JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LandbrukSamfunn

Skogen som står i vegen

Ikkje alle tre står i ein skog. Det inneber ikkje at dei er utan verdi.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Skog ved veg vert ved: Meir trengst ikkje for å halde hushaldet mitt varmt ein vinter, tenker eg.

Foto: Siri Helle

13325
20201224

Tre pluss tre vert skog

Noreg vert stadig meir skogkledd, men kva får vi ut av trevirket vårt?

Del 3 Overskotet

Lytt til artikkelen:

For eit par månader sidan fekk eg fylgjande tekstmelding av ein sambygding: «Ein venn av meg sa at du ville sage ved, sag so mykje du vil, det er heilt gratis og kloss i vegen.»

Avsendaren av meldinga har heilt rett: Eg likar å hogge min eigen ved. Det er kjekt arbeid som varmar godt. Og han hadde ikkje overdrive avstanden til vegen heller – snarare tvert om: Vedskogen vår denne vinteren, som skal halde oss varme neste vinter og kanskje vinteren etter det, er ein par hundre meter lang vegkant. På eine sida eit jorde, på andre sida ein kommunal veg og midt i mellom, altså, ei rekke tre av ulikt slag: bjørk, selje, hegg og hassel i små og mellomstore dimensjonar. Det kjem til å brenne, alt saman.

Grunneigaren får ikkje betalt for tømmeret. Vi får ikkje betalt for arbeidet. Men vi får ved, og han får rydda vekk skog som står i vegen.

Attgroing

Noreg 2020 har mykje slik skog. Skog som står om ikkje i for nær vegen, så på jordbruksland det ikkje er lønsamt å ha i bruk lenger, skog som krabbar seg oppover fjellsidene på grunn av temperaturstigning, skog som vart planta ein stad på ei tid tømmerprisane var annleis enn no, og som difor ikkje lenger er lønsam å ta ut. Noreg gror att, seier vi, og syner til skog og kratt på avvegar.

Det må sjå ganske sprøtt ut for forgjengarane våre. Ein gong var trevirke mangelvare mange stader, og ikkje berre på forblåste øyar: I Aurlandsdalen, til dømes, midt i frodige Sogn, måtte tømmer fraktast over fjellet frå Frønningen ved Sognefjorden. Vinterstid, med seks hestar, vert det sagt.

Med slik transportveg seier det seg sjølv at du nyttar kvar ei flis. Noreg er noko heilt anna i dag – ein stad der mange tre har gått frå å vere ressurs til å verte problem.

Det er likevel minst éi årsak til at det bør sjå temmeleg sprøtt ut for oss òg: At det er slik ti–femten år etter vi fyrst byrja å snakke om det grøne skiftet, og at trevirket måtte vere heilt i sentrum av det, er eit aldri så lite paradoks.

Kva skal til for at vi skal kunne ta heile skoglandet Noreg i bruk?

Utsiktsrydding

Lat oss byrje litt i det små: Langs vegane våre. Det finst delar av Noreg som har store, nærast endelause skogområde, men her, som i resten av landbruket, er dei fleste skogteigar små. Mange hadde ikkje eingong trunge å vere der, men er resultat av effektivisering i jordbruket: Randsoner og små bøar er ikkje lønsame å halde i hevd lenger. Altså gror dei att. Fyrst med kratt, som sidan vert til skog. Trevirke, det òg, nett som vedskogen min.

Men attgroing er ikkje berre ein uutnytta ressurs. Ho kan stå i vegen for turismen og – i verste fall – gå ut over trafikktryggleiken. Stadig fleire norske vegar har dei siste åra enda opp som grøne tunellar. Utsikt over fjord og fjell og hav og kulturlandskap er bytt ut med ein vegg – grøn i sommarhalvåret, grå vinterstida.

Kan dette virket brukast til noko? Og kan vi samstundes ta utsikta vår – og beitelandskapet – attende?

Dette var iallfall målsetjinga for dei tilsette ved det som då var Fylkesmannen i Sogn og Fjordane då dei køyrde i gang eit utsiktsryddingsprosjekt attende i 2004. Nokre år seinare, i 2016, kom ordninga inn i den nasjonale jordbruksavtalen: 20 millionar kroner årleg skulle settast av til å få fram utsikta att. Vel og bra, men kva skulle skje med trea som vart fjerna?

– Her i Sogn og Fjordane har vi heilt sidan vi oppretta tiltaket, lagt vekt på at utsiktsrydding òg kunne vere beiterydding. Vi ynskte å prioritere søknader som nytta virket til ei eller anna form for bioenergi, fortel Liv Astrid Nordheim Kusslid hjå Fylkesmannen i Vestland.

Bioenergi – det kan vere både ved og flis, det, i det minste. Og i dei tre åra tilskotsordninga var aktiv – ho forsvann ut av jordbruksavtalen i 2019 – vart det løyvt utsiktsryddingsmidlar til over 200 tiltak berre i Sogn og Fjordane. Dei førebelse tala viser at minst 75 prosent av søkarane skulle gjere seg nytte av delar av ryddevirket, og minst 60 prosent planla å halde rydda areal ved like gjennom beiting.

– Det er fyrst når vi får inn beitedyr, vi snakkar varig skjøtsel, fortel Kusslid.

– Utan dyr gror det berre att på ny, og det må ryddast på nytt minst kvart femte år. Med denne ordninga har vi fått attende beitelandskap som har vore ute av drift i fleire tiår. Vi håpar ordninga kjem attende.

Alt vi kan lage av tre

Hadde vi hatt fleire verksemder som tek mot massevirke kringom i landet, kunne endå fleire vegar fått utsikta si attende, og endå fleire kyr, sauer og geiter fått meir beiteland.

For det manglar ikkje på produkt vi kan lage av slikt virke. Dei siste åra har norsk næringsliv poppa opp med nye, trebaserte produkt i nærast alle produktkategoriar: Når alt vi kan lage av plast, kan lagast av tre, er det fordi vi kan lage plast av tre. Vi kan lage olje, betre kjent som biodiesel, og han kan vi vidareforedle. Vi kan lage kol av tre – forbrenningskol, som er bitte litt meir miljøvenleg enn fossilt kol, men den metallurgiske industrien kan òg nytte biokol som utgangspunkt for utvinning av metall vi elles måtte ned i gruvene for å finne. Borregaard fabrikker i Sarpsborg har lenge henta vanilinsmak (ein aromakomponent i vanilje) og betongtilsetjing frå lignin, karbohydrata i trestammen som tyngst lèt seg bryte ned. Om det er lite omsetnad av cellulose til papir for tida, kan vi no hente ut sukkeret av denne delen av stammen og nytte det som til dømes dyrefôr. Ikkje minst har vi i Noreg byrja å bli ganske så gode på å laminere.

Å laminere er å lime saman bitar av tre på ein måte som gjer at dei to bitane saman vert sterkare enn ein heiltrebit i same dimensjon. Det får ein til ved å legge treet i ulike retningar. Tre er jo både sterkast og mest fleksibelt i lengderetninga, og ved å legge han fleire vegar i same bjelke kan ein rett og slett få sabla sterke greier ­– sterke nok til å bygge skyskraparar som det 84,5 meter høge Mjøstårnet i Brumunddal, verdas høgaste trebygning.

Andre krav til kvalitet

Slik bruk av tre stiller òg heilt andre krav til kvalitet på trevirket enn tradisjonell byggeteknikk gjer – og desse krava er lågare, ikkje strengare. Til laminering må ein rett nok ha ein viss dimensjon og styrke på virket, men ein kan nytte lågare kvalitetar inst og betre ytst i produktet. Og til produkt der ein uansett skal bryte råvarer heilt ned, kan både greiner, røter og toppar nyttast – delar av treet som ikkje har vorte nytta i norsk skogbruk på mange tiår. Dette kan igjen gje ein heilt annan økonomi i skogsdrifta, noko som er ein ikkje uviktig del av å bygge ein ny bioøkonomi. Skal fabrikkar byggast, må dei ha råvarer å jobbe med, og då må det framleis løne seg å gå i skogen og hogge.

Eit sentralt ord i avsnittet over er elles det vesle ordet kan. For prosessane som er nemnde over, har endå ein ting til felles: Sjølv om nokre er nærare enn andre, har ingen heilt hatt sitt kommersielle gjennombrot enno. Nærast må massivtreet vere, der har ein kanskje pirka seg eit lite hol. Kor stort det holet er, kjem an på om vi legg til grunn at gjennombrotet skal vere heilnorsk.

Importtre

Då nye Bjørkelangen skole i Aurskog-Høland stod ferdig i 2018, hadde alle dei 13.500 kvadratmeterane massivtre som berande element. I tillegg er heile bygningen kledd i malmfuru – om lag 96 prosent rein alen. Høyrest det dyrt ut? Vel, pristilbodet låg nærare 30 prosent under snittprisen for liknande skuleanlegg. Prisen på store bygningar i tre byrjar å likne på prisen på store bygningar i stål, betong og glas, men enno kjem mykje av råstoffet frå andre land. Då Frogn kommune bygde Noregs største sjukeheim i massivtre i 2017, kom massivtreelementa frå Austerrike.

Årsaka er verken manglande vilje eller manglande råstoff, men i stor grad manglande infrastruktur og industri: Skal Noreg ta betre vare på råstoffa i skogen, og ha treverk med på det grøne skiftet, og sleppe å bygge dei store og revolusjonerande trebygga vi drøymer om i importert trevirke, må vi rett og slett byrje å bygge fabrikkar igjen.

Ein som har gjort det, med lokalt trevirke som byggemateriale i splitter ny fabrikk, er verksemda Splitkon. For halvtanna år sidan opna dei det som då var verdas største massivtrefabrikk på Åmot. Med ei 400 meter lang produksjonslinje kan dei handtere 60.000 kubikkmeter massivtrelement i året – noko som svarar til 150.000 grantre.

Trebyggeskredet vi ventar på

Ja, enkeltprosjekta finst, men dei har enno ikkje heilt losna noko trebyggeskred. Vi er langt unna den byggerevolusjonen treelskarar drøymer om – enno. Ifylgje tal frå bransjeorganisasjonen Treindustrien importerte vi 964.000 kubikk med trelast i 2019, det aller meste frå Sverige. Om lag halvparten var impregnert virke og såkalla høvellast, det vil seie panel, golv, hyller, listverk og anna høvla virke.

Om vi trekker frå eksporten, finn vi at ein god fjerdepart av trevirket vi brukar i Noreg, er importert. Skal vi bygge meir i tre i Noreg, kjem vi altså ikkje unna å hogge meir, både i det som vi definerer som dei produktive skogane våre, og blant alle dei andre trea som står – lauvtrea, blant anna, som vi alle gjerne vil ha i husa våre, men ikkje får tak i eller tek oss råd til å kjøpe.

For sjølvsagt handlar dette òg om pris. Om kva produkt av tre kostar – og kva pris konkurrentane landar på. Og då, då kjem vi ikkje unna å snakke om straumprisar, og om prisar på – og ikkje minst avgifter ved bruk av – fossile drivstoff.

– Det er prisar og avgifter vi snakkar om, ja. Mange verksemder planlegg for ei grøn omstilling no, seier fagansvarleg for bioøkonomiordninga til Innovasjon Noreg, Krister Moen.

Innovasjon Noreg har jobba for auka og nyskapande bruk av trevirke sidan før selskapet i det heile vart etablert som den eininga det er i dag.

– Sjølv om prisane ikkje er høge på karbonutslepp og transport enno, forventar ein at dei kjem, og legg det til grunn sjølv om det ikkje er pålagt enno, seier han.

Skal vi varme opp husa våre meir trebasert, enten direkte med ved eller indirekte via flisfyrt fjernvarme, må straumprisane opp. Skal vi satse stort på biodrivstoff frå greiner og tretoppar, må dieselen verte dyrare, og skal kraftfôr frå sukker i norske tre konkurrere ut mais og soya frå Brasil, må transporten over havet verte dyrare.

Akkurat kor mykje dyrare er vanskeleg å seie. Det kjem mellom anna an på kva som skjer med massevirkeprisane i det etterspurnaden byrjar å stige.

– Prisar i ein global marknad er jo eit spel. Vi må ha to tankar i hovudet samtidig her. Vi må både vere innovative med nye delar av treet og halde på den høge omsetnaden av det mest verdifulle: tømmerkvaliteten, seier Moen.

Det skjer noko litt fantastisk

Og så seier Moen etter kvart noko litt fantastisk:

– Det må vere dialog i verdikjeda.

Dialog. Dette ordet som har følgt oss gjennom heile denne skogserien. Eg har prata med skogeigarar, skogbrukarar, sagbrukarar, byråkratar, arkitektar og interesseorganisasjonar, og alle har dei fortalt om trongen for nokon som samlar, koordinerer, har oversikten og formidlar tilbod og etterspurnad i skognæringa. Og så fortel Krister Moen meg at det har Innovasjon Norge og fylkesmenn kringom sørgt for at finst: I nesten alle fylke eller regionar finst det éin eller fleire såkalla tredrivarar som har ansvar for å ha oversikta over skogbruksnæringa i området sitt og yte hjelp og rettleiing og endåtil kroner og øre om du eller nokon du kjenner, vil bruke lokalt trevirke til noko der du bur.

Her eg bur, i det såkalla Vestland fylke, heiter tredrivaren Dirk Kohlmann, han jobbar hos Fylkesmannen og må seie seg samd i at han, trass i at rolla hans har eksistert i minst ti år, kanskje har gått litt under radaren:

– Vi har ikkje alltid vore så flinke på nettverksbygging i skogbruket, innleier Kohlmann.

– Alt for ti–femten år sidan, då eg byrja, hadde vi treseminar for utbyggarar, private og offentlege for å fortelje at tre har verdi.

Tredrivarane informerer om bruk av tre retta mot både det offentlege og det private. Nett no jobbar dei mykje med tre i landbruksbygg. Ein får eige tilskot no, frå Innovasjon Noreg, om ein som bonde bygger fjøs i tre. Men bruk av tre i Noreg handlar om meir enn berre bygningane: Før jul hadde dei mellom anna eit seminar om korleis ein legg opp anbodsrundar slik at dei bidreg til å oppfylle klimaplanane alle kommunar har. Om dei får til det, har det mykje å seie for kor mykje av trevirket vårt vi klarar å bruke. Det same har kompetansen i byggenæringa. Kanskje er det lettare å finne ein entreprenør som kan bygge eit fjøs eller ein symjehall i stål og betong, enn ein som kan bygge han i tre frå nabokommunen.

Så langt. At vi er i gang med noko nytt, er det liten tvil om. Då Svartlamon i Trondheim bygde leilegheitsbygg i massivtre i fem etasjar i 2004, var det høgast i Noreg. No bygger vi studentbustader i tretten norskproduserte treetasjar på Blindern, utan at det står noko særleg om det i avisa eingong. Noko skjer. Vi – og skogen vår – må berre henge med.

Siri Helle

Siri Helle er agronom, journalist og forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Skal vi satse stort på biodrivstoff frå greiner og tretoppar, må ­diesel verte dyrare.

Når alt vi kan lage av plast, kan lagast av tre, er det fordi vi kan lage plast av tre.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ja til skule, nei til studentfabrikk

Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis