Meir pengar til Røkke og tyskarane
Langskip-prosjektet, lagring av CO2 på sokkelen, kan verta anten veldig dyrt og mislykka eller veldig billig og særs vellukka, skal vi tru regjeringa.
Brevik har vore heimen til norske sementproduksjon i over 100 år. I Brevik har dei grave etter kalkstein, i Brevik har dei smelta den same steinen.
Foto: Heiko Junge / NTB
Langskip
Regjeringa seier ho har nytta 16,8 milliardar på CO2-lagring.
Om verda ikkje held seg til Parisavtalen, er storparten av pengane bortkasta.
Om det vert vinst, får ikkje staten noko av kaka.

CO2-fangst
jon@dagogtid.no
Om vi skal vera ærlege med oss sjølve, og det bør vi vel av og til vera, handlar mykje av norsk klimapolitikk om å verna oljenæringa. Skal vi halda henne oppe gjennom klimakrisa, må vi få ned utsleppa, for slik å hindra at for mange veljarar røystar på parti som vil verta kvitt næringa. Finansdepartementet vedgår til dømes ope at den høge CO2-avgifta på sokkelen, i kombinasjon med at vi er ein del av kvotesystemet til EU, er eit dobbelttiltak som ikkje gjer noko godt for klimaet. At vi no i staden for å senda norsk straum direkte til Europa skal senda han ut i Nordsjøen, er noko få samfunnsøkonomar maktar å rekna heim – korkje i reine pengar eller i reduserte CO2-utslepp.
Men at vi vil verna oljenæringa ved å redusera dei direkte utsleppa, sjølv om dei dukkar opp ein annan stad, er på eit vis forståeleg. Om vi ser på 2018 og 2019, to år der oljeprisen ikkje var særleg høg, og ser på kor mykje alle dei store selskapa i verda betalte inn i offentlege kasser, er nummer éin på lista Saudi Arabian Oil. Nummer to er Petoro, som administrerer statens direkte økonomiske engasjement, og nummer åtte er Equinor. Om vi avgrensar oss til Europa, er Petoro nummer éin, Shell nummer to og Equinor nummer tre.
Ja, Petoro er føre både Apple, Samsung og Warren Buffett. Equinor betalte inn 50 prosent meir enn Toyota, verdas største bilprodusent. Takk vera oljen tærer ingenting på AS Noreg. I år har vi nytta enormt med pengar på koronatiltak og alt mogleg anna. Neste år skal vi nytta mykje meir pengar. Så lenge Kina og Asia fôrar oss med billige varer, bit ikkje eingong inflasjonen på. Oljepengane ser ut til å vaksinera oss mot nesten all økonomisk smerte.
Jørgen Kosmo
No har vi byrja med eit nytt klimatiltak: reinsing og lagring av CO2 på sokkelen. Der oljen og gassen kjem ut, skal vi no fylla på med CO2. Norsk sementproduksjon skal verta rein. Vi har vore her før: Månelandinga til Jens Stoltenberg kunne ha vorte ein av dei største konstitusjonelle skandalane i norsk soge. I god tid før valet i 2013 laga Riksrevisjonen ein rapport som synte at vi hadde kasta vekk svære summar på CO2-reinsing på Mongstad. Prosjektet vart så dyrt og vanskeleg at det var null sjanse for at nokon som helst der ute kom til å kopiera oss.
Men riksrevisor Jørgen Kosmo meinte at å offentleggjera rapporten kunne ha påverknad på valkampen, og heldt for fyrste gong i norsk soge attende ein riksrevisjonsrapport av politiske omsyn. Nærast heldigvis for Stoltenberg tapte han valet. Regjeringa Solberg la rapporten i skuffa. Ola Borten Moe la på si side ned prosjektet i den korte perioden mellom valet og bytet av statsrådar. Statoil la dessutan kort tid etterpå ned heile gasskraftverksatsinga, etter at staten hadde nytta 14 milliardar på teknologien som ikkje kunne forsvarast.
No skal vi prøva på ny. Regjeringa har laga ei satsing som dei kallar Langskip. Under pressekonferansen sa Erna Solberg heilt ope at prosjektet handla om å halda på arbeidsplassane i oljenæringa: «Alle som er opptatt av arbeidsplasser innen olje og gass, bør støtte opp om satsingen», var hennar påstand. I Aftenposten kort tid før skreiv samfunnsøkonomen og historikaren Einar Lie at han var klar over at tida med den nøytrale næringspolitikken var over, og at staten no var i full gang med igjen å plukka ut «vinnarar», særleg på klimafeltet. Men, gjorde han framlegg om: Sidan staten no igjen skulle gje så mange kroner direkte til dei rike, kunne det ikkje vera ein idé at staten i byte mot alle desse pengane fekk aksjar i verksemdene?
Lytta ikkje til Lie
Men nei, den ideen lyttar ikkje regjeringa til: Dei som får pengane frå staten, «skal eige og utvikle prosjekta», står det i stortingsmeldinga. 17 milliardar skal staten gje til – får vi tru – verdig trengande kapitalistar. Den dagen prosjektet vart kjent, gjekk kursen til Aker Carbon Capture opp med 11 prosent. Vinnaren er altså Noregs kanskje fremste kapitalist/lobbyist, Kjell Inge Røkke, som framleis, har han fortalt, angrar på at han ikkje kjøpte endå fleire oljerelaterte aksjar då han kom heim att til Noreg frå Amerika.
Den største vinnaren er likevel ikkje Røkke, men Norcem, som har ein svær fabrikk i Brevik, ja, den fabrikken som før heitte Dalen Portland. Både Norcem, Brevik og for den del Dalen Portland høyrest norske ut, og fabrikken er delvis eit resultat av utbygginga av Vemork. Han har stått der i over 100 år. Men nei, Norcem er ikkje norsk lenger. Norcem er ått av den tyske sementgiganten HeidelbergCement. At nett Norcem vart vald ut, er kanskje litt underleg, sidan mykje av varmeproduksjonen i Brevik går føre seg med biomasse, tre, som Norcem hevdar gjer produksjonen lite CO2-intensiv. Men faktum er at også biomasse slepper ut CO2 når han vert brend. Som Norcem vedgår: «Siden biomasse er klimanøytralt, gjør det at fabrikken får et lavere kvotepliktig utslipp. Likefullt er konsentrasjonen av CO2 i avgassene den samme.»
Det fine – i denne samanhengen – med sementproduksjonen er at han slepper ut særs konsentrert CO2. Det er ikkje så mykje som må reinsast. Når CO2-en så er samla og reinsa, og teknologien er det Aker som skal levera, vert han frakta til Øygarden, der han via røyr vert pumpa ut på sokkelen og lagra i grunnen. Anlegget Aker skal byggja, er eit såkalla fullskala prosjekt; alle dei 400.000 tonna med CO2 som Norcem slepper ut, skal fangast og pumpast ned i sokkelen. No får Norcem eit konkurranseføretrinn. Tyskarane kan selja CO2-fri sement på verdsmarknaden.
Går nok bra
Vil det lukkast? Ja, Aker får det nok til. Teknologien har eksistert sidan andre verdskrigen. Tre selskap har fått pengar til pilotprosjekt, Norcem, Yara og Fortum, som eig forbrenningsanlegget på Klemetsrud i Oslo, Fortum Oslo Varme. Yara gav opp sitt prosjekt, medan Fortum Oslo Varme har fått lovnad om pengar frå regjeringa om dei skaffar seg støtte frå andre i tillegg. På Klemetsrud er det Shell som eventuelt skal stå for utbygginga, og Shell har faktisk alt bygt to fullskala reinseanlegg i Canada der det går an å reinsa og lagra CO2.
No ventar lesarane på eit «men», og her kjem det: Borten Moe og Stoltenberg lét vera å landa på CO2-månen av ein enkel grunn: læring. Alt i alt hadde prosjektet truleg kome på 25 milliardar om det hadde vorte fullført. Då Borten Moe la ned prosjektet, sa han at verda har lært mykje. Ja, det hadde verda og Borten Moe sjølv. Verda og Borten Moe hadde lært at prosjektet var umogleg å kopiera. Det vart altfor dyrt. Det er det som er uroa her også. Norcem slepper ut 400.000 tonn med CO2 kvart år. Men alt i alt har regjeringa tenkt å nytta 17 milliardar på Langskip. Det vil gje Noreg ein CO2-reduksjon i rekneskapen på om lag 200.000 tonn, sidan utslepp frå biomasse ikkje tel med. Det er veldig lite for veldig mange pengar. Noreg slepper ut 50 millionar tonn i året.
Overføringsverdi?
Det vi treng for at ein så høg pengebruk kan forsvarast, er overføringsverdi og storskalaproduksjon. Sement er dessutan noko dei fleste ikkje lagar. Dei fleste som slepper ut CO2, slepper ut CO2 som ikkje er på langt nær så konsentrert som sementproduksjon. Grunnen til at regjeringa vil satsa på Norcem og gje Røkke og tyskarane alle desse pengane, er dei konsentrerte utsleppa. Det kjem nokså rein CO2 ut av pipene i Telemark. Sement har dimed truleg ikkje så stor overføringsverdi.
Men sjølvsagt er vona at verda kan reinsa det meste som er CO2-intensivt, som til dømes kolkraftverk. Ja, kolkraftverk er i dag langt dyrare å byggja enn til dømes gasskraftverk, som med tida er vortne særs effektive og utnyttar stadig meir av energien i dei fossile kjeldene. Men kraftverk som er bygde, har alt infrastruktur. Dimed slepp vi ei mengd ekstrainvesteringar som er påkravde når vi byggjer noko anna. Det er likevel ikkje altfor stor grunn til optimisme, om vi tenkjer pris. Noreg er på ingen måte dei fyrste som prøver å byggja reinseteknologi. I USA er fleire kolkraftverk alt ustyrte med reinsing.
Jeffrey Rissman og Robbie Orvis i Energy Innovation, som held til i San Francisco, har sett nærmare på kor dyre kolkraftverka med slik teknologi er, samanlikna med dei utan. Dei finn at dei med reinseteknologi er minst to tredjedelar dyrare. Dei avviser totalt at reinsing nokon gong vil verta så billig at teknologien kan forsvara reinsing av fossile kraftverk. Og ja, det finst svært mange kritiske røyster – berget som vert klatra, er så utruleg stort. I USA har subsidiane til CO2-lagring vore store, ei rekkje prosjekt har rett nok vorte vraka av di det har vore umogleg å forsvara kostnadene. Men sjølv etter at alle desse pengane er løyvde, er det knapt mogleg å leggja merke til karbonfangsten i USA. Kraftsektoren slepper ut 1,6 milliardar tonn CO2 per år. Berre 25 millionar tonn vert fanga. Kva seier likevel Joe Biden? At han vil gje store føderale tilskot og skatteunnatak for å «akselerera utviklinga og bruken» av karbonlagring.
Samfunnsøkonomi
Så om Biden kan, kan vel Noreg. Men alle store prosjekt der det offentlege er inne, skal ha ein bolk der det vert rekna på samfunnsøkonomisk lønsemd. Det har også stortingsmeldinga om Langskip. Der reknar dei på to måtar. Den eine er om dagens europeiske klimapolitikk held fram, altså om vi ikkje gjer CO2 mykje dyrare, men har avgifter og kvoteprisar som no. Den samla kostnaden ved heile Norcem-prosjektet er på mellom 21 og 28,5 milliardar kroner. Netto samfunnsøkonomisk nytte vert på mellom minus 12 og 16 milliardar dersom EU ikkje lanserer nye klimatiltak.
Så gjer regjeringa nokre grep, dei lanserer læringseffektar og skalaeffektar, Noreg som fyrlykt og leiestjerne. Då går prosjektet ved Norcem i minus på mellom 5 milliardar og 8,6 milliardar kroner. Vi som samfunn, altså skattebetalarane, tapar altså massivt, sjølv om vi tek med læring og skala. Men så kjem det fine: eit anna reknegrunnlag. Dei lagar eit alternativ der Parisavtalen vert oppnådd, og verda vil læra endå mykje meir av oss. I eit slikt scenario må CO2-utslepp verta ekstremt mykje dyrare og karbonfangst absolutt naudsynt. Då vert den samfunnsøkonomiske vinsten på mellom 10 og 12 milliardar. Læringseffekten, altså at andre vil kopiera oss nordmenn, kan – om alt går bra og verda vil sjå til Noreg – verta på over 19 milliardar. At satsinga ikkje nett samsvarar med incentiva i EUs kvotesystem, er ei anna soge.
I alle høve kan ein spørje: Dersom produktivitetsvinsten, eit anna ord for læringseffekten, har slikt potensial, kvifor bed ikkje regjeringa om aksjar i Aker? Nokon burde kan henda taka ein telefon til Røkke å spørja om han har lyst til å gje skattebetalarane nokre eigedelar, sidan det er dei som skal taka to tredjedelar av kostnadene.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Netto samfunnsøkonomisk nytte vert på mellom minus 12 og 16 milliardar kroner.
Fleire artiklar
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
«Om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.