Land utan løysing
– Eg er redd konflikten i Sudan kan verte meir komplisert og uhandterleg, og kjem til å ha store ringverknader, også på flyktningstraumar, seier Gunnar M. Sørbø.
Kampane mellom hæren og den paramilitære gruppa Rapid Support Forces i Sudan har gjort stor skade også vest i Khartoum.
Foto: Reuters / NTB
Samtalen
Gunnar M. Sørbø
sosialantropolog og tidlegare direktør ved Chr. Michelsens institutt
Aktuell
Dei harde kampane i Sudan

eva@dagogtid.no
Fleire hundre personar er drepne, diplomatar er angripne og skotne mot og tusenvis av sudanarar og utanlandske borgarar har flykta frå landet. Det er blant følgjene av dei harde kampane mellom hæren og den paramilitære gruppa Rapid Support Forces – RSF – i Sudan dei siste to vekene.
Gunnar M. Sørbø er sosialantropolog og tidlegare direktør på Chr. Michelsens institutt og kjenner Sudan godt.
– Kva handlar desse kampane eigentleg om?
– Det er ein maktkamp mellom to generalar og to militærstyrkar. Det spesielle er at det var den tidlegare presidenten, Omar al-Bashir, som lét byggje opp RSF som ein alternativ hærstyrke, fordi han ikkje stolte på hæren sin. Då det vart revolusjon i 2019, hadde landet to store hærstyrkar, ein regjeringshær og ein familiehær eller milits. For å etablere ei ny sivil regjering i ein overgangsperiode var det ein del av avtalen at RSF skulle innlemmast i hæren.
– Kor realistisk var det?
– Det var urealistisk. Det låg aldri i korta at Hemetti (Mahamed Hamdan Dagalo, som leiar RSF journ. merk.) kom til å oppløyse sin eigen hær. Han har mellom anna patruljert grensene mot Libya og gjort seg rik på EU-midlar for å stoppe flyktningar, og han er tungt inne i gullgruver og handel. Det er ikkje noko han vil gje opp. Han var viljug til å kome til semje i løpet av ein tiårsperiode, og innanfor ein tiårsperiode kan jo mykje skje.
– Er det nokon sjanse for å få på plass ei sivil overgangsregjering no?
– Det ser svært mørkt ut, men det var jo ein avtale mellom general Abdel Fattah al-Burhan, som leier hæren, og Hemetti om at dei skulle få på plass ei sivil overgangsregjering før eit val. Samstundes kom nok det av press frå andre land, og frå det interne presset som følgje av den desperate økonomiske situasjonen landet er i. Det var ei sivil regjering der etter revolusjonen, men den levde på nåde frå dei militære. Då dei militære ikkje ville overgje dei økonomiske ressursane dei kontrollerte, gjorde dei kupp i 2021, med al-Burhan i spissen. Men då slutta og all bistand frå Verdsbanken, EU og andre organisasjonar, så ein dårleg økonomisk situasjon for landet vart endå verre.
– Hæren har band til islamistane i landet og RSF er skulda for krigsbrotsverk og massakrar i Darfur. I kva grad har dei to partane støtte i befolkninga?
– Ingen av dei har støtte i befolkninga. Tidlegare i veka vart det sleppt ut fangar frå to fengsel, og fleire leiande personar frå det gamle islamistregimet er sleppte fri. Det er illevarslande for dei som ikkje ønskjer den typen regime tilbake.
– Kven av dei stridande partane har dei sterkaste korta?
– Det trur eg er hæren. No står kampane fyrst og fremst i Khartoum, og der vert det meldt at RSF-troppar har kome inn frå vest. Dei vert bomba av fly, men dei spreier seg så ut i ulike nabolag i byen. For befolkninga ser det nok difor ut som at RSF kontrollerer byen, medan hæren held seg i forlegningar, i presidentpalasset og nokre få andre stader. Når eg likevel trur hæren kan vinne, er det fordi dei har tyngre våpen pluss fly og truleg er betre organiserte. Men eg trur det kjem til å ta tid. Vinn hæren fram i Khartoum, er det derimot stor sjanse for at konflikten flyttar seg til Darfur. Det har vore kampar der òg frå starten, men nokså roleg dei siste dagane.
– Kor stor er risikoen for at konflikten spreier seg til andre land?
– Den er der absolutt. Fleire av nabolanda har jo alt brote saman: Libya, Den sentralafrikanske republikken, Jemen og Somalia. Det er òg sterke konfliktar i Etiopia og i Sør-Sudan. Sudan er jo òg eit land som ligg strategisk til, så samstundes kan det verte sterk konflikt mellom stormaktene.
– Den russiske Wagner-gruppa skal ha forsynt RSF med rakettar. Kva inneber det?
– Ja, Wagner-gruppa er til stades, men det er knytt til gullgruver, og dei er nok tyngre inne i Den sentralafrikanske republikken enn i Sudan. Men Russland forhandlar om ein marinebase ved Raudehavet, i Sudan, og nyleg uttalte jo Sergej Lavrov til FN i New York at dersom Sudan ønskte Wagner-gruppa der så måtte dei få lov til det. Eg kan derimot aldri tenkje meg at Saudi-Arabia kjem til å tolerere Russland der.
– Kva trur du kjem til å skje framover?
– Eg er redd konflikten kan verte meir komplisert og uhandterleg, og at det kjem til å ha store ringverknader, også på flyktningstraumar. Dess lenger kampane varer i Khartoum, dess større er òg risikoen for at andre land tydelegare vil markere interessene sine og ta parti for den eine eller andre parten.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.