JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Måndag 6. februar markerte starten på Tråante 2017 i Trondheim, 100-årsjubileet for det første samiske landsmøtet i Noreg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Blabla

Blabla

Blabla

Blabla

2174
20170303
2174
20170303

To veker seinare sit 20 vaksne menneske på bussen i den same byen.

– Sjå! Ein same!, ropar dei og gaular «Sámiid Ædnan» av full hals, om att og om att.

Dei døyvar all annan lyd. Det sit ei jente med samisk gapta på eit av seta. For henne kunne dei like gjerne ha sagt lappjævel.

Mars, 2016: Eg er med ei veninne på konsert i Oslo. Idja er konsertkveldar for unge, der urfolkskultur og moderne musikk møtest. Ei gaptakledd jente spør om vi er samar. Eg svarar nei. Det eg kan om samisk kultur, har eg lært i grunnskulen.

– Sa du at eg ikkje er same, spør veninna forundra.

Det er tydeleg at eg har teke sats, med vernesko, og hoppa i salaten. Ho skriv bacheloroppgåve om samisk litteratur og skal sjå ein poet i aksjon på konserten. Ho har gått rundt med kulturarv oppetter øyra, utan å seie at kulturarven er hennar. Det er 2016, tenkjer eg, ikkje 1800. Likevel har eg tvinga henne ut av skapet.

Det er ho som sit på bussen i februar, eit knapt år seinare.Gaptaen har ho nytta i over to år. Ho har brukt fleire tusenlappar og sprengt ei symaskin for å få det til. Banda har ho vove sjølv. Ho har fått seg skallar og er som ein fireåring på julaftan. Endeleg skal ho få vere med. Men ho er redd.

– Har eg rett til å ta på meg kofta, spør ho.

Ho har søkt til Sametinget og Norske Samers Riksforbund om støtte til verkstad i samisk doudji. Men ho har ikkje signert søknaden med etternamnet sitt.

– Det er ikkje samisk nok, skriv ho til meg.

– Må eg bytte?

Omgrepet heilsame er ukjent for meg. For henne står identiteten på spel.

Då ho fortel om bussopplevinga på Facebook, tikkar motargumentet inn:

– Eg tykkjer du skal vere stolt over at folk ser deg og har litt kjennskap til kva samar er i dag.

Men kvar går grensa? Ein same er meir enn ein gapta, eit reinsdyr og ein snøscooter. Skal 20 personar få redusere eit menneske til ein karikatur av det ho stolt ber på kroppen? Skal ho smile og gratulere dei med at dei trur dei kan «Sámiid Ædnan»?

Mone Celin Skrede er praktikant ved Nynorsk Avissenter.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Omgrepet heilsame

er ukjent for meg.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis