Politikk

Meir til distrikta og til utlendingar

I det alternative statsbudsjettet sitt snakkar Senterpartiet mykje om at dei vil satsa på nasjonalt eigarskap. Men skatteopplegget deira gjev utanlandske eigarar eit stort konkurransefortrinn.

Partileiar Trygve Slagsvold Vedum på Løvebakken etter pressekonferansen der Senterpartiet la fram det alternative statsbudsjettet for 2021.
Partileiar Trygve Slagsvold Vedum på Løvebakken etter pressekonferansen der Senterpartiet la fram det alternative statsbudsjettet for 2021.
Publisert

Dag og Tid har ikkje for vane å sjå på dei alternative statsbudsjetta dei ulike opposisjonspartia legg fram. No skal vi gjera eit unnatak. For Senterpartiet (Sp) er for tida faktisk så stort at den komande makta går gjennom dei. Denne veka gjekk Sp for fyrste gong forbi Arbeidarpartiet på VGs meiningsmåling. I neste periode kjem etter alt å døme alle statsbudsjett til å verta oppgjorde med eit kraftig Sp-stempel. Difor er det interessant å gå Sps alternative budsjett etter i saumane. Og berre for å slå det fast med ein gong: Ingen av dei andre store partia har gjeve seg sjølve ei så stort handlingsrom i 2021 som det Sp har. Det skulle ein tru også gav rom for store og særmerkte satsingar.

Sp byrjar med forsvar og beredskap: «Norge må ta et større ansvar for å ha et robust nasjonalt forsvar», skriv dei. Den 27. september i år sende Sp ut ei pressemelding. Der fortalde dei at partiet ville nytta 2 prosent av verdiskapinga i Noreg (BNP) på Forsvaret innan 2024. «Nå må partiene slutte å bare prate om forsvar, nå vil vi ha handling», sa forsvarspolitisk talsperson Liv Signe Navarsete.

No veit ingen heilt kva BNP vert i 2024, men i 2019 sa Nato at det norske forsvarsbudsjettet målt etter BNP var 12 milliardar for lite. Sp seier i det alternativet statsbudsjettet at dei vil auka løyvingane med 1,1 milliardar i 2021 samanlikna med framlegget til regjeringa. Skal vi nå 2 prosent-målet, må altså det skje i 2022 og 2023. I 2021 finn dei svært lite av forsvarspengane dei har lovt å finna, og det sjølv om Sp aukar oljepengebruken med 29 milliardar (15 milliardar etter budsjettforliket med Frp, red. merk.) utover det historisk ekspansive budsjettframlegget regjeringa har kome med.

Norwegian?

Den 18. november gjekk leiaren for Sp på talarstolen i Stortingets spørjetime. Trygve Slagsvold Vedum hadde på seg eit Norwegian-slips. Han ynskte å få vita kva Erna Solberg ville gjera for å berga Norwegian. Ved årsskiftet var 76 prosent av dei tilsette i selskapet utanlandsk arbeidskraft. Dei er lenge sidan Norwegian kunne kallast eit norsk selskap. I praksis er det av skattegrunnar eit irsk selskap. Nettopp difor søkte Norwegian om konkursvern i ein irsk domstol no i november.

Ved utgangen av september i år var skulda på 52 milliardar, hovudsakleg pantegjeld i fly og skuld til internasjonale leasingselskap. Det er særleg USA som kjem til å tapa pengar om selskapet går konkurs. Særleg Boeing har fått eksportgarantiar frå den amerikanske regjeringa. Men også Kina får svi. Vert Norwegian i si noverande form berga, går pengane til utlendingar. Om vi seier at den norske staten går inn med 15 milliardar for slik å redusera eksponeringa utlendingar har mot Norwegian, svarar det til å gje kvar norsk tilsett ved årsskiftet 6,7 millionar kroner.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement