JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LandbrukSamfunn

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

8034
20240419
8034
20240419

Politikk

peranders@dagogtid.no

Torsdag føremiddag går ordskiftet om framtida til norsk landbruk i Stortinget. Utanfor demonstrerer hundrevis av sinte bønder, og mykje av sinnet er retta mot Senterpartiet og landbruks- og matministeren. «Pollestad og Senterpartiet, dere har sviktet oss», var tittelen på eit innlegg i Nationen onsdag, signert av 18 fylkesleiarar i Småbrukarlaget.

Det var ikkje slik dette var tenkt. Stortingsmelding 11, Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket, skulle vore ein triumf for Senterpartiet. Meldinga har vore presentert som ei gåvepakke til kjerneveljarane. Ho legg opp til at sjølvforsyninga av mat skal auke frå 40 til 50 prosent, og inntektene til norske bønder skal monaleg opp. Opptrappingsplanen er presentert som «ei historisk kursendring». Dette blir kalla det største økonomiske løftet for norske bønder sidan jamstillingsvedtaket frå 1975, da stortinget vedtok at gjennomsnittsinntekta til bøndene skulle opp på same nivå som industriarbeidarane si. Så kor gjekk dette gale?

Kokte over

Denne gongen har regjeringa sagt at inntekta til bøndene skal opp på same nivå som lærarar og sjukepleiarar, og det skal skje innan 2027. Men bøndene og støttespelarane deira – inkludert ein god del folk på Stortinget – var slett ikkje nøgde med meldinga. Regjeringa måtte køyre slalåm i næringskomiteen for å få støtte til meldinga bit for bit. Og da fleirtalet for ein del av meldinga vart sikra ved hjelp av Høgre og Venstre, vart det for mykje for mange bondevener. Fleire lokalpolitikarar har meldt seg ut av Senterpartiet i protest, og det var demonstrasjon utanfor landsstyremøtet til partiet måndag.

Det er usemje om fleire element i stortingsmeldinga, men den største striden handlar om måten inntekta til bøndene skal reknast ut på. Bønder er næringsdrivande, ikkje lønsarbeidarar, og ikkje alle bønder utnyttar inntektshøva sine i gardsdrifta til fulle. Difor nyttar meldinga ei såkalla normering når inntekta skal reknast ut – ei påplussing på 20 prosent av den reelle landbruksinntekta – før ein samanliknar med andre yrke.

Dette provoserer mange bønder. Leiar Tor Jacob Solberg i Norsk bonde- og småbrukarlag, og mange med han, kallar påslaget for «luftpengar». Og det var på dette punktet regjeringa fann saman med Høgre og Venstre i næringskomiteen sist veke. Dermed kokte det over for mange bønder.

– Folk trur vi har gått i forhandlingar med Høgre. Det er noko med kommunikasjonen som ikkje har gått så bra.

Nils T. Bjørke, Senterpartiet

Snuoperasjon

Det fanst nemleg eit anna mogleg fleirtal for regjeringa. SV, KrF, Raudt og MDG foreslo ei normering på berre 5 prosent tillegg i staden for 20 prosent, noko som ville innebere eit langt større løft for bondeinntekta. Dei fire partia ville òg at eit bondeårsverk skulle definerast som 1700 timar som i andre yrke, ikkje 1845 timar slik stortingsmeldinga la opp til. Men i staden for å omfamne desse bondevenene, fekk regjeringa støtte frå Høgre, den landbrukspolitiske arvefienden. Og det som skulle bli det store landbruksløftet, har skapt eit jordskjelv i Sp-grunnfjellet.

«Det er usigelig trist at regjeringspartiene velger å gå til sengs med Høyre», skreiv dei 18 fylkesleiarane i Småbrukarlaget onsdag, og spurde seg om dette tyder på at «Senterpartiet og Høyre framover vil stå sammen om å rasere distriktene». Landbrukspolitisk talsperson Per Olav Tyldum forsvarte seg med at støtta frå høgresida «vil sikre jordbruket forutsigbarhet over tid» i Nationen sist veke.

Men dette er ikkje over. Sinnet som har reist seg siste veka, har gjort inntrykk på partileiinga i Sp, og det er til dels uklart kva partiet meiner om si eiga stortingsmelding. På landsstyremøtet i byrjinga av denne veka varsla finansminister og partileiar Trygve Slagsvold Vedum at partiet vil kjempe for endringar i Stortinget torsdag. «Landsstyret anmoder partiets stortingsgruppe om å jobbe for å få et flertall for ytterligere forbedringer i grunnlaget for beregninger av jordbruksinntekt når meldingen skal sluttbehandles i Stortinget 18. april», heitte det i ei fråsegn frå møtet. Senterpartiet vil no prøve å få ned timetalet i bondeårsverket til 1750 timar.

Mystisk

Kva utfallet blir i Stortinget, er i skrivande stund heilt ope. Men korleis kunne Sp hamne i denne knipa, i ei sak som er så livsviktig for partiet? Ei rimeleg tolking er at regjeringspartnaren Arbeidarpartiet har hindra Pollestad og Vedum i å love for mykje pengar til bøndene. Men dette er ikkje inntrykket til Torgeir Knag Fylkesnes, nestleiar i SV, som har forhandla med Senterpartiet om stortingsmeldinga.

– På meg verkar det ikkje som meldinga var veldig omstridd i regjeringa. Eg trur at regjeringspartia har vore samkøyrde, og at dei faktisk meinte at planen var god. Men reaksjonane kan ikkje kome overraskande. Dei prinsipielle problema med meldinga var godt kjende, seier Fylkesnes.

–  Framgangsmåten til Senterpartiet her er eit stort mysterium, ikkje berre for meg. Eg har blitt kontakta av mange i Sp som ikkje skjøner kva som skjer.

Litt av sinnet mot Sp botnar i ei misforståing, meiner Nils T. Bjørke, stortingsrepresentant for Senterpartiet og tidlegare bondelagsleiar.

– Regjeringa gjekk ikkje til Høgre for å få fleirtal. Men vi sleit med å få andre parti med på forslaget vårt. Så valde Høgre og Venstre å støtte det.

– Er du overraska over dei sterke reaksjonane?

– Nei, slik dette kom ut, er det ikkje så rart. Opptrappingsplanen er noko av det beste som levert for landbruket på veldig lenge, men vi har ikkje fått det godt nok fram. Folk trur vi har gått i forhandlingar med Høgre. Det er noko med kommunikasjonen som ikkje har gått så bra. No må vi prøve å få eit fleirtal på Stortinget til beste for landbruket, seier Bjørke.

Stort sinne

Sinnet som har reist seg mot Senterpartiet no, handlar ikkje berre om handverket i Stortinget. Problema var innbakte i stortingsmelding 11 da ho kom i mars, meiner sosiolog og bygdeforskar Bjørn Egil Flø ved Nibio. På eit seminar hos småbrukarlaget i vår kalla han meldinga «eit sjølvmordsbrev frå Senterpartiet», skreiv Thomas Vermes i ABC Nyheter. Dette trass i alle erklærte ambisjonar i meldinga om eit løft for bøndene.

– Eg veit ikkje kva vurderingar Senterpartiet har gjort. Men kjerneveljarane opplever at partiet sviktar dei. Det skaper sterke reaksjonar, også på Stortinget, seier Flø til Dag og Tid.

– Det er så stort sinne i landbruket no, og det sinnet har ikkje fullt ut blitt møtt i meldinga,

– Bøndene vil ikkje produsere meir, bli større og meir effektive, for dei veit at det ikkje hjelper. Dette er ikkje berre eit norsk problem, men ei kjempeutfordring for landbruket i verda.

– For svakt

Også Per Olaf Lundteigen, stortingsrepresentant for Senterpartiet, meiner det er stortingsmeldinga meir enn taktikken som er problemet.

– Det stemmer ikkje at regjeringa gjekk til Høgre, det var Høgre og Venstre som slutta seg til regjeringa sitt framlegg. Men når Høgre kunne slutte seg til, viser det berre at forslaget frå regjeringa var altfor svakt, seier Lundteigen tysdag ettermiddag.

– Det vart brukt for lite tid, og det vart ikkje gjort ein god nok jobb med meldinga, verken fagleg eller politisk. Eg skjøner reaksjonane som har kome på grasrota, seier Lundteigen.

– Å rette opp utviklinga i landbruket er krevjande. Skal vi ruste opp jorda og få opp sjølvforsyninga, kostar det milliardar. Om regjeringa er villig til det, er uvisst. Men på grunnplanet også i Arbeidarpartiet er folk samde i at vi skal styrke matberedskapen.

Onsdag kveld tok bondedemonstrasjonen til framfor Stortinget. Der fortalde Per Olaf Lundteigen at han vil stemme for forslaget til SV om å justere bondeårsverket til 1700 timar, skreiv Nationen.

Rett før Dag og Tid gjekk i trykken, var det klart at regjeringa gjekk inn for eit bondeårsverk på 1750 timar, og at Høgre som reaksjon trekte seg frå den opphavlege semja med regjeringspartia.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis