JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Hat

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1938
20220121
1938
20220121

Det er eit underleg ord å smaka på no, men eg trur likevel at hat best skildrar kjenslene eg i ein mannsalder hyste for han som før jul blei gravlagd på statens kostnad frå Ullern kirke i hovudstaden. Trass i at eg aldri hadde møtt mannen før me hamna i same sjukehusavdeling.

Kvifor hata eg Kåre Willoch? Av di han nekta PLO å opna informasjonskontor i Noreg i 1986? Neppe, det var truleg av di det var Willoch som gav andlet til den høgrebølgja som skylde over Noreg i dei formative åra då eg for det meste loffa rundt i heilt andre land.

Så bortreist kan eg ha vore i 1980-åra at Noreg mest berre var ein fantasi, med Willoch som slange i mitt forlorne paradis. «Om Margaret Thatcher vart gravid med Ronald Reagan, ville fosteret sjå ut om lag som statsministeren vår», som eg pleidde seia.

Slik dreiv eg på lenge etter at eg burde vita betre. Til dømes ved å leggja vekt på at Willochs Høgre var systerparti til general Francos gamle Partido Popular i Spania, og så bortetter med Pinochet og Reagans Iran/Contras, og på same tid som eg oversåg det kloke og gode som mennesket Willoch faktisk meinte og gjorde, ikkje minst for palestinarane.

Og ikkje berre Kåre. Eg hata sjølvsagt også Gro, for Alta-utbygginga, i skort på betre påskot.

Dessutan hata eg jo Jens: Stakk han ikkje av etter å ha rygga på ein bil i 1990-åra? Det fekk meg til å setja himmel og jord i rørsle for å finna eigaren til den parkerte bilen eg sjølv rygga på i Stoa ved Arendal. Eg skulle aldri søkka så lågt som den komande generalsekretæren i Nato, og eventuelt den komande sentralbanksjefen.

I dag innser eg at kjenslene for Kåre, Gro og Jens hadde fint lite med politikarane å gjera. Dei var tilfeldige offer for ein ungdomleg trong til å ordna verda på enklaste vis i heltar og skurkar – og indianarar, som i ein gamal cowboyfilm. Med åra ser ein nyansar og innser at heltane og skurkane kan vera dei same, og at det er ungdomen som er utilrekneleg.

Jox

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis