JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Med helsing frå Kina

Mest truleg kjem koronaviruset til Noreg, seier Folkehelseinstituttet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Indonesiarar kjem heim frå Wuhan i Kina og vert møtte av representantar for styresmaktene.

Foto: Antara Foto / Reuters / NTB scanpix

4248
20200214

SAMTALEN

Are Stuwitz Berg

Overlækjar ved Folkehelseinstituttet

AKTUELL

Koronaviruset

4248
20200214

SAMTALEN

Are Stuwitz Berg

Overlækjar ved Folkehelseinstituttet

AKTUELL

Koronaviruset

jon@dagogtid.no

Som nær sagt alltid før dukkar nye virus opp i Kina, og frå Kina og ut i verda breier panikken seg. Verdsøkonomien sluttar å veksa, flytrafikk stoggar og fabrikkar vert stengde. Oppsida er sjølvsagt at media verda over har gode dagar. Panikk sel. Det alle vil vita, er om koronaviruset kjem til våre heimar og hus.

Are Stuwitz Berg er overlækjar ved Folkehelseinstituttet, som har det overordna ansvaret for å hindra smittespreiing i Noreg.

– Kva er problemet med dette koronaviruset? Det er då alltid virus der ute?

– Det primære problemet er at dette er eit heilt nytt virus, dimed er ingen immune mot det. Dersom det smittar relativt lett, som til dømes forkjølingsvirus, er det mange som kan verta smitta. Når det gjeld vanlege virus, er ein stor del av folkesetnaden immune, og dimed spreiar ikkje viruset seg som eld i turt gras. Koronaviruset kan derimot potensielt spreia seg til mange.

– Kan koronaviruset føra til alvorleg sjukdom hjå mange?

– Vi veit at viruset kan føra til alvorleg sjukdom, særleg hjå eldre og sjuke. Men vi veit i dag ikkje nok om kor stor del av dei smitta som utviklar alvorleg sjukdom. Virulensen, altså kor alvorleg viruset er, er enno nokså uavklåra.

– Korleis skal vi hindra det i å koma til oss?

– Det heng på mange faktorar. Men dersom viruset er særs smittsamt, kombinert med at mange ikkje har symptom eller ser sjuke ut, er det ikkje gjeve at vi kan hindra det i å koma til oss. Når ein kan smitte andre sjølv om ein ikkje har symptom, vil mange unngå dei tiltaka vi kan setja inn. Tiltaka handlar om å bryta den såkalla smittelekken. Det er mykje lettare å bryta lekken om vi ser kven som sjuke, enn om vi ikkje finn symptom hjå mange som er berarar.

– Men sarsviruset, som òg var eit koronavirus, vart aldri eit problem hjå oss?

– Dei som hadde sars, var i hovudsak tydeleg sjuke, og når det er slik, kan vi relativt lett kutta smittelekken. Men no er det ein del som tyder på at mange smitteberarar ikkje har symptom.

– Men korleis prøver vi likevel å bryta smittelekken?

– Kina har lagt karantene på Wuhan og områda rundt. Dei prøver å hindra folk frå område med smitte i å reisa til område der det enno ikkje er smitte. Folk får altså reiseforbod. drastisk til verks vil vi nok ikkje gå i Vesten eller i Noreg. Våre tiltak så langt er at dei som har symptom og har reist i områda med pågåande smitte, så snøgt som råd er oppsøkjer lækjar. Om vedkomande har viruset, isolerer vi personen samstundes som vi leiter mellom nærkontaktar og set opp tiltak.

– Og dette ligg fast?

– Kva slags strategi vi vel, kan endra seg alt etter korleis viruset grip om seg. Det er altså ikkje gjeve at vi kan hindra spreiing, då må vi avgrense fylgjene av smitten. Så langt har andre land makta å hindra at det smittar særleg utanfor Kina. Men om det er mogleg å halda fram med denne strategien, er det for tidleg å seia.

– Kor stort er problemet med at Kina har halde attende informasjon?

– No vil du ha meg til å seia noko politisk. Det er ikkje vårt område. Men ut frå det vi veit om genetikken i viruset, oppstod det truleg i november. Verda fekk vita om viruset i januar. Men vi veit ikkje kva som skjedde i Kina frå november til januar, det er spekulasjonar. Inntrykket er at når informasjon nådde Beijing, vart informasjonen delt med omverda. Kva som derimot skjedde lokalt i Wuhan, veit vi lite om. Men samanlikna med sars vart informasjon denne gongen delt mykje snøggare enn då sars oppstod.

– Mange lurer på om dei skal avlysa reiser til andre land. Er det naudsynt?

– Per no er det inga smittespreiing i miljøet andre stadar enn i Kina, og då hovudsakleg i Wuhan og områda rundt. Sa ja, du kan reisa. Men som alltid når ein er ute og reiser, bør ein nytta normale tiltak mot smitte. Det viktigaste er som alltid grundig handvask.

– Kjem korona til Noreg?

– Vi arbeider ut frå at det er sannsynleg, det vil i det minste ikkje vera uventa om det kjem hit på eit eller anna tidspunkt. Vi må vera og er førebudde.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Samanlikna med sars vart informasjon denne gongen delt mykje snøggare enn då sars oppstod.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

Terner og måsar er to underfamilier av den store måsefamilien, men skil seg vesentleg frå kvarandre i utforming, flukt og levestil. Terner har ei kløft i halen og spisse vengjer.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Makrellterna over vatnet

Gjennom oppveksten var ei av dei sterkaste opplevingane mine å oppdage den fyrste makrellterna blant hettemåsane.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis