JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Covid-19

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2051
20220218
2051
20220218

Det går ein nemesis gjennom livet. Eg er av dei som meiner Anders Tegnell er ein helt. No sit vi med ein slags fasit. Ja, Sverige fekk langt fleire døde i 2020 og eit godt stykke ut i 2021 enn kva Noreg fekk. Den dag i dag er det slik at fleire døyr av covid-19 i Noreg enn i Sverige.

Men om vi ser på samla mortalitet, til dømes døde per 10.000, er det ikkje lenger skilnad å snakka om mellom Noreg og Sverige. Mitt tips er at når vi legg saman 2020, 2021, 2022 og 2023, kjem ikkje covid-19 til å vera synleg i dei svenske dødstala. Dei som døydde av covid-19 i Sverige, hadde i løpet av desse fire åra døydd likevel, men med ein annan diagnose.

Eg er klar over at eg høyrer til ei lite mindretal som meiner dette, sjølv om Camilla Stoltenberg og Folkehelseinstituttet før 12. mars 2020 ville gjera nett det Tegnell gjorde. Ein klar majoritet i Noreg har ynskt tiltaka velkomne. Samstundes var 60 prosent mot å fjerna både meteren og munnbandpåbodet. Desse meiner og meinte at covid-19 er mykje farlegare enn andre luftvegsinfeksjonar.

Eg meiner derimot at fleirtalet er sprø og lid av risiko­vegring. No har dei som meiner pandemien er fæle saker, fått eit argument til – meg. For tre veker sidan i dag fekk yngstesonen min på 13 år covid-19. Han vart litt sjuk, men ikkje særleg, men han smitta dei to eldste syskena. Dei vart litt sjukare. Eg ynskte sjølvsagt å verta smitta, særleg av di Stoltenberg sa at det var lurt å få sjukdomen rett etter at ein har vorte vaksinert med den tredje dosen. Eg bad borna mine nysa på meg. Ingenting skjedde, før alt skjedde.

Eg fekk fire dagar med høg feber, 38,6 om morgonen, 39,5 om kvelden. Eg hosta så lungene nesten kom opp gjennom munnen. Eg kan faktisk ikkje hugsa å ha vore så sjuk sidan eg fekk vasskoppar då eg var 16 år.

No sit eg her, 15 dagar etter at eg vart sjuk. Eg er svak som ei gamal dame, søv dårleg, gruer meg til å dusja meg, sveittar støtt og orkar ikkje å laga middag. Så no kan dei som ville ha strenge tiltak, fryda seg. Men eg meiner framleis at Tegnell er ein helt.

JH

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis