JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Abonnent

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1903
20221014
1903
20221014

Det var så lett å begynna. Berre eit klikk, så var eg ein del av Andeby-klubben. Eg fekk velkomstgåve og mange glade e-brev. I den grad eit masseprodusert velkomstbrev kan vera personleg, så skåra dei høgt. Eg hadde ikkje fått eit abonnement på Donald Duck & Co, eg hadde fått eit ANDbonnement.

Det var hyggeleg så lenge det vara, men på eit tidspunkt var det nok. Blada hadde hopa seg opp utan å bli lesne, og eg såg meg nøydd til å setja strek.

Me hadde ein grei tone heilt til eg ville seia opp andbonnementet. På «Min side» kunne eg gjera alt, ALT, utanom å seia opp enkelt. Det næraste var å stoppa andbonnementet for ein periode.

Så eg laut senda ein kald e-post.

Her er svaret eg fekk i ein e-post med «Kvakk for følget» i emnefeltet:

«Du har sagt opp ditt abonnement (hyyl, snufs og gråt!) og vil snart motta din siste utgave av Donald – for denne gang. Vi håper selvfølgelig at du ønsker å komme tilbake til oss i Andeby en gang i fremtiden. (Bare spør oss hvis du vil låne tidsmaskinen til Petter Smart, da går tidsreisen mye fortere!)

I mellomtiden jobber vi sent og tidlig (mest sent, Donald er ingen morgenfugl) så vi kan lage verdens beste ukeblad! For å få til det trenger vi din hjelp for å vite hvorfor akkurat du valgte å si opp ditt ANDbonnement.

Vi håper derfor du kAND bruke ett lite minutt på å svare på noen spørsmål – slik at vi kan gjøre de endringene som skal til for å kanskje få deg tilbake til Donald og resten av gjengen i Andeby!

Fjærlig hilsen redaktøren.»

Forlaget Egmont ringde seint og tidleg, frå ein bråte ulike, men nesten like, nummer. Det hadde kanskje hjelpt om eg hadde teke telefonen, men det gjorde eg ikkje. Eg, som dei fleste andre, vil ikkje snakka med seljarar på telefonen.

Fjære redakfjør og forlag,

Saft suse, for eit mas! Den mest effektive endringa eg kan råda dykk til å gjera, er å slutta å vera så pågåande.

Kvakk for meg.

Clementine

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis