Makta ligg hjå dei få

Er det udemokratisk at Senatet for tida gjer amerikansk høgsterett meir konservativ? Det kjem an på augo som ser og historia.

President Donald Trump (t.h.) helsar på Brett Kavanaugh, ny domar i USAs Høgsterett. Med utnemninga av Kavanaugh vart Høgsteretten klart meir konservativ, men ikkje totalt.
President Donald Trump (t.h.) helsar på Brett Kavanaugh, ny domar i USAs Høgsterett. Med utnemninga av Kavanaugh vart Høgsteretten klart meir konservativ, men ikkje totalt.
Publisert

Mot slutten av livet vart Dwight D. Eisenhower spurd om han kunne fortelja kva dei tre største mistaka han stod for i Det kvite huset, var. Det kunne Eisenhower, og han sa, får vi tru, med litt glimt i augo: «Dei tre største mistaka mine var Earl Warren, Earl Warren og Earl Warren.» Her kan kanskje progressive vestlendingar kjenna seg litt nøgde, for det verkeleg namnet til Warren, før faren amerikaniserte det, var Jarle Vårå. Faren Mathias kom frå Torvastad og var jarnbanearbeidar i California.

Vi nordmenn kjenner kanskje Warren best frå drapet på John F. Kennedy. Warren leidde granskingskommisjonen som på overtydande vis konkluderte med at Lee Harvey Oswald var åleine om drapet på Kennedy. Mange amerikanarar kjende han best som republikansk politikar. Warren var ein konservativ jurist og vart i 1938 vald til riksadvokat i California, der han seinare, med ein viss iver, iverksette det noko grunnlovsstridige pålegget frå Franklin D. Roosevelt om å internera japanarar etter Pearl Harbor. Det gjorde han så populær at han i 1942 vart vald til guvernør i California.

Tapte nominasjonen

Warren vart etter kvart den mest populære aktive republikanske politikaren i USA. I 1948 stilte han som visepresidentkandidaten til Thomas E. Dewey, og i 1952 prøvde han å vinna sjølve presidentnominasjonen mot ikkje-politikaren Eisenhower, som vart den fyrste republikanske presidenten på 20 år. Og her er vi nesten framme ved poenget i halvspøken til Eisenhower: Eisenhower var ein nokså progressiv fyr på mange vis, han likte til dømes ikkje open rasisme og straff for homofili, men han var òg konservativ og oppteken av kva veljarane meinte. Eisenhower ville fyrst og fremst halda på samfunnsfreden og likte ikkje radikale endringar, ting skulle skje sakte. Han utnemnde difor det han trudde var ein nokolunde konservativ Warren til domar i Høgsteretten.

Eisenhower fekk stor støtte i det republikanske partiet for utnemninga. Det var naturleg, for under Roosevelt og Harry Truman hadde Høgsteretten vorte mykje meir progressiv. Det var ikkje domstolen då Roosevelt fekk makta. Roosevelt prøvde å gjennomføra strenge økonomiske reguleringar, både priskontroll, minsteløn og kva slags varer ein kunne selja når og til kven. I 1935 rauk det meste av reguleringsregimet Roosevelt hadde innført. Éin regel gjorde det nemleg nær umogleg å selja enkeltkjuklingar slakta på kosher-vis, og førte til store oppslag i pressa etter at nokre ortodokse jødar fekk bøter. Dei jødiske slaktarane nekta å godtaka bota og anka heile vegen opp. Høgsterett kom til at regelen var grunnlovsstridig, og sa samstundes at Roosevelts påstand om at det strenge reguleringsregimet kunne innførast av di USA grunna depresjonen var i unntakstilstand, ikkje heldt. Det er ikkje til å koma forbi at konservative domarar øydela mykje av New Deal ved å hevda at Roosevelt ikkje respekterte grunnlovsverna fridomar, særleg den frie avtaleretten.

Roosevelt tapte

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement