Miljø
– Me har mange gode miljølover som ikkje blir følgde
Denne veka vann Naturvernforbundet og Natur og Ungdom rettssaka mot gruvedumping i Førdefjorden. Men kva betyr det at fleire og fleire miljøsaker hamnar i retten?
Aksjonistar frå Natur og Ungdom har fleire gonger prøvd å stoppe anleggsarbeidet ved Førdefjorden.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
– Denne veka vann de og Natur og Ungdom fram i eit søksmål mot staten om dumping av gruveavfall i Førdefjorden. «Utvilsamt ein av dei største sigrane til norsk miljørørsle», uttalte du til media? Kvifor det?
– Dommen kan bety spikaren i kista for fjorddumping som metode i norsk gruveindustri. Derfor er han så viktig. Han vil slik ha noko å seia også for andre gruveprosjekt. Deponiområdet i Førdefjorden er svært stort, og det er grunn til å tru at avfallet er så finkorna at det kan spreia seg vidare ut i fjorden. Det bryt mot miljølovene. Det me har vunne på, er vassdirektivet: I utgangspunktet er det forbode å øydeleggja reine vassførekomstar, om ein ikkje har særskilt gode grunnar til det. Me har argumentert for at det ikkje er noko overordna samfunnsomsyn å la ei gruve driva på billigast mogleg måte, og det har både Efta-domstolen og lagmannsretten no gitt oss rett i.
– Kvifor vel de domstolane som arena for miljøkampen? Kan de ikkje vinna fram politisk?
– Dette var ikkje berre ei rettssak om Førdefjorden, men også ei rettssak om rekkjevidda av vassdirektivet og korleis vassdirektivet skal forståast. Lova seier at det skal særskilt gode grunnar til, av stor samfunnsmessig betydning, for å godkjenna forureining av reint vatn. No set denne dommen klare skrankar for kva som er slike overordna samfunnsinteresser. Derfor er dette ein viktig dom for alle vassførekomstar, ikkje berre Førdefjorden. I denne konkrete saka har me dessutan brukt alle tilgjengelege politiske verkemiddel. Det har vore drive politisk arbeid i 17–18 år: Me har gjort fleire faglege utgreiingar, me har arrangert møte og skrive høyringar, Natur og Ungdom aksjonerte mot utbygginga. Likevel pressa regjeringa igjennom fjorddeponi. Då meinte me at det var rett å gå til retten, då ikkje noko anna fungerte.
– Nordic Mining vinn ut rutil og granat, viktige mineral i måling og i slipeprosessar. Er ikkje minerala viktige for samfunnet?
– Det argumentet vart presentert for domstolane og avvist. Domstolane meinte minerala var viktige, men ikkje så viktige at ein kunne tillata øydelegging av ein vassførekomst. Det finst tilfelle der ein kan tillata øydelegging av vassførekomstar, men lønnsemd for eit gruveselskap som skal utvinna kvite pigment, er ikkje eit slikt kriterium.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.