Lagnadsvalet
Agder kan verta tunga på vektskåla for Knut Arild Hareide. Gamleredaktøren i Fædrelandsvennen vert ikkje forundra om heile Agder går til den blå sida.
Han kom til sine eigne, men ikkje alle tok så vel imot han. Knut Arild Hareide er avhengig av Agder, men der er stemninga nokså blå, skal ein tru Hans-Christian Vadseth. Her er Hareide i Vennesla for å lansera boka si tidlegare i haust.
Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix
Denne helga vert det avgjort om Kristeleg Folkeparti for fyrste gong i soga skal gå til venstre og støtta ei regjering leidd av Arbeidarpartiet. Fredag står det fyrste slaget i Agder som, sjølv om regionen framleis er delt i Aust- og Vest-Agder, held eit samla årsmøte. Laurdag held både Trøndelag, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Troms årsmøte. Hans-Christian Vadseth er tidlegare sjefredaktør i Fædrelandsvennen.
– Å vera avhengig av fleire raude delegatar frå Agder er vel ikkje ein ynskeposisjon for Knut Arild Hareide?
– KrF er på mange vis ulike parti i ulike delar av landet. Men det ein kan ha som utgangspunkt, er at KrF i Agder alltid høyrer til i den konservative leiren. Det handlar veldig mykje om Israel, bedehus og pietisme, dei gamle historiske faktorane står sterkt. Det er ikkje tilfeldig at det frå Agder gjekk sju fulle bussar med personar som ville demonstrera utanfor Stortinget mot at likekjønna skulle få gifta seg. Det er berre å slå fast at den konservative kristendomen står sterkt her nede.
– Men ikkje så sterkt som før?
– Nei, KrF er svekt her nede. Men no er det medlemane som avgjer. Eg vert særs forundra om fylkesårsmøtet skulle enda med noko anna enn å senda ein tungt blå delegasjon til landsmøtet.
– Men kan det verta heilblått?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.