Senatet i Roma tysdag 5. juni 2018.
Giuseppe Conte talar i sitt fyrste møte som statsminister til Senatet i Roma tysdag 5. juni 2018.
Publisert

Munnhellet er like gamalt som banknæringa, men det er likevel sant: «Har du litt gjeld i ein bank, eig banken deg. Har du stor gjeld i banken, eig du banken.» Få stadar veit ein det betre enn i Italia, som har fått ny regjering utgått frå Lega Nord, som no kallar seg «Ligaen», og Femstjernersrørsla. Lat oss byrja med eit utdrag frå ein tale den nye statsministeren har halde.

Talen har vekt stor åtgaum og er slått opp overalt, særleg på universiteta. Talen handlar i hovudsak om den politiske klassa, som er verdas største og av mange, med god grunn, vert sett på som korrupt. Italia har over 200.000 heiltidspolitikarar, nasjonalt, regionalt og lokalt. Desse er lønsleiande og tener millionar, i tillegg har dei assistentar og hjelparar. Det finst ikkje gode tal, sidan systemet er alt anna enn transparent, men i Italia er det nok nær 1 million menneske som på eit eller anna vis er knytt til det politiske systemet. Og nei, vi snakkar ikkje om byråkratiet, men dei som altså er med på å laga politikk på vegner av demokratiet. Så talen:

«Eg representerer ei tradisjonell regjering som har til oppgåve å bryta opp det gamle systemet, for slik å få ein ny og stabil periode, vonleg under eit nytt valsystem. Det er difor eg slår med vengene. Det vi treng i Italia, er ikkje så mykje eit nytt system som ei ny politisk klasse. Berre for få månader sidan var det få som såg dette koma. Dei skriveføre har sagt at Italia er eit blokkert demokrati. Vi treng endringar, omfemnande endringar. Italienarane vil no ha ei anna politisk klasse. (...) Dei gamle mennene kjem ikkje lenger til å verta aksepterte.»

Eg laug

Alt no er dette ein av dei mest siterte talane i nyare tid i Italia, og eg har igjen nytta eit av dei mest utdaterte skrivetriksa ein journalist kan nytta. Sitatet er ikkje frå den nye og sitjande statsministeren, Giuseppe Conte, men frå professor Giuliano Amato, som var statsminister for ei teknokratregjering i ti månader i 1992–93. Talen heldt han ved London School of Economics i 1993.

Korleis gjekk det så med Amato og alle etterfylgjarane hans, som alle lovde å opna opp for ungdomen og reformera Italia. Då Amato tok over Italia, stod statsgjelda på 120 prosent av verdiskapinga. No arvar Conte frå Femstjernersrørsla ei skuld på 132 prosent, den registrerte arbeidsløysa ligg på 11 prosent, og underskotet på statsbudsjettet er på 2,5 prosent. I røynda har ikkje Italia hatt vekst, korkje i økonomien eller i produktiviteten, på 25 år, eit unikt fenomen innanfor kapitalismen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement