Maktkamp i akademia

Noreg skal få eit nytt forskingssystem, ser det ut som. Spørsmålet er om vi får betre kvalitet. Nei, seier mange.

Edvard Moser har protestert kraftig mot det nye forskingssystemet for publisering som Forskingsrådet vil ha gjennomført. Her gjer han og May-Britt Moser seg klare til å taka mot Nobelprisen i medisin i 2014.
Edvard Moser har protestert kraftig mot det nye forskingssystemet for publisering som Forskingsrådet vil ha gjennomført. Her gjer han og May-Britt Moser seg klare til å taka mot Nobelprisen i medisin i 2014.
Publisert

Det er sinne og frustrasjon i norske universitetsmiljø. Over tusen forskarar har skrive under opprop, nobelprisvinnaren Edvard Moser har gått ut mot sitt eige universitet og Noregs Forskingsråd og hevdar at dei øydelegg hans eige forskingsmiljø og norsk forsking generelt. Opprøret handlar om nokre obskure forkortingar og underlege namn, nemleg Dora og Plan S. Kjell-Erik Lommerud er ein av opprørarane, han er professor i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Bergen og har publisert i internasjonale prestisjetidskrift, som i denne samanhengen er relevant.

– Kva er Dora?

– Dora er ei fråsegn om korleis ein skal vurdera folk i akademia. Fråsegna seier at ein ikkje skal nytta tidsskrift som eit sterkt signal om godt eller dårleg. Dora er opphavleg amerikansk. Der borte er det så godt som uråd å få fast stilling utan å ha publisert i dei mest prestisjetunge tidsskrifta. Ein kan forstå at ei så grov kvalitetssikring skapar frustrasjon, men Dora hamnar i den andre grøfta. Om ein ikkje skal nytta publiseringskvalitet i det heile, vert ting heilt upraktisk. Nett no skal vi tilsetja ein fyrsteamanuensis på mitt institutt, 30 har søkt på stillinga. Om vi ikkje skal taka omsyn til kva dei har publisert, men lesa alt heilt sjølvstendig, vert oppgåva uoverstigeleg. Skal vi gjennomføra prosessen effektivt, må vi gå ut frå at tidlegare vurderingar av arbeida deira har vore gode. Og dei beste vurderingane kjem i dei høgst rangerte tidsskrifta.

– Om de ikkje skal sjå på kvar dei har publisert, kva skjer då?

– At komiteane som vurder kandidatane, får uhorveleg stor makt. Komiteen kan koma med eigne private synspunkt, som det vert vanskeleg å seia mot. Om vi ikkje kan nytta tidsskriftskvalitet som mål, kan vi ikkje lenger seia at påstandar om kvalitet er tull. Ja, Dora er underskriven av 800 internasjonale institusjonar, men svært mange av desse er til dømes spanske eller står langt nede på internasjonale rangeringar. Noreg står her i ei særstilling. Forskingsrådet er nemleg sterkt for, og dei har fått med seg Universitetet i Søraust-Noreg, NTNU og Universitetet i Tromsø. Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen har derimot ikkje skrive under. Forskingsrådet seier likevel at Dora skal gjelda i Noreg, noko eg tykkjer er ein pussig påstand, sidan to av dei tre største universiteta ikkje har skrive under.

– Kva er Plan S?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement