JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Medisinsk og økonomisk uforsvarleg

Ved å flytta Ullevål sjukehus til det nye Rikshospitalet kvittar ein seg med delar av Rikshospitalets landsdekkjande funksjonar som sjukehusa rundt om i landet ikkje vil ha fagressursar til å tilby, meiner Eilif Holte.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nye Aker og Nye Rikshospitalet i fugleperspektiv.

Illustrasjon: Prosjekteringsgruppa for Nye Rikshospitalet.

6207
20230113
6207
20230113

Kommentar

eilif@holte.no

Vedtaket som Helse Sør-Aust har gjort om å leggje ned Ullevål universitetssjukehus og selje den 300 mål store tomta til eigedomsinvestorar, medan ein skal klare seg med ei altfor trong tomt på Gaustad, skjer trass i sterk motstand frå alle fagforeiningar og tilsettrepresentantar i styret. Dessutan er det uttrykt stor uro over betydeleg risiko frå så vel eigaroppnemnde styremedlemmer som frå toppsjefen i Helse Sør-Aust.

Dette vedtaket kjem til å utløyse ein investeringstrong på langt over 50.000 millionar kroner i fase 1 i prosjektet, noko som kjem til å ete opp eigenkapitalen til helseregionen og setje ein stoppar for mange andre sjukehusprosjekt.

Dette skjønar sjølvsagt òg styreleiar Svein Gjedrem, tidlegare finansråd og sjef for Noregs Bank. Likevel har han invitert styret til eit vedtak som er verken medisinskfagleg eller økonomisk forsvarleg og som dessutan føreset at staten tvingar gjennom ein reguleringsplan som ikkje er akseptabel for den byplanfaglete etaten i Oslo kommune. Riksrevisjonen ville vurdere kor haldbar utgreiinga var, men saka vart stoppa av den nytilsette riksrevisoren Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, noko som må seiast å vere i strid med god forvaltingsskikk.

Kva kan vere grunngjevinga for å vedta noko som er verken medisinskfagleg, byplanfagleg eller økonomisk forsvarleg? Ein skulle tru at regjeringa ville setje ned foten, slik ho har gjort med mange andre vidløftige prosjekt. Særleg skulle skandalen med Follobanen mane til ettertanke.

Når ein investerer langt over 50.000 millionar kroner, må ein kunne krevje at det skal gje tilsvarande nytteverdi. Med det er ikkje mogleg. Rett nok har Helse Sør-Aust laga nokre fine reknestykke, men dei byggjer på den føresetnaden at dei store låna som er nødvendige for å finansiere prosjektet, skal betalast tilbake med renter. Det kan berre skje om ein gjennom prosjektet oppnår ei effektivisering som frigjer midlar til renter og avdrag.

Den stipulerte effektiviseringsvinsten er høgst fiktiv då han ikkje er gjord sannsynleg gjennom eksisterande driftsbudsjett. Dessutan har dei kalkulerte prosjektkostnadene auka betydeleg år for år. Kvar einaste fornuftige risikoanalyse vil vise at den stipulerte nytteverdien av planane som ligg føre, høyrer til i ei fantasiverd, noko som dei tillitsvalde representantane på sjukehuset har peika på. Det er openbert at det ikkje er råd, uansett pengebruk, å effektivisere drifta samtidig som ein skal rive og byggje nytt vegg i vegg med høgst krevjande pasientbehandling. Stakkars pasientar som skal bli utsette for noko slikt!

Styret har plikt til å syte for at dei vedtaka som vert fatta, er forsvarlege. Det kan neppe vere tilfelle i denne saka, sidan det i styret er uttrykt betydeleg skepsis til planane. Men planen skal gjennomførast over så lang tid at når regnskapstimen kjem, er noverande styremedlemmer for lengst løyste frå ansvaret sitt. Altså er det risikofritt for styremedlemmene å setje i verk eit risikoprosjekt av dette kaliberet trass i alle innvendingar.

Men for Helse-Noreg vil det vere lagnadstungt. Det er sjølvsagt ei grense for kor mykje pengar helsesektoren får disponere, så éi krone brukt på eitt prosjekt gjev éi krone mindre til å finansiere eit anna prosjekt. Det blir ikkje plass til andre prosjekt når gaukungen på Gaustad veks seg ut av reiret. Vil dei andre sjukehusa i regionen og i dei andre helseregionane finne seg i ei slik fordeling?

Medan dei ansvarlege både i Stortingets skandaløse byggjesak og i follobaneprosjektet har uttalt, etter at katastrofen var eit faktum, at dei skal søkje etter læringspunkt, bør skattebetalarane seie at no er det nok! Noreg har ikkje råd til å bruke milliardprosjekt til øvingskøyring i prosjektfaget. Medan regjeringa manar til moderasjon i offentleg pengebruk og set prosjekt på vent, er det ikkje sett nøkterne rammer for dette prosjektet. Det er ein sjølvstendig grunn til å ta rev i segla.

Det store spørsmålet er likevel kvifor ein vil gjennomføre dei svært risikofylte planane på Gaustad og kvitte seg med den godt plasserte og uerstattelege tomtereserven ein eig på ullevåltomta. Ingen profesjonell eigedomsutviklar, som Helse Sør-Aust må reknast å vere, bør finne på noko slikt. Inntektene av eit tomtesal vil elles drukne i dei budsjettoverskridingane som heilt klart vil kome.

Ein må nok heller leite etter forklaringa i eit ønske som i mange år har versert i sjukehuskrinsar, nemleg å få eliminert eliteposisjonen som Rikshospitalet representerer, i samsvar med likskapsprinsipp som rir det politiske Noreg. Det ligg ikkje i norsk kultur at nokon skal vere likare enn andre.

Ved å leggje okalsjukehusfunksjonar til Rikshospitalet og bryte opp etablerte spesialistmiljø kvittar ein seg med store delar av Rikshospitalets landsdekkjande funksjonar for medisinsk behandling, noko som lokalsjukehusa ikkje vil ha tilstrekkeleg med fagressursar til å tilby. Men vil det gagne pasientane? Openbert ikkje. Røysta til pasientane blir overhøyrde i dette spelet.

Vi har sett ei rekkje opprør mot kontroversielle disposisjonar i sjukehussektoren, men stort sett talar dei for døve øyre. Kva tid er begeret fullt for dei tilsette som slett ikkje er på line med leiinga i Helse Sør-Aust, som på si side er lojale overfor det politisk pålagde mandatet? Kva tid kjem pasientrevolusjonen? Kjem styret til å vere i stand til å leggje prestisjen til side og tenkje seg om? Kvifor er ikkje Stortinget årvake i denne saka? Kva tid vil dei andre helseregionane ha eit ord med i laget? Kvifor vil ikkje Riksrevisjonen sjå nærare på om dette er ein ansvarleg omgang med statlege midlar?

Ålmenta bør ha like stort krav på svar som passasjerane på Follobanen krev svar på om nytteverdien av milliardinvesteringa er mogleg å forsvare og forklare.

Eilif Holte har i mange år arbeidd med kvalitetssikring av store byggeprosjekt og var med i ei arbeidsgruppe som på eige initiativ laga ei utgreiing om å halda på Ullevål sjukehus.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis