Kommentar

Maktkampen etter valet

Kva skjer når partileiarar tappa for søvn og energi tek historiske avgjerder etter val? To ferske bøker og ein gamal statsvitarhøvding gir innsikt i det som ventar.

  

Partileiarane under partileiardebatten på TV 2 i august i år.
Publisert Sist oppdatert

Dei politiske motsetnadene er sterke også innanfor venstre- og høgresida. Etter det siste stortingsvalet havarerte regjeringsforhandlingane på Hurdalssjøen hotell. Eit massivt raudgrønt fleirtal gav inga ny fleirtalsregjering. Kva skjedde? Og kva skjer etter dette årets val, når sigerherrane møtest med nyslipte forhandlingsknivar?

To svært gode nyare bøker gir innblikk i korleis regjeringsforhandlingar etter val går føre seg. For å kome under overflata må vi også ty til innsiktene til ein gamal statsvitarhøvding.

Ulv, skatt, olje, klima

Det kokte ned til ulv, skatt, olje og klima. Jonas Gahr Støre vart overraska då Lysbakken braut forhandlingane om ei felles regjering i Hurdal. Det burde han ikkje vorte.

I sjølvbiografien til tidlegare SV-leiar Audun Lysbakken frå sist haust fortel han inngåande om spelet på bakromma då SV sjokkarta braut forhandlingane med Arbeidarpartiet og Senterpartiet etter den raudgrøne valsigeren i 2021. Og i boka som tidlegare KrF-rådgjevar, no kommentator og redaktør Emil André Erstad gav ut om Støre i vår, Fyrsten, vert vi betre kjende med vurderingane til Støre den gongen.

Erstad peikar på at Støre sjølv, kanskje den største eksperten på diplomati av alle politikarane våre, gav etter for Senterpartiets forhandlingsopplegg, som nærast var ei oppskrift på forhandlingsbrot: Køyr på med det vanskelegaste først i staden for det motsette. Planen var å få sendt SV heim, og akkurat der lukkast Senterpartiet godt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement