Meir til dei best betalte
Trudde du at offentleg sektor hadde gode pensjonar? Berre vent til du får sjå kva lækjarane og andre høgt lønte får i framtida.
Arbeidsminister Anniken Hauglie (H) leidde i fjor forhandlingane med fagforeiningane om ny offentleg tenestepensjon.Arbeidsminister Anniken Hauglie (H) leidde i fjor forhandlingane med fagforeiningane om ny offentleg tenestepensjon.
Foto: Vidar Ruud /NTB scanpixFoto: Vidar Ruud /NTB scanpix
Arbeider du i ei privat verksemd og betaler like mykje i skatt som ein overlækjar, gjev staten deg vel 300.000 i pensjon om du arbeider til vanleg pensjonsalder, overlækjaren får opp mot 1 million. Du får mykje mindre av staten etter pensjonsreforma, overlækjaren mykje meir. Var det slik det skulle gå?
Alle pensjonssystem er baserte på at dei andre meiner dine krav overfor dei er rettvise. Difor fekk vi ei pensjonsreform. Politikarane, med Jens Stoltenberg i spissen, meinte at eldrebylgja i kombinasjon med eit av verdas rausaste pensjonssystem etter kvart ikkje ville ha legitimitet overfor dei som skulle finansiera systemet. Det kan illustrerast med pensjonane i offentleg sektor. Om dei ikkje vart endra, ville kostnadene ifølgje modellane til Statistisk sentralbyrå (SSB) verta tredobla i dette hundreåret. Stadig færre arbeidarar i ein stadig minkande privat sektor hadde måtta arbeide stadig meir og fått stadig mindre realløn for å finansiera stats- og kommunepensjonistane.
Difor fekk vi ei pensjonsreform, fyrst i privat sektor og no endeleg i offentleg sektor, som får sitt nye pensjonssystem fullt ut innført neste år. I privat sektor er pensjonsreforma mykje ei vidareføring av det som har skjedd i alle år etter at folketrygda vart innført i 1967. Då var det meininga at dei som hadde arbeidd mest og dimed skatta mest, skulle kunna få tre gonger så mykje i pensjon som dei som ikkje hadde arbeidd i det heile. Slik gjekk det ikkje, gradvis har pensjonen frå folketrygda vorte ein garantipensjon. I framtida vert skilnaden mellom dei som skal få mest og minst, berre 60.000–70.000 kroner i året. Ein minstepensjonist får i dag 200.000, ein maksimalpensjonist i framtida vil få om lag 270.000 når han eller ho går av ved fylte 67.
Innskotspensjon
Er du heldig og arbeider i ei verksemd som har tariffavtale, kan du rett nok få rundt 60.000 ekstra pensjonstida ut, den såkalla avtalefesta pensjonen, AFP. Staten skal etter avtaleverka finansiera 30 prosent av han. Så der gjev staten deg om lag 20.000 til i året, men berre under føresetnad av at du arbeider i ei verksemd som er organisert. Samla sett gjev staten og folketrygda deg maksimalt 300.000 i året i pensjon i framtida. Gradvis gjev staten deg minstepensjon same kor mykje du arbeider, resten må du og verksemda du arbeider i, finansiera sjølve.
Denne finansieringa vert i all hovudsak no samla i det som vert kalla innskotspensjon. Ei privat verksemd er pålagd å setja av 2 prosent av inntekta di til pensjon. Fagforeininga og verksemda kan verta samde om meir, men om det vert meir, vert løna di her og no tilsvarande dårlegare. Di meir du og arbeidsgjevaren betaler inn til pensjon, di mindre kjem det inn på konto medan du arbeider.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.