Kommentar

Lassevis av cash

Norske pengar var ein inngangsport til elles lukka samtalar, skriv Astri Suhrke.
   

Carnegie Endowment for International Peace i Washington, D.C.
Publisert Sist oppdatert

Ein amerikansk diplomat fortalde meg ein gong om eit møte med Richard Holbrooke den gongen Holbrooke var USAs FN-ambassadør. Dette blei han som påskjøning for at han i 1995 hadde forhandla fram fredsavtalen i Bosnia-krigen.

 «Vi snakka om utvikling og rettar. Holbrooke blei fjern i blikket. Eg nemnde Noreg, sa det var eit land med fem millionar menneske og lassevis av cash. Då vakna han!»

Norske bistandsmidlar har som kjent også vore brukte til å støtte amerikanske institusjonar, ikkje berre det omstridde International Peace Institute (IPI) med koplingar til Jeffrey Epstein. Panorama nyheter, fagbladet til Norad, dokumenterte nyleg i ein artikkel at 250 millionar kroner gjekk frå bistandsbudsjettet til ulike amerikanske tankesmier, forskingsinstitutt, universitet og analyseorganisasjonar i 2010.

Sylvi Listhaug er sjokkert. MDG og bistandsfolk likeså. Analytikarar spør kva vi har fått att for dette av kunnskap og innverknad.

Blenda av makta?

Årsbeløpet som gjekk over Atlanterhavet i 2010 til eit stort tal institusjonar i USAs enorme urskog av institutt og organisasjonar, var ikkje spesielt stort i Norad-målestokk. Kring 300 millionar kroner blei til dømes løyvde same året til nærings- og handelsretta tiltak. I amerikansk målestokk var dette lite – om lag 41 millionar dollar. Ein organisasjon som mottok ein del av beløpet – Carnegie Endowment for International Peace – hadde i 2010 eit driftsbudsjett på 35 millionar dollar og eit kapitalfond på om lag 350 millionar.

Men det mangla ikkje på kritikk heime den gongen heller. Det blei kalla sløsing av bistandsmidlar med uklåre mål og resultat. Norske forskarar blei sure når Utanriksdepartementet gav prosjekta deira det same beløpet i kroner som dei amerikanske kollegaene deira fekk i dollar. Var tildelinga blenda av makta i New York og Washington? Kunne dette kaste glans over sjølv eit lite land? Kven var det eigentleg som fekk noko godt ut av denne bistanden til verdas rikaste land og pengesterke organisasjonar?

Pengar opnar dører for norske representantar og norske innspel.

Hovudgrunngjevinga for bistand har forsvunne litt i støyen frå kritikken, men den er grei nok. Pengar opnar dører for norske representantar og norske innspel. Sjølv toppdiplomatar frå eit rikt land vaknar når det blir snakka om Noregs pengebinge. Store organisasjonar tar vare på både små og store donatorar.

Samtalane

Kor mykje innverknad Noreg kjøpte for pengane, er vanskeleg å måle. Men vi som deltok heilt på sidelinja i denne aktiviteten på den tida, fekk ei kjensle av at norske pengar var blitt ei merkevare og ein inngangsport til samtalar som elles ville vore lukka.

New York, USA 20101028. F.v. IPI-direktør Terje Rød-Larsen, kronprinsesse Mette-Marit, forfatter Greg Mortenson, Christiane Amanpour fra ABC News, kronprins Haakon og UNDP-leder Helen Clark under kronprinsparets besøk ved International Peace Institute (IPI) i New York torsdag. Foto: Pontus Höök / SCANPIX .
Dåverande IPI-direktør Terje Rød-Larsen, kronprinsesse Mette-Marit, forfattar Greg Mortenson, Christiane Amanpour frå ABC News, kronprins Haakon og UNDP-leiar Helen Clark ved International Peace Institute i New York i 2010.

At Noreg støtta så mange, og at pengesekken tok runden ikkje berre i New York og Washington, men også i andre byar, og at nasjonale institutt samarbeidde med internasjonale organisasjonar, auka sjansen for innverknad monaleg.

Mange norsk-støtta organisasjonar samarbeidde også med FN, der Noreg igjen var ein synleg og aktiv aktør. Det gav dobbel verdi for pengane. Dette var tanken bak IPI, strategisk plassert over gata for FN-bygget. IPI var vertskap for ein jamn straum av workshopar og seminar der forskarar, analytikarar, lobbygrupper og diplomatar frå FN-bygget møttest. I Washington hadde Carnegie Endowment og Brookings Institution, begge mottakarar av norske pengar, eit liknande forhold til mykje av makteliten i byen.

Aktiviteten gjekk også inn i det som blir kalla ‘den internasjonale samtalen’. Norske pengedrypp bidrog til å halde også det maskineriet i gang. Utvikling, fredsbygging, demokratisering og menneskerettar var viktige tema. Samtalen bidrog til å setje ramma for kva som var rimeleg og rettferdig i verda i dag, og førte i det minste til at ein del diplomatisk og geopolitisk energi vart retta mot gode føremål.

Samtalen som forsvann

I dag er samtalen frå 2010-åra nesten forsvunnen – særleg i USA. Kven i USA snakkar i dag om fredsbygging og menneskerettar? Den progressive sida ser ut til å bruke all energien på heimlege problem og på trugsmålet frå eiga regjering både i dagleglivet og mot framtida.

FILE PHOTO: Flags flutter during the 56th annual World Economic Forum (WEF) meeting, in Davos, Switzerland, January 19, 2026. REUTERS/Denis Balibouse/File Photo
Den internasjonale samtalen er dominert av München og Davos, skriv Astri Suhrke. Her ser vi flagg utanfor Verdas økonomiske forum.

Den internasjonale samtalen er dominert av München og Davos, der ein mangfaldig internasjonal elite snakkar om nasjonal tryggleik og kapitalvekst.

At samtalen frå førre tiår forsvann, kjem i stor grad av seismiske endringar i den internasjonale ordenen i seinare tid, og igjen særleg av endringane i USA.

Difor er det viktigare enn nokon gong å støtte progressive krefter, ikkje berre i sør, men òg i USA. Dersom det nokon gong var god grunn til å gi norske bistandsmidlar til ulike amerikanske tenkesmier og analyseorganisasjonar, er tida komen. Det burde kritikarane på både høgre- og venstresida notere seg. Pengesekken er blitt stadig større sidan sist og kan lett ta runden i New York og Washington. Det blir nok att til andre gode føremål.

 Astri Suhrke har vore gjesteforskar ved Carnegie Endowment for International Peace og deltatt i samtalar i regi av IPI.