Listhaug vil nytta meir pengar ute– Det er trist å tenkja på kor mange fleire vi kunne ha hjelpt, seier innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp).

– Det er trist å tenkja på kor mange fleire vi kunne ha hjelpt, seier innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp).

Publisert

Noreg nyttar i år 6,7 milliardar på mindreårige som kom til landet i 2015. Same året gav vi 1,25 milliardar i hjelp til syriske flyktningar i Syria og i nærområda. I 2016 gav vi 980 millionar til UNHCR. Vi spurde innvandringsminister Sylvi Listhaug om kvifor vi bruker så mykje her heime og så lite der ute.

– Dette er konsekvensen av ein asylpolitikk som løner dei som kjem seg til Noreg framfor å ha som mål å hjelpa flest mogleg. Det er trist å tenkja på kor mange fleire vi kunne ha hjelpt. Mange millionar menneske sit i flyktningleirar i alt frå Kenya til Libanon. Mange av dei er gløymde.

Listhaug meiner Noreg har eit ansvar for å gjera det vi kan for å hjelpa.

– Den britiske innvandringsministeren fortalde meg at dei kunne hjelpa 100.000 born der ute for den same prisen som det kosta å hjelpa 3000 born i Storbritannia. Men i staden for kampanjar for dei gløymde flyktningane, har vi sett kampanjar frå media og politikarar for å gje opphald til asylsøkjarar som har fått avslag og ikkje treng vern i Noreg, som til dømes «oktoberborna». Dei er i røynda vaksne menn som har vorte vurderte til ikkje å behøva vern.

Listhaug seier at dei som kjempar for ein liberal asylpolitikk, må taka innover seg at fleire asylsøkjarar til Noreg tyder mindre hjelp til dei som sit i flyktningleirar og treng helsehjelp, skulegang, medisinar og anna som er naudsynt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement