Kunnskap

Fisken forsvinn, kven si skuld er det?

SENJA 20150115.Skipper Trond Dalgård (51) og Jan Gunnar Johansen fisker etter skrei på havet ved Gryllefjord på utsiden av Senja. Begge er oppvokst på øya og har havet som nærmeste nabo og arbeidsplass. Det årlige skreifiske starter i januar og varer til april. Fisken er etterspurt over hele verden og årlig eksporteres det torsk for 12 milliarder, hvorav skreien utgjør en verdi på 7.2 milliarder. Det er fler enn fiskerne på Senja som er på jakt etter mat. Hvalen er på jakt etter sild og er et fantastisk skue i den storslåtte men ville naturen.Foto: Cornelius Poppe / NTB
Skreifiske utanfor Senja.
Publisert Sist oppdatert

Det er krise i havet. Sidan 2013 er den samla massen av fisk og skaldyr i dei norske havområda halvert. Klimaendringar og dårleg rekruttering av nye årsklassar kan vere ei viktig årsak, meiner havforskarane. Vi kan heller ikkje sjå bort frå at dette har ein samanheng med korleis vi menneske forvaltar ressursane i havet. Men no nærmar vi oss sesongen for jakt på vågekval, der regjeringa grunngjev den norske kvalfangsten med at det å skyte kval er eit bidrag til betre balanse i dei marine økosystema. 

Mindre plankton gjer at fiskeyngelen svelt i hel.

Er det verkeleg slik at dei marine pattedyra tek så store bitar av den felles fiskekaka at det er i ferd med å bli for lite att til oss menneske?

Vanskeleg å forstå

Kva innverknad summen av klimaendringar og menneskelege inngrep har på næringsveven i havet, er ikkje lett å forstå fullt ut, for å seie det forsiktig. Det er ikkje nok å studere korleis miljøet endrar seg, vi må også skjøne kvifor – det forskarar likar å kalle kausale samanhengar. Ein slik sannsynleg kausal samanheng er at varmare og surare vatn fører til mindre produksjon av plankton i havet, noko som er registrert både i Barentshavet og Norskehavet. Plankton er fundamentet for mykje av det levande livet i havet, og mindre plankton gjer at fiskeyngelen svelt i hel.

Ein annan openberr kausalitet er korleis fiskeria både utraderer viktige bestandar og samstundes haustar hardt frå toppen av næringsveven i havet. Dei store og kommersielt interessante artane blir fjerna først, frå blåkvalen og så nedover i storleik, til silda og rekene. I marin økologi er det ein kjend teori at når næringsveven i havet blir flata ut av slikt rovfiske, blir økosystema i havet stressa og meir sårbare.

Storetne kvalar

Det er her vi kjem attende til kvalane. Kvalar er pattedyr som oss, men vel 300 millionar år etter at dei første amfibia erobra landjorda, gjekk dei trøytte av sola og vinden og vassa tilbake ut i bølgjene for å bli der. I det store djupet kan dei kolossale dyra sveve fritt, nesten vektlause. Men for å kunne vekse og bli dei største dyra i jordas historie må dei ete, ofte og mykje.

Ammassalik, Grønland En finnhval puster blant drivende isfjell i Sermilikfjorden på Øst-Grønland. Ny og dyster forskning viser nemlig at selv om vi begrenser CO₂-utslippene og oppfyller målsettingene i Parisavtalen, så vil isen som dekker det meste av Grønland smelte i rekordfart. Flere og flere isfjell løsner fra de massive breene fra innlandsisen. Sakte smelter de drivende i fjordene og langs kysten. Hvert år reduseres is mengden på Grønland med ufattelige 250 milliarder tonn is, ifølge klimaforskere. Det forsvinner mer is i løpet av sommeren enn det som kommer tilbake om vinteren. kajakker padler blant smeltende isfjell i Sermilikfjorden på Øst-Grønland.Foto: Heiko Junge / NTB
Ein finnkval mellom isfjell ved Aust-Grønland. Finnkvalen er den største av dei vanlegaste kvalartane i Norskehavet.

Finnkvalen er veslebroren til blåkvalen, men med ei kroppsvekt på 70 tonn er han likevel den største av dei vanlege kvalartane i Norskehavet. I løpet av eit lyst sommardøgn i nord kan ei enkelt av desse kjempene slurpe i seg heile tre tonn kril. I ei tid med skrantande ressursar både på landjorda og i havet verkar det fornuftig å rekne litt på kva det kostar oss å halde liv i store flokkar med marine pattedyr. Og det er nett det havforskarane har gjort.

I ein stor dataanalyse frå 2022 vart talet på sel og kval samanlikna med fiskefangstar og anslag over fiskebestandar kring Island, mellom Noreg og Grønland og i Barentshavet. Målet med analysen var å rekne ut kor mykje av krepsdyra og fisken i desse områda som blir etne av marine pattedyr, og samstundes finne ut i kor stor grad pattedyra og vi menneske konkurrerer om dei same ressursane. Denne rekneøvinga er no gjord opp att, og med freistnad på å finne dei kausale samanhengane mellom mengda fisk i havet og talet på pattedyr, som sel og kval.

Uttaket av nokre få og små bardekvalar kan ikkje bøte på den store svikten som vi no ser i mange viktige fiskebestandar.

I begge studiane kjem det tydeleg fram at marine pattedyr, med kvalane i tet, legg i seg mange gonger meir enn det fiskeflåten klarer å hente på land. Modellane viser at for kvart tonn med levande kval i havet forsvinn det meir enn eitt tonn med fisk. Kausaliteten ser omtrent slik ut (litt forenkla): Kval et fisk, men ikkje motsett. På kort sikt blir resultatet at meir kval vil føre til mindre fisk, medan meir fisk kan gje litt raskare vekst av kvalbestandane. Samstundes viser studiane, heldigvis, at kval og sel i all hovudsak et andre typar fisk, på andre stader og til andre tider på året enn det fiskarane er på jakt etter. Så då er problema med den forsvunne fisken vår kanskje ikkje kvalane si skuld likevel.

Ny jaktsesong

No i februar er det tid for å setje kvotane for årets fangst av vågekval. I dag er det vel berre Noreg og Japan som driv slik kommersiell kvalfangst. Folk i Noreg vil ikkje ete kvalkjøt lenger, og mykje har blitt eksportert nettopp til Japan. Men eksporten har stoppa opp på grunn av strenge handelsreglar, og andre land vil ikkje ha noko med kvalkjøtet vårt å gjere. Dyrefôr er kanskje det beste alternativet viss kjøtet ikkje skal hamne på søppelhaugen.

Kvoten dei siste åra har vore ein stad mellom 1000 til 1400 dyr. Dei få båtane som går ut, klarer likevel sjeldan å skyte meir enn fire hundre til fem hundre dyr på ein sesong. Kva skal vi så tru om den norske fangsten av vågekval, har departementet rett i at større kvotar på vågekval kan sikre framtida til sårbare bestandar av fisk? Det er det absolutt ingen grunn til å meine, skal vi tru modellane frå havforskarane. Det er snarare kvalfangsten og grunngjevinga for denne som går på grunn i ureint fagleg farvatn.

Uttaket av nokre få og små bardekvalar kan ikkje bøte på den store svikten som vi no ser i mange viktige fiskebestandar. Skulle kvalfangst ha nokon reell innverknad på mengda fisk i havet, måtte vi hente fram fabrikkskipa og ta opp att masseslaktinga frå midten av førre hundreåret, og det kjem ikkje til å skje. I staden er det heilt andre og langt viktigare årsakssamanhengar som no bør uroe både næring, forskarar og politikarar.