Med Ivan den grufulle som læremeister

Krigen og brutaliteten som russiske styrkar står bak i Ukraina, er ikkje overraskande. Herskarane i Moskva har følgt i det same sporet dei siste 500 åra.

Ivan den grufulle måla av Viktor Vasnetsov i 1897.
Ivan den grufulle måla av Viktor Vasnetsov i 1897.
Publisert Sist oppdatert

Ein såg det alt då Ivan den grufulle styrte Russland: I 25 år førte han krig. Målet var å nedkjempa den polske staten. Sjølv om Ivan brukte mest heile regjeringstida si på prosjektet, lukkast han ikkje. Ivan, med tilnamnet Groznyj – som tyder den trugande eller den som skapar skrekk – døydde i 1584 som ein nedbroten mann.

Eit par generasjonar etter hadde Russland ein ny energisk herskar, tsar Aleksej Mikhailovitsj. I 13 år førte han krig. Russland tok frå Polen heile den delen av Ukraina som ligg aust for elva Dnipro. Erobringa endra maktbalansen. Frå 1667 var det ikkje lenger Polen, men Russland som var den sterkaste staten i Aust-Europa.

Slaget ved Poltava

Sidan heldt det fram. Peter I, son til Aleksej, førte krig i 21 år mot Sverige. Etter at alle ressursane til både Russland og Sverige hadde vore mobiliserte, gjekk Russland av med sigeren. Ikkje tilfeldig fann det største og mest avgjerande slaget mellom dei to gigantane stad i Ukraina, ved byen Poltava. Slaget ved Poltava 27. juni 1709 skapte den russiske stormakta og endra Nordens historie for all framtid.

Sidan kom den tyske prinsessa, Katarina II, til makta. I to omgangar førte ho krig mot Tyrkia, slik at heile Ukraina blei erobra. Men den verkeleg store suksessen til Katarina var delingane av Polen. Russland skaffa seg i tre jafs kontrollen med Kviterussland, Litauen og store delar av det som i dag er Vest-Ukraina.

Konstante faktorar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement