Kronikk
Fellesskap i fastetider?
I år fell ramadan og den kristne fastetida saman i tid.
I dag er det oskeonsdag, starten på den kristne fastetida. I morgon, torsdag 19. februar, startar den muslimske fastemånaden ramadan. I 2026 fell altså muslimsk og kristen fastetid saman i tid. Vanlegvis gjer dei ikkje det, dette skjer faktisk svært sjeldan.
Merksemda rundt ramadan har vore aukande i Noreg. Dei siste par åra har Oslo kommune tent ramadan-lys ved rådhuset, ikkje utan debatt. Diskusjon er det òg om eventuelle tilpassingar i skole og arbeidsliv. Barn er ikkje pålagde å faste i islam, men mange større barn er i ein utprøvingsfase. Ein lærar vi intervjua i eit forskingsprosjekt om barn og unge i religiøse minoritetar, refererte elevsamtalar av typen «‘har du begynt’, ‘eg gjer det på fredagar og laurdagar’, og at folk snakkar om at det er liksom vanlege ting».
Skolen kan oppleve fasta som utfordrande. «Vi prøver å vere i dialog med foreldra om at det ikkje er lurt, dei kan kanskje faste etter skoletid, men at når dei er på skolen, treng dei både vatn og litt næring», fortalde ein skoleleiar ved ein annan skole. «Og så viste det seg at det var barna sjølve, det var ikkje nødvendigvis mor og far som forventa det», la ein kollega til.
Kristne fastepraksisar ser til samanlikning ut til å gå under radaren i det offentlege ordskiftet. Likevel kan enkeltpersonar oppleve undring, kanskje òg skepsis, frå ei omverd som blir opplevd som lite open for religiøse ytringar. «Om det dukkar opp ein oskekross i panna, så må du plutseleg forklare. Dei synlege handlingane eller dei synlege teikna på å vere religiøs må du ofte forklare», sa ein katolsk ungdomsleiar.
Men det er stor skilnad mellom islam og kristendom når det gjeld faste. Kan ein eigentleg samanlikne?
I den andre suraen i Koranen er det fortalt at Koranen blei openberra i månaden ramadan. Derfor er faste under ramadan ei religiøs plikt, ei av dei fem «søylene» i islamsk praksis. Frå soloppgang til solnedgang skal ein avstå frå å ete og drikke og frå seksuell aktivitet. Eldre, sjuke, gravide, ammande og menstruerande kvinner er også mellom dei som er fritekne frå fasteplikta.
Jesus «fasta i førti dagar og førti netter, og til slutt tok svolten han», fortel evangeliet etter Matteus lakonisk, før Jesus blir sett på prøve av djevelen i øydemarka. Her finn kristne ein bibelsk bakgrunn for dei førti fastedagane før påske. I ortodokse kyrkjer er det tradisjon for å avstå frå animalsk føde under fastetida, altså å gjennomføre eit vegansk kosthald. I den katolske kyrkja er abstinens (å avstå frå kjøt og ha eit redusert inntak av mat) i dag ei kyrkjeleg plikt berre på oskeonsdag og langfredag. Faste, forstått som å ete mindre enn vanleg, men òg å leve enklare ved å avstå frå gode ein vanlegvis har tilgang til, er noko dei truande blir oppmoda til gjennom heile fastetida.
Protestantiske kyrkjer har ikkje definerte reglar, men ettersom faste er rikeleg omtala i Bibelen, er ulike fastepraksisar velkjende her òg. Kristen faste handlar ofte, men ikkje nødvendigvis, om mat. Tobakk, kaffi, alkohol, TV eller sosiale medium er døme på gode somme gir avkall på.
Fasta er ein praksis med høg oppslutning mellom norske muslimar. Likevel finn rapporten «Mangfold blant norske muslimer» (2023) at berre halvparten av dei muslimske respondentane i undersøkinga til forskingsinstituttet Kifo svarar at dei alltid plar faste under ramadan. Ein femdel plar aldri å faste, nesten like mange fastar somme gonger. Også mellom kristne varierer det om og korleis faste blir praktisert, meir eller mindre omfattande, til dels med kulturelle variasjonar. «Jesus døydde på krossen på fredag. Og alle menneske i Polen veit at kvar fredag et vi ikkje kjøt», sa ei kvinne vi intervjua. Fredagsfaste på heilårsbasis er det òg mange andre som praktiserer.
Om opphav og praksis er ulike, finn vi likevel mykje som liknar, dersom vi spør om intensjonar og erfaringar. I fastetidene blir dei truande, kristne så vel som muslimar, oppmoda til sjølvdisiplin, til bøn, til moralsk betring, til å pleie forholdet til Gud og til medmenneske, og til nestekjærleik. Ein gir avkall på noko for å få plass til noko anna. Det er tid for rolegare tempo og høve til refleksjon. Fastetid er ei annleis tid og ei felles tid. I katolske kyrkjer møtest ein til krossvegandaktar. Mange muslimar opplever eit særleg fellesskap i familien eller i ein vidare krins i samband med iftar-måltidet når ein bryt fasta om kvelden.
Forkynning og undervisning i kyrkjer og moskéar endrar karakter under fastetidene. Fleire unge muslimar fortalde om ei undervisningsøkt i moskéen som hadde gjort særleg inntrykk. Medan dei sjølve fasta, hadde dei laga mat og delt ut til tiggarar på gata, og reflektert over aktiviteten saman i etterkant. Katolske barn på katekeseundervisning hadde fått ein fastekalender der dei sjølve kunne skrive inn ei god gjerning dei kunne gjere for kvar dag i fastetida. Mange konfirmantar, både protestantiske og katolske, deltek i fasteaksjonane til Kirkens Nødhjelp og Caritas til inntekt for naudhjelpsarbeid. Zakat, den religiøse avgifta i islam, og fastebøssene til dei kristne hjelpeorganisasjonane er påminningar om å redusere eige forbruk og å gi til trengjande.
Fastetidene som fell saman i tid – har dei nokon allmenn samfunnsmessig relevans? For mange er dette periodar med rom for refleksjon over djupe åndelege og eksistensielle spørsmål. Redusert forbruk kan òg setje tema som berekraft og rettferd på dagsordenen. Felles fastetider kan gi høve til samtalar om etikk, fellesskap, mangfald og dei store livsspørsmåla på tvers av religionar og livssyn og i det offentlege rommet.
Og er du lærar og lurer på korleis du skal øve på den grunnleggjande ferdigheita «å kunne rekne» i KRLE-faget, gir fastetidene ein mogleg inngang til dette òg. At dei varierer, handlar for det første om ulike kalendrar. Den islamske kalenderen har eit år på 354 dagar, bygd på krinslaupet til månen. Den kristne kalenderen er ein solkalender med 365 dagar. Dei islamske høgtidene vil derfor «flytte seg» med 10–12 dagar kvart år om ein samanliknar med solkalenderen.
I tillegg kjem at den kristne påska er ei bevegeleg høgtid. Påskedagen er den første søndagen etter første fullmåne etter vårjamdøger. Fastetida er førti dagar før påske, og sidan søndagar ikkje er fastedagar, fell oskeonsdag 46 dagar før påskedag. Ein kompliserande faktor er at kristne kalendrar også er ulike. I år kjem faste og påske i dei fleste ortodokse kyrkjer ei veke seinare enn i vestkyrkja. Grunnane til det er litt meir innfløkte, så dei kan vi gøyme til eit seinare klassetrinn.
Forskingsprosjektet FAITHED er finansiert av Forskingsrådet.