Med helsing frå Kina
Mest truleg kjem koronaviruset til Noreg, seier Folkehelseinstituttet.
Indonesiarar kjem heim frå Wuhan i Kina og vert møtte av representantar for styresmaktene.
Foto: Antara Foto / Reuters / NTB scanpix
Som nær sagt alltid før dukkar nye virus opp i Kina, og frå Kina og ut i verda breier panikken seg. Verdsøkonomien sluttar å veksa, flytrafikk stoggar og fabrikkar vert stengde. Oppsida er sjølvsagt at media verda over har gode dagar. Panikk sel. Det alle vil vita, er om koronaviruset kjem til våre heimar og hus.
Are Stuwitz Berg er overlækjar ved Folkehelseinstituttet, som har det overordna ansvaret for å hindra smittespreiing i Noreg.
– Kva er problemet med dette koronaviruset? Det er då alltid virus der ute?
– Det primære problemet er at dette er eit heilt nytt virus, dimed er ingen immune mot det. Dersom det smittar relativt lett, som til dømes forkjølingsvirus, er det mange som kan verta smitta. Når det gjeld vanlege virus, er ein stor del av folkesetnaden immune, og dimed spreiar ikkje viruset seg som eld i turt gras. Koronaviruset kan derimot potensielt spreia seg til mange.
– Kan koronaviruset føra til alvorleg sjukdom hjå mange?
– Vi veit at viruset kan føra til alvorleg sjukdom, særleg hjå eldre og sjuke. Men vi veit i dag ikkje nok om kor stor del av dei smitta som utviklar alvorleg sjukdom. Virulensen, altså kor alvorleg viruset er, er enno nokså uavklåra.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.