JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Lang veg mot vest

President Volodymyr Zelenskyj har fått heltestatus i Ukraina og Vesten. Men lite tyder på at han vil verte boren inn i EU på ei bølgje av velvilje.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
President i EU-kommisjonen Ursula von der Leyen og president i Ukraina Volodymyr Zelenskyj møttest førre helg i Kyiv, der dei mellom anna diskuterte den ukrainske søknaden om EU-medlemskap.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

11140
20220617

Bakgrunn

Ukraina og EU

Ukraina søkte om EU-medlemskap etter at Russland invaderte landet 24. februar.

EU vurderer no om Ukraina skal få status som kandidatland.

EU-kommisjonen har varsla eit svar 17. juni.

EUs statsleiarar og regjeringssjefar skal diskutere søknaden på toppmøtet i Brussel 23. og 24. juni.

Ukraina

christiane@dagogtid.no

Etter EU-toppmøtet i Versailles i mars kom statsleiarane og regjeringssjefane for EUs 27 medlemsland med ei melding som skuffa Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj. EU ville ikkje gje Ukraina spesialbehandling og sende landet på eit hurtigspor inn i EU, slik presidenten hadde bede om.

Dei austeuropeiske landa Estland, Ungarn, Latvia, Litauen og Polen støtta ei hurtigbehandling, men klarte ikkje å overtale Frankrike, Tyskland, Spania og Nederland, skreiv The Guardian etter møtet.

Spørsmålet no er om medlemslanda i EU vil skuffe Ukraina igjen.

EU-kandidat

EU skal i løpet av kort tid avklare om Ukraina skal få status som kandidatland til EU og dermed ta det første viktige steget i ein prosess som kan, men på ingen måte må, føre til ukrainsk EU-medlemskap.

EU-parlamentet har alt røysta for å gje Ukraina ein slik status, men EU vil ikkje ta avgjerda før også EU-kommisjonen har vurdert om landet er kvalifisert, og før medlemslanda til slutt set to strekar under svaret.

Svaret frå EU-kommisjonen er varsla fredag 17. juni og kan dermed vere klart når denne saka står på trykk. Den endelege avgjerda er venta å kome når statsleiarar og regjeringssjefar i EU-landa samlar seg til toppmøte i Brussel den 23. og 24. juni.

Fram til no har den offentlege debatten vist at porten inn til EU ikkje treng å verte korkje vidare eller høgare for Ukraina enn for andre kandidatland, som slit med å leve opp til EUs mange krav knytte til økonomi, demokrati og rettsprinsipp.

Lista over landa som er kandidatland i dag, viser at vegen til medlemskap kan vere lang og ha eit usikkert utfall. Tyrkia vart erklært som kandidatland i 1999, Nord-Makedonia i 2005, Montenegro i 2010, Serbia i 2012 og Albania i 2014. Forhandlingane mellom EU og Tyrkia, til dømes, har stoppa opp fordi president Recep Tayyip Erdogan har styrt landet i ei retning som strir mot EUs demokratiske standardar.

Skepsis i EU

Tyskland og Frankrike har lenge ført ein retorikk eigna til å dempe optimismen i Ukraina. Både den tyske statsministeren Olaf Scholz og den franske presidenten Emmanuel Macron var tidleg ute med å avlyse sjansen for ein rask veg inn.

Macron har sagt at vegen til medlemskap for Ukraina realistisk sett vil liggje fleire tiår fram i tid på grunn av EUs eigne retningsliner. Dessutan har han teke til orde for å opprette eit nytt europeisk samfunn, eigna for søkjarland med ein lang veg framfor seg. Her inkluderer han Ukraina, saman med Moldova og Georgia, som også søkte om medlemskap etter invasjonen.

NTB rapporterte førre veke at fleire EU-land, blant dei Sverige, Danmark, Nederland og Tyskland, enno ikkje hadde gjort seg opp ei meining om Ukraina bør få status som kandidatland.

Historisk val

Kommisjonsleiar i EU Ursula von der Leyen har markert seg med ein retorikk meir eigna for å skape ukrainsk optimisme. Ho har framheva Europas moralske ansvar for å hjelpe Ukraina inn og har understreka det historiske valet EU no står overfor. Ho har oppfordra til å ta den avgjerda som om 20 år vil framstå som den rette.

Då von der Leyen førre helg vitja Kyiv for andre gong etter krigsutbrotet, rosa ho Zelenskyj for å styre eit land med eit solid parlamentarisk demokrati, med robuste institusjonar og ein velfungerande administrasjon. Kritikken ho kom med, var kortfatta, men kan ha vore like viktig for medlemslanda i EU.

– Du har gjort mykje for å styrkje rettssystemet, men det er framleis behov for reformer, til dømes for å kjempe mot korrupsjon eller for å modernisere administrasjonen, sa ho på pressekonferansen.

Felles framtid

Zelenskyj har på si side brukt store ord om kva kandidatstatusen vil ha å seie, ikkje berre for Ukraina, men for Europa. Han teiknar eit bilete av at Ukrainas framtid også er EUs framtid. Eit EU der Ukraina ikkje har nokon plass, kan ikkje vere ein sterk union, ifølgje Zelenskyj.

Leiinga i Kyiv har også drege den russiske presidenten Vladimir Putin inn i argumentasjonen sin. Å avslå ukrainsk kandidatstatus vil berre styrkje den russiske presidenten og regimet hans, sa Ruslan Stefantsjuk, som leier den ukrainske nasjonalforsamlinga, i ein tale til EU-parlamentet førre veke.

I løpet av juni skal EU-landa etter planen verte samde.

Kan ta 20 år

Når Ukraina ikkje får følgje eit hurtigspor, vil prosessen fram til medlemskap kunne ta mange år. Macron har som nemnt snakka om fleire tiår, den franske EU-ministeren Clément Beaune har overfor The Guardian førespegla Ukraina ein periode på 15 til 20 år.

På nettsidene sine skildrar EU vegen til EU-medlemskap som ein kompleks prosedyre som ikkje skjer over natta. Når eit land har fått kandidatstatus, kan landet starte å forhandle med EU om eit svært omfattande lovverk, som må kunne setjast i kraft om eller når landet kan tre inn som medlem.

Men før forhandlingane i det heile teke kan ta til, må søkjaren altså få status som kandidatland, og det er på dette tidlege stadiet i prosessen Ukraina er no.

Kva skal til for å verte tildelt ein slik status? Søkjarlandet må kunne krysse av for visse kriterium, som at det har ein fungerande marknadsøkonomi, eit stabilt demokrati og eit stabilt rettssystem. I tillegg må landet godta både eurosamarbeidet og alt EU-lovverk.

Spørsmålet er altså om EU vurderer det slik at Ukraina oppfyller desse krava. Spørsmålet kan også vere om EU-landa er villige til å vurdere det krigsherja landet med større velvilje enn dei ville gjort før den russiske invasjonen, eller – tvert om – ikkje vil setje i gang ein prosess med eit land i krig.

Korrupsjon

Krigføringa i Ukraina set korrupsjonsproblema landet har, i skuggen, men problema er velkjende for statsleiarane som skal ta stilling til Ukrainas EU-kandidatur.

Zelenskyj vart sjølv vald til president, i 2019, etter lovnad om å kjempe mot korrupsjon. Det skjedde etter han i komiserien Folkets tjener spelte ein lærar som vert president etter at ei utblåsing om korrupsjon går viralt.

Zelenskyj kom sjølv i søkjelyset i fjor, då eit internasjonalt nettverk av journalistar ved hjelp av dokumentlekkasjar avdekte at presidenten hadde hatt eigarskap i selskap som i 2012 vart plasserte i skatteparadis. Forklaringa frå presidentkontoret var at plasseringa skulle verne inntekter mot den dåverande korrupte prorussiske regjeringa.

Hybridregime

Den utbreidde korrupsjonen i Ukraina gjer at landet vert lågt rangert i indeksar som måler slikt. I demokratiindeksen for 2021, sett saman av Economist Intelligence, vert Ukraina ikkje kategorisert som eit velfungerande demokrati, men som eit «hybridregime», plassert mellom kategoriane «mangelfullt demokrati» og «autoritært regime». Her deler Ukraina lagnad med land som Armenia, Georgia og Bosnia-Hercegovina, medan land som Serbia, Albania, Moldova, Nord-Makedonia og Montenegro alle er rangerte som mangelfulle demokrati.

På den globale lista ligg Ukraina på 86. plass, med same poengsum som Mexico, ned frå 79. plass i 2020. Nedgangen vert sett i samanheng med konflikten med Russland. Ifølgje rapporten er det ikkje uvanleg at land som er utsette for militære trugsmål, avgrensar demokratiske reformer og sentraliserer makta til den øvste leiinga og Forsvaret for å tryggje befolkninga.

Economist Intelligence har registrert at militærmakta i Ukraina fekk meir å seie i 2021, og at statsstyringa vart mindre transparent. I takt med denne utviklinga er trua på at Zelenskyj kan gjennomføre reformer, redusert.

Reformtrong

Heller ikkje på korrupsjonsindeksen, sett saman av Transparency International, kjem Ukraina godt ut. På ein poengskala som går frå det mest korrupte (0) til det mest reinhårige (100), hadde Ukraina i 2020 33 poeng, det same som Egypt, Nepal og Zambia. Landet vart rangert lågare enn dei andre kandidatlanda til EU, Moldova (34 poeng), Nord-Makedonia (35 poeng), Albania (36 poeng), Serbia (38), Tyrkia (40) og Montenegro (45), og under land som India (40 poeng) og Kina (42 poeng). Noreg hadde til samanlikning ein poengsum på 84 og låg som nummer sju på lista.

Andriy Borovyk, dagleg leiar i Transparency International i Ukraina, set skepsisen som lite korrupte land som Sverige, Danmark og Nederland no har til å gje Ukraina status som kandidatland, i samanheng med den utbreidde korrupsjonen i Ukraina.

I ein kommentar 10. juni peiker han på at resultata har betra seg dei siste ti åra, sjølv om framgangen er langsam. Borovyk erkjenner at trongen for demokratiserande reformer er stor, men argumenterer for at Ukraina faktisk lever opp til kriteria EU set for kandidatland. Han håper at eit EU-kandidatur kan gje Ukraina ein historisk sjanse til å rydde opp i korrupsjonsproblema.

EU versus Russland

Det er verdt å minne om at både korrupsjon og forholdet til EU var viktige årsaker til opprøra på Maidan-plassen og Kyiv i Ukraina i 2013 og 2014.

Den dåverande presidenten Viktor Janukovitsj stod i 2013 i ein valsituasjon der han kunne inngå ein assosieringsavtale med EU eller styre mot medlemskap i ein russiskleidd økonomisk union. Janukovitsj valde å skrote EU-avtalen og heller inngå ein avtale med Russland. Då braut protestane laus blant ukrainarane som ønskte ei vestvend framtid for landet.

Opprøra førte til at Janukovitsj vart avsett og flykta til Russland, noko som igjen forårsaka at Russland tok kontroll over Krym i 2014 og krigen braut ut i Donbas aust i Ukraina same året.

Ukraina signerte seinare assosieringsavtalen med EU, som tredde i kraft i 2017. Forholdet til EU stod ikkje sentralt i den munnlege sabelraslinga før invasjonen i februar, men enkelte meiner at Putin framleis fryktar eit Ukraina i EU. Ei slik tilknyting vil vise russarane at det er mogleg å verte europeiserte.

Alternativ

Kva alternativ har EU til å gje Ukraina kandidatstatus? Det er mogleg å sjå for seg at EU gjev Ukraina status som kandidatland med bestemte føresetnader eller utviklar Macrons tankar om nye samarbeidsformer med søkjarland vidare. Det finst faktisk også ein status som «potensielt kandidatland». I dag er det berre to land som er tildelt denne statusen, nemleg Bosnia-Hercegovina og Kosovo.

Den ukrainske avisa European Pravda har i fleire artiklar skrive at fleire EU-land oppfattar statusen som potensielt kandidatland som ei god løysing for Ukraina. Avisa skildrar eit slikt alternativ som fornærmande og uakseptabelt, sett frå Kyiv.

Redaktøren i avisa, Sergiy Sydorenko, skriv i ein kommentar at status som potensiell kandidat er det same som eit tilslørt nei frå EU til Ukraina. Han meiner Ukraina ikkje kan setjast i same bås som Bosnia-Hercegovina og Kosovo.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Madame Nielsen har ei fortid som forfattaren Claus Beck Nielsen.

Foto: Pelikanen forlag

BokMeldingar

Apokalyptisk

Madame Nielsen leverer litteratur av sjeldan kvalitet.

Oddmund Hagen

Andrew Jackson var president i USA frå 1829 til 1837.

Foto via Wikimedia Commons

Ordskifte
Øyvind T. Gulliksen

Donald Trump og Andrew Jackson

Utruleg nok kan altså Trump, som no er dømd for kjeltringstrekar i stor skala, bli presidentkandidat for Det republikanske partiet.

Statsminister Jonas Gahr Støre på strategikonferansen til Arbeidarpartiet i november 2023.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Ordskifte
LarsKolbeinstveit

Svakt frå Agenda

At Ap gjer det dårleg, kan ha med heilt andre grunnar å gjere enn at folk vert meir opptekne av seg sjølve.

EssaySamfunn
Morten A. Strøksnes

iPad-bobla som brast

Samfunnet har nytta store ressursar på å digitalisere skolen. Grunnlaget var syltynt og har vore styrt av motetenking, gruppepress, framtidsangst og kommersielle interesser. No ser det ut til å snu.

Samfunn

Handlingsplanar til liten nytte?

Forskarar, tenkjetankar og byråkratar har produsert ei mengd rapportar og planar til hjelp for norske born og kvinner med minoritetsbakgrunn som er stranda i utlandet.

Ole JanLarsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis