Svindel

Kampen mot Facebook

Mens Johan Golden kapitulerte i kampen mot svindelannonsar på Facebook, har ein australsk gruvemilliardær klart å sprengje ei rivne i den juridiske festninga til Mark Zuckerberg.

Andrew «Twiggy» Forrest er ein akta mann i Australia og dukka opp i dei fyrste svindelannonsane på Facebook i 2019. Då begynte kampen. I 2025 kom han på lista til Time Magazine over dei 100 menneska i verda med mest innflytelse. Her saman med Caroline Kennedy under gallaen i New York.
Publisert Sist oppdatert
Det var denne annonsen som freista far min til å investere i kryptovaluta.

For nokre år sidan viste far min ein avisartikkel han hadde skrive ut frå Facebook. Det må ha vore i 2019, dette. Utskrifta hadde bilete av Fredrik Skavlan og John Fredriksen, og tittelen: «John Fredriksens investeringer imponerer eksperter og skremmer vettet av store banker». I artikkelen gjekk det fram at reiarmilliardæren veka før hadde vore gjest på Skavlan, der han fortalde om eit smotthol til rikdom. Kven som helst kunne bli millionær i løpet av eit par månader. No ville far inn i dette smottholet, han ville investere i ein kryptovaluta med stort potensial.

– John Fredriksen har aldri vore på Skavlan, sa eg, og akkurat det visste eg godt, sidan eg den gongen jobba i redaksjonen til programmet. Føre kvar sesong blei John Fredriksen ført opp på long-shot-lista, altså lista over gjester vi svært gjerne ville ha, men som sannsynlegvis kom til å takke nei, og det gjorde John Fredriksen kvar gong. Far meinte bestemt at han sjølv hadde sett Skavlan-programmet med Fredriksen.

­­– Det har du ikkje, sa eg, det er svindel.

I denne bokseringen av global storkapital og skarpsindige advokatar var han sjanselaus.

Golden vs. Zuckerberg

Far min er ikkje aleine om å bli forsøkt svindla av annonsar på Facebook, og John Fredriksen og Fredrik Skavlan er ikkje dei einaste som har blitt misbrukte. Lista over kjendisar av ymse slag er lang, ja, over 50 namn, og nokre døme er Solveig Kloppen, Erna Solberg, Jonas Gahr Støre, Erling Braut Haaland, Petter Stordalen, Olav Thon, Stein Erik Hagen, og så er det Johan Golden, då.

Så langt kom Johan Golden i kampen mot Mark Zuckerberg – ein resignert tommel opp føre skiltet ved hovudkvarteret i Silicon Valley.

I TV-programmet «Golden vs. Zuckerberg» på NRK har vi kunna følgje den frustrerande kampen hans mot Mark Zuckerberg og selskapet hans Meta. Komikaren og radioprataren – mest kjend for å sitje til høgre i Nytt på Nytt – hadde sett seg lei på at Facebook publiserte svindelannonsar med bilete av han, og tok saka på vegner av seg sjølv og andre norske kjendisar. Og ikkje minst på vegner av alle dei som har tapt sparepengar, og i nokre tilfelle lånte pengar, ved å kjøpe verdilaus digital valuta.

Sjølv om Johan Golden hadde institusjonen NRK og den aldri kvilande advokaten Brynjar Meling i ryggen, blei det ein ujamn kamp. I denne bokseringen av global storkapital og skarpsindige advokatar var han sjanselaus. Han stanga hovudet i festninga av tagnad, det blei visuelle luftslag og jag etter vind, men like fullt godt fjernsyn om korleis teknologigigantane hevar seg over lov og ansvar og svarar på alle klager og førespurnader med generiske e-brev og samtalerobotar. Eit menneske i tale fekk han ikkje.

Filantrop og bjøllesau

Det var i dette programmet eg blei merksam på ein annan med langt større finansielle og juridiske musklar, nemleg den australske forretningsmannen Andrew Forrest frå Perth. I 2014 begynte han sin kamp mot Facebook, etter kvart Meta, og for sitt utrøyttelege drev har han fått internasjonal merksemd.

Andrew Forrest har høg status i heimlandet. Her i samtale med kong Charles III under eit besøk i Australian National Botanic Gardens i Canberra.

Andrew «Twiggy» Forrest har tent milliardformuen sin på utvinning og eksport av jernmalm frå Pilbara-regionen i Vest-Australia. Saman med ekskona Nicola er han òg ein filantrop som raust strør om seg med pengar gjennom stiftinga Minderoo Foundation. Stikkord er: menneskehandel, urfolk, grøn energi, hav og plast, forsking og utdanning, og i seinare år – humanitær støtte til Ukraina og Gaza. Dette har gjort han til ein profilert og akta mann i heimlandet, og ein tillitvekkjande bjøllesau for å leie villfarne inn i freistnad om å tene raske pengar. Sidan 2019 har bilete av Forrest dukka opp i fleire enn 230.000 falske annonsar på Meta-plattformene Facebook, Instagram og WhatsApp. Nokre av dei med KI-genererte videoar der Forrest tilsynelatande fortel ålmugen, ja, om smottholet til rikdom. Ein reknar med at australiarar har tapt til saman 1,3 milliardar norske kroner gjennom svindel på sosiale medium.

Det heile begynte langt meir uskuldig.

 ­– Kjære Mark

I 2014 blei Andrew Forrest gjort merksam på at det var oppretta fleire falske Facebook-profilar i hans namn. Sjølv hadde han enno ikkje kome seg på sosiale medium, men han kontakta no Facebook, og den gongen var det mogeleg. Dei rådde han til å opprette ein offisiell profil, noko han gjorde. Facebook fjerna så fleire av dei falske profilane. Så langt var alt godt.

Men i 2019 byrja namn og bilete av han å dukke opp i annonsar på Facebook. Annonsane gav inntrykk av at han gjekk god for tvilsame investeringsprodukt. Ei lita investering på 250 dollar blei til millionar på få månader, blei det sagt. Mange beit på. Forrest sette i gang ei privat gransking som kom fram til at annonsørane heldt til utanfor USA, mellom anna i Aust-Europa og Søraust-Asia.

Er inntekt viktigare for deg enn sparepengane til eldre menneske, herr Zuckerberg?

Andrew Forrest

I mai 2019 var Forrest i kontakt med ein seniorleiar i Meta i Australia og kravde at selskapet måtte stanse spreiinga av annonsane. Leiaren svara på e-post og tilbaud han ei direkteline for å rapportere inn, «slik at vi raskt kan fjerne desse svindelannonsane». Advokatane til Meta skreiv seinare til han at selskapet no hadde «justert varslingsmekanismane» for å luke ut villeiande annonsar.

Og då kunne saka ha enda der, men svindelannonsane heldt fram. I november 2019 skreiv han eit ope brev til Mark Zuckerberg som blei publisert i Perth-avisa The West Australian.

«Familien min og eg har blitt brukte i svindelannonsar på det sosiale medienettverket ditt», skreiv han og fortalde om korleis folk vart villeia til å investere i falsk kryptovaluta.

«Du har makt og teknologi til å forhindre at desse svindelannonsane blir publiserte på plattforma di. Er inntekt viktigare for deg enn sparepengane til eldre menneske, herr Zuckerberg?»

Mark Zuckerberg svara aldri sjølv på brevet, men Meta gav eit svar som Andrew Forrest ikkje slo seg til tols med. Han ringde advokatane og reiste i 2022 privat straffesak for ein lokal domstol i heimbyen Perth. Samstundes køyrde han eit parallelt løp i USA. Saka for domstolen i Perth blei raskt avslutta av påtalemakta på grunn av manglande prov.

Du er produktet

Når noko er gratis på nett, så er du ikkje kunden, men produktet

For oss brukarar er Facebook gratis, og her burde eg skrive «gratis». For som det er slått fast: «Når noko er gratis på nett, så er du ikkje kunden, men produktet.» Kundane til Facebook er annonsørane, og det er annonsørinntektene som finansierer drifta. I 2025 rapporterte Meta at dei tente nær 200 milliardar dollar på annonsar, noko som utgjer 97,6 prosent av inntektene. I 2024 var talet 160 milliardar. Interne dokument som Reuters skal ha sett, tyder på at om lag 10 prosent er inntekter frå annonsar knytte til svindel og forbodne varer. For 2024 utgjer dette 16 milliardar dollar. Meta hevdar at talet er lågare, men har ikkje lagt fram nokon konkrete summar.

Meta tilbyr ei verktøypakke der kunstig intelligens optimaliserer utforminga av annonsane for å gjere dei tiltalande. Annonsøren legg inn ønskt målgruppe, og så er det berre å trykkje «publiser». Meta hevdar at annonsane blir vurderte før publisering, men systemet slepper i praksis gjennom enorme mengder. Kvifor sjekkar ikkje Meta betre? Fordi det er vanvitig mange av dei, og fordi dei ikkje må gjere det.

Immunitet

Alt i 1996 vedtok Kongressen i USA ei lov som i praksis vernar mot rettsleg ansvar for innhald som blir publisert på internettplattformer. Den sentrale lovteksta er paragraf 230 i Communications Decency Act, som kan omsetjast med Lova om sømeleg kommunikasjon. Punkt C 1 slår fast: «Ingen leverandør av ei interaktiv datateneste skal handsamast som utgjevar eller talsperson for informasjon som er levert av ein annan innhaldsleverandør.»

Kort oppsummert: Ansvaret ligg hos den som skriv/postar, ikkje hos den som eig plattforma. Ei slik avgjerd er til å forstå. Med milliardar av brukarar verda over er det umogleg å vere juridisk ansvarleg for kva ein bitter, middelaldrande mann i Noreg kan finne på å leggje ut ei sein laurdagsnatt.

Men når dei digitale verktøya til Meta faktisk er med på å utarbeide annonsane, er dei ikkje då delvis ansvarlege for innhaldet? Det var dette advokatane til Forrest prosederte på i den rettslege høyringa i San Jose Court i California i 2024.

Til saman hadde Andrew Forrest fem krav. Advokatane til Meta ville i utgangspunktet avvise saka med grunngjeving i immuniteten gjeven av lova i 1996, men fekk ikkje medhald. Dommaren la fram den 14 sider lange vurderinga si i juni 2024, og eit av punkta Forrest fekk gå vidare med, var nettopp annonseverktøya. Dei kunne bidra til innhaldet i svindelannonsane. Forrest fekk vidare medhald i kravet om misappropriation, det vil seie utilbørleg kommersiell bruk av namnet hans. Meta tente meir på annonsar som inkluderte hans namn og bilete, enn dei ville gjort viss annonsane ikkje hadde gjort det. Han fekk òg halde fram med kravet om aktløyse – altså at Meta kan ha brote ei plikt til å drive annonseverksemd på eit forretningsmessig rimeleg vis. 

Ikkje vasstett

At immunitetslova ikkje lenger er vasstett, var eit gjennombrot, og i hovudkvarteret til Meta i Silicon Valley er det tatt fleire grep. I november 2025 uttalte Metas talsperson Andy Stone at dei jobba aggressivt for å luke ut svindelannonsane: «I løpet av dei siste 18 månadene har vi redusert brukarrapportar om svindelannonsar globalt med 58 prosent, og så langt i 2025 har vi fjerna meir enn 134 millionar svindelannonsar.»

Så kvar står saka i dag? Avgjersla i retten i San Jose har opna for at Andrew Forrest kan gå vidare med eit søksmål. Den fyrste fasen blei stengd 29. oktober 2025. Fram til då hadde partane henta inn fakta og utveksla prov. Meta har i fleire instansar forsøkt å stanse framdrifta med prosessuelle innvendingar, og når – eller om – saka kjem opp i domstolane, er uklart.

Og far min? Eg ringjer han.

– Kjøpte du kryptovaluta den gongen?

– Nei, eg gjorde ikkje det. Men hadde du ikkje stansa meg, ville eg gjort det.

 

Kjelder: ABC, The West Australian, Facebook, Reuters, The Guardian, Wall Street Journal, United States District Court, Northern district of California