JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Lærdom

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1838
20221118
1838
20221118

Ein lærer noko nytt kvar dag, vert det sagt. Noko skulle ein helst lært før, medan annan lærdom kan ein leva like godt utan.

Ein ven, Tormod, sat i sofaen her i stova då me spelte Harry Nilsson-plata Nilsson Schmilsson frå 1971 på spelaren. Som alltid når me spelar denne plata, har høyrt ferdig side A og nett snudd henne til side B, byrja tangentane å slå dei umiskjennelege tonane før Harry tek til å syngja: No, I can’t forget this evening/ Or your face as you were leaving/ But I guess that’s just the way the story goes.

Tormod sit stilt og lyttar, og snart kjem refrenget:

I can’t live, if living is without you/ I can’t live, I can’t give any more.

Så klaskar han seg oppgitt på låret, skyt begge handflate ut i ein «Ke feen?»-posisjon (Tormod er frå Jæren, der seier dei ke feen) og ser på meg med eit blikk eg tolkar som: «Og dette har du visst heile tida, utan å seia eit ord?! Er eg den einaste som ikkje veit dette?»

– Så det er ikkje Mariah Carey sin song?!

Han fekk flashback til «I Will Always Love You», som heile verda trudde var ein reinspikka Whitney Houston-song, før den same verda fann ut at det eigentleg var ein Dolly Parton-song. Mange songar er eigentleg Dolly Parton-songar, berre ein grev djupt nok.

Tormod er sjølv musikar, han sminkar seg rundt augo, tek av seg på overkroppen og spelar trommer i den jærbaserte rockegruppa Frynsete på nervene, men at «Without You» var ein song av nokon heilt andre enn Mariah Carey, hadde ikkje streifa han før han fylte førti.

Eg skulle bli 36 år før eg lærte, heilt på eiga hand, at leppebandet, det som strekkjer seg frå tannkjøtet til innsida av leppa over framtennene, også er å finna på innsida av underleppa, ned mot haka. Berre kjenn etter med tunga sjølv. Der nede er det eit syltynt band du frå no av vil vera livredd for å slita.

Ver så god!

Clementine

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis