Kommentar

Lygekorset med sverd og eikelauv?

Eirik Kristoffersen fekk Krigskorset med sverd for leiinga av spesial­operasjonar i Afghanistan. I den viktigaste skulle ein sentral Taliban-leiar ha blitt arrestert. Så begynte historia å smuldre opp.

Mohammed Naseem fotografert av Anders Hammer i 2009. Naseem ville då gå til sak og krevje erstatning frå Noreg. Han blei drepen under uklåre omstende året etter.
Mohammed Naseem fotografert av Anders Hammer i 2009. Naseem ville då gå til sak og krevje erstatning frå Noreg. Han blei drepen under uklåre omstende året etter.
Publisert Sist oppdatert

Om natta den 17. september 2007 la ei gruppe norske og amerikanske spesialsoldatar ut på eit hemmeleg oppdrag i Afghanistan. Dei skulle til Tagab-dalen, berre litt søraust for Kabul, for å ta den lokale Taliban-leiaren Qari Nejat til fange. I ly av mørket blei dei flogne inn i det Taliban-kontrollerte området med helikopter. Operasjonen blei leidd av Eirik Kristoffersen frå eit høgdedrag i nærleiken av målet. Bror hans, Frode Kristoffersen, skulle gjennomføre sjølve pågripinga.

Les tilsvaret frå Forsvaret nedst i saka.

Opprørsleiaren blei tatt til fange og frakta ut av området, utan at nokon kom til skade eller eit einaste skot blei løyst. «Effekten av aksjonen og arrestasjonen var umiddelbar blant de lokale. Det var selvsagt fortsatt sympatisører igjen, men det var en leder mindre igjen i dalen. Uansett om han ble sittende i fengsel eller satt fri, var han nå kompromittert», skriv Kristoffersen i det dramatiske første kapittelet av boka Jegerånden (2020).

I ettertid har forsvarssjefen fortalt den same spektakulære suksesshistoria fleire gonger, og med mykje detaljrikdom, i intervju på TV og radio, i podkast og altså i bokform.

I 2011 blei Kristoffersen og tre andre som deltok i operasjonen, dekorert. Kristoffersen fekk Krigskorset med sverd, den høgst rangerte militære utmerkinga som er mogleg å oppnå i Noreg. Broren Frode fekk St. Olavsmedaljen med eikegrein, den nest høgste norske krigsmedaljen. Ei stund seinare samanlikna Kristoffersens sjef, Torgeir Gråtrud, operasjonen der Nejat blei tatt til fange, med tungtvassaksjonen på Rjukan under andre verdskrigen.

Bragda i Afghanistan følgde Kristoffersen tett mens han klatra oppover ein uvanleg bratt karrierestige. I 2019 blei han sjef for Hæren – trass i at han eigentleg, om ein ser bort frå ein kort periode som sjef for Heimevernet, hadde lite erfaring med å leie anna enn små patruljar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement