Lønsame kraftkablar
Ja, utanlandskablane gjev oss dyrare straum. Men om det er eit gode eller eit vonde, er som å spørja kva som er best av høg og låg skatt.
Straumkablar til Tyskland og Storbritannia vil gjere oss rikare, skriv NVE.
Foto: Statnett
Det norske ordskiftet om utanlandskablar er ordskiftet som går og går, men aldri kjem til døra. Det er alltid nokon som påstår at kablane gjev oss billigare straum. Men tysdag fekk vi kanskje fasiten. For då kom NVE – Noregs vassdrags- og energidirektorat – med ein rapport der det vart slege fast at ein ny utanlandskabel til Skottland – den såkalla Northconnect-kabelen – gjev norske forbrukarar dyrare straum om han vert vedteken. Det vert han ikkje om Framstegspartiet og Senterpartiet får viljen sin. Dimed vert kabelen ein test på om grunnkonstellasjonen i norsk energipolitikk – den mellom Høgre og Arbeidarpartiet – framleis held. Det gjer han neppe, sjølv om samarbeidet stort sett har vore ein garantist for at Noreg byggjer ut energiinfrastruktur som er samfunnsøkonomisk lønsam.
Og sjølv om Northconnect gjev oss dyrare straum, vil han likevel gjera oss alle rikare i 40 år framover, skriv NVE. Eller som NVE-direktør Kjetil Lund summerer det heile opp i Dagens Næringsliv: «Kraftkabelen Northconnect til Skottland er samfunnsøkonomisk lønnsom. Den vil øke norske kraftpriser med ett til tre øre per kilowattime i snitt, og mest når prisen er lav.» Lund er samfunnsøkonom og har mellom anna arbeidd for Jens Stoltenberg.
Du og vi og staten
Korleis kan det ha seg at noko som gjev deg og meg høgre straumprisar, er lønsamt? Samfunnøkonomiske analysar ser ikkje berre på deg og meg, dei ser på alle som tener og taper innanfor eit avgrensa område, typisk ein nasjon. Samfunnsøkonomar seier at noko er lønsamt om vi samla, staten, kommunane, verksemdene, bankar, eigarar…, sit att med høgre inntekt enn vi elles ville gjort om vi ikkje gjennomførte det og det tiltaket.
Noreg har etter kvart fått mange utanlandskablar, til Sverige, Danmark, Nederland og snart Tyskland. Det dei har til felles, er at dei alltid har vore analyserte som samfunnsøkonomisk lønsame, og at dei stort sett har gjeve oss nordmenn høgre kraftpris her heime. Den føresetnaden kviler rett nok på at vi i Noreg i eit gjennomsnittsår har kraftoverskot, og at dei landa vi har kablar til, har høgre kraftpris enn vi har her heime. Dei to premissane, kraftoverskot og lægre pris i Noreg, har halde dei siste 40 åra, og NVE legg i analysen av Northconnect til grunn at dei to føresetnadene vil halda i 40 år til.
Utnyttar prisskilnad
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.